Magasinett

Utskrift

Til Polen med Kapittel-stipend

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Ravatn og Smith

I april reiser dei unge norske forfattarane Agnes Ravatn og Nils Henrik Smith til eit slott i Krakow. Her skal dei vere i tre månader.

Ravatn og Smith er plukka ut til å få eit stipendopphald i Polen av Kapittel, Stavanger sin internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom.

Ravatn er forfattar og journalist frå Ølen i Vindafjord. Ho har skrive fleire bøker; debuten var med romanen Veke 53 i 2007, i 2008 kom Ikke til hjemlån, den mykje omtala essaysamlinga Stillstand kom i 2009 og i år gir ho ut Folkelesnad. 28-åringen fekk Natt & Dag sin Bergenspris for beste bok i 2007 og Alfred Andersson-Rysst fond året etter.

30-åringen Nils Henrik Smith gav ut si første bok i 2007, Manhattan Skyline. Året etter følgde han opp med den kritikarroste romanen Austerrike. Smith er frå Bryne. Han har mellom anna fått målprisen 2009 frå Rogaland Mållag, og har bakgrunnen sin frå Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han har også studert engelsk og litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Til hausten reiser to nye norske forfattarar til slottet i Krakow. Då er det Tina Åmodt og Henning Bergsvåg som får eit betalt opphald i herskapelege omgjevnader. Åmodt gav ut Anleggsprosa i fjor og er frå Askøy utanfor Bergen. Bergsvåg har gitt ut ei rekkje diktsamlingar; Newfoundland i 2000, Nattarbeid i 2003, Nemesis i 2007 og Over elven Tweed i fjor.

Bakgrunnen for stipendopphaldet i Krakow er det toårige litteraturprosjektet Dagny, som starta i 2010. Litteraturprosjektet tar utgangspunkt i den norske forfattaren Dagny Juel-Przybyszewska (født i 1867) sitt korte liv.

Fjorårets Dagny-forfattarar frå Norge var Tor Eystein Øveraas, Lisa C.B. Lie, Knut Olav Homlung og Eivind Evjemo.

Kapittel er Dagny-prosjektet sin norske arena. Festivalen blir i år arrangert 21. - 25. september. Dagny-prosjektet står også bak ei rekkje forfattarkveldar og litteraturfestivalar i Krakow, Berlin, Leipzig og Lviv, som var dei byane og landa Dagny Juel-Przybyszewska levde og jobba i.

I oktober blir alle forfattarar som har vore med i Dagny-prosjektet invitert tilbake til Krakow til ein ny litteraturfestival.