Magasinett

Utskrift

I slutten av regnbogen ligg Yokoland

Skrive av Mette Karlsvik .

Yokoland

Då eg var 15, var det beste i verda å ta båten i tre timar for å gå på Kurt Johannessen sine soloutstillingar i Skostredet, Bergen. Før båten gjekk heim att, rakk eg ein time på eit skakt tregolv i eit skakt trehus, med øyret mot ein skakk fotball. Frå tjue fotballar i gallerirommet, kom det låge, leikande barnelydar. Velkomen til soundtracket frå tiåret som begynte med 1995.

Romanen Naiv.Super kom i 1996, og var nybrotsarbeid. Sjølv var eg heldig og hadde ein nyryddar av ein norsklærar. Arne sette Naiv.Super som ei av dei åtte pensumbøkene for eksamen International Baccaleurate ved Red Cross Nordic United World College.

Eg hadde sjølvsagt norsk som eitt av tre hovudfag. Kunst var eit anna fag ein kunne velje å fordjupe seg i på dette gymnaset. Det tok eg også. Og medan eg las Naiv.Super og studerte forteljargrepa til Erlend Loe i norsk, såg eg på Kurt Johannessen sine verk i kunst.

Eg tok båten frå Sunnfjord til Bergen bare for å gå på utstillingar som han hadde i kvite rom, med kvite ting. Kvite, kvadratiske bøker og reine, men slappe fotballar som det kom barnelydar frå. Eg reiste med ho som var den beste venninna mi på den tida, Marte Eknæs.

Saman blei vi ekspertar på den norske naivismen, og søkte på det grunnlaget om plass ved Glasgow School of Art. Der lærte vi britisk indieestetikk, medan den norske naivismen levde vidare der heime.

Eg gjekk glipp av fire år, først, og så eitt par år etterpå fordi eg hadde blitt sjuk av Glasgow og måtte halde senga. Under kvite laken, i bleike rom hugsa eg då bare Johannessen og nittitalets søken etter det enkle, genuine, spontane, intuitive. Eg trudde at det som gjaldt framleis var kvitt som Kurt Johannessen sine verk. At det framleis var det enkle, flate, kvadratiske og zen som ”Øvingar”, ”Oppdagingar”, ”Samanhengar” eller ”Andre Øvingar” som var vegen å gå.

Fargerike Yokoland

Eg hadde ikkje fått med meg at den vesle kolonien Yokoland hadde heist flagget sitt. Den austlege grensa mot Grønland, og den vestlege mot Grünerløkka: Ved Lufthavna Mir i Oslo, hadde Yokoland flytta inn. Også dei multikunstnarar. Også dei illustratørar, musikarar, tekstforfattarar, installasjonskunstnarar. Men der kor Kurt var kvit, eller Kim Hiorthøy blyantstrek-grå, var Yokoland grøn som ein skog i Austerrike, stålgrå som eit alpefjell, og med blomar større og meir fargerike enn dei du finn i Mummidalen.

Men dette gjekk eg altså glipp av. Denne veka har eg oppdatert meg på dei åra eg mista. Eg fekk boka ”Yokoland” i posten. Boka er skipa til meg frå Tyskland fordi ho blei gitt ut på Die Gestalten Verlag i 2006, er eitt par hundre sider lang og har breidd og høgd om lag som A4.

Boka er sjølvsagt ikkje heilt A4. Det held Yokogutta seg for gode til. Sjangermessig er ho vanskeleg å plassere i norske termar. Det nærmaste eg kjem eit norsk omgrep, er ”sjølvpromoteringsbok”. Formgivingsorganisasjonen Grafill har i alle fall ein slik kategori når dei deler ut prisar for dei vakraste bøkene kvart år. ”Yokoland, As we go up, we go down” vann gull i den kategorien i 2007.

Boka fortel på mange måtar, og med mange verkemiddel, historia om det som blei designbyrået Yokoland. Gjennom ”words”, ”images” og ”Metronomicon Audio”; i tekstar, faksimile av bilde, plakatar, CD-omslag, flygeblad og bilde frå utstillingar, konsertar, osb., gir boka eit bilde av Yokoland si utvikling frå å vere eit byrå med frie kunstnarar og musikarar, frå å vere utruleg fattige, men kreative, til etter kvart å karre seg opp og bli eit namn i design-Norge.

Slik blir boka også eit bilde av Oslo anno årtusenskiftet. Yokoland er ein av fleire ”kunstkoloniar” i hovudstaden på den tida. Men tilhøva er likevel ikkje større enn at denne boka peikar ut til andre delar av musikk – og kunstmiljøet i Oslo på den tida. Det gjer boka til meir enn ei sjølvpromoteringsbok.

"Snapshots" av ein periode

I Glasgow plukka eg opp ordet ”Monografi”. Der brukte ein omgrepet på ein annan måte enn den som står i ordboka. I ordboka er ”Monografi” eit anna ord for ”enkeltverk”. Men i kunstmiljøet var det brukt om kunstbøker: Bøker som var som kunstobjekt å rekne fordi dei var komplette einingar. Men som namnet tilseier, så var kunstbøkene også som ein slags ”snapshots” av ei tid og ein plass.

Eg opplever boka som ei samling "snapshots" frå perioden. Det er vanskeleg for meg å skilje ut eit narrativ. Men ein samanheng mellom punkta, det finst. Som i gode diktsamlingar, er det vanskeleg å setje ord på.

Perioden som er skildra er den postmoderne, som plar å bli kalla ”fragmentert”. Plassen som er skildra er Oslo. Tida? Tja, med eit par unnatak, er materialet frå 2001 til 2006.

Det begynner på mange måtar med den første logoen til plateselskapet deira, Metronomicon. Det er frå 2001, og er logoen til ”Metronomicon” perla i plast. Her er nokre viktige nøkkelord: ”leike” og ”plast”. Og ”Metronomicon”. Dette er ein tredjedel som handlar om musikk.

”Tekst”-biten er i form av e-postar mellom medlem i formgivingsbyrået, Fredrik og Aslak, på engelsk. Bilda er eit overflødigheitshorn av alle formar, typar, fargar, her er bilde av Yokoland sitt kontor anno 2003, frå ein konsert med Now we’ve got Members i 2004.

- Boka er ein skog

Førsteinntrykket frå boka, er eit av klåre, sterke fargar, og store, mjuke formar. Naiviteten som eg før nemnde, er å spore i form, farge og font. Fonten er handskrift. Fargane sterke, reine, og formene som klipte ut med ei grov saks frå store fargeark.

Det er bilde frå installasjonar. Installasjonane er illudert, knallfarga granskog. Det er bilde frå ein verkeleg skog, kor nokon (Yoko Ein, Yoko Ono og Yoko Tre) har sett blomeskulpturar mellom trea.

Norsklæraren som eg hadde før eg fekk den fabelaktige Arne, ville kanskje ha skildra Yokoboka på denne måten: ”Kvar side i boka er ein blome. Boka er ein skog.”

Det er tettskrivne sider: Epostar med tekst i fonten Times, eller handteikna flygeblad og plakatar med handskrift som går skrått over sida, som når ein barneskuleelev skriv lange setningar over tavla, og skrifta blir mindre og mindre, og går oppover og oppover.

Ikkje ulikt det arbeidet som illustratør og kunstnar Kim Hiorthøy har gjort med bildebøkene til Erlend Loe, altså. Og med det sluttar ein sirkel i denne artikkelen. Ein stor og mjuk runding med svarte felt. Ein litt sliten, men rein fotball, som ligg på eit golv på Galleri Kim i Bergen. Og ved sida av, også vi på golvet, ligg Marte og meg på kvar vår side og lyttar til leikelydane frå ungar i mikrofonen i fotballen.

Bergen på nittitalet var for meg kvitt. Oslo frå 2001-2006 veit eg ikkje kva farge har. Men kolonien Yokoland var ein periode kor regnbogen alltid sto over byen.