Magasinett

Utskrift

Helga Flatland fekk Ungdommens kritikerpris

Skrive av Redaksjonen .

Helga Flatland

Forfattar Helga Flatland fekk i dag Ungdomens kritikerpris for boka Bli hvis du kan, reis hvis du må (Aschehoug). Boka er skrive dels på bokmål, dels på nynorsk.

Prisen blei delt ut på Litteraturhuset i Oslo. Helga Flatland er busett i Oslo. Ho har bachelorgrad i Nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo og har i tillegg treårig utdanning på tekstforfatterlinja på Westerdals School of Communication.

Ungdommens kritikerpris er ein pris for skjønnlitterær samtidslitteratur. Juryen for prisen er ungdommar frå heile landet som er valde ut på bakgrunn av søknader frå klassen eller læraren sin.

Prisen vart innført etter initiativ frå Foreningen !Les i 2005, og Utdanningsforbundet, Norsk kritikerlag, Kunst- og kultur i opplæringen og Den norske Forleggerforening står saman med Foreningen !Les bak prisen.

Ungdommens kritikerpris blir delt ut første torsdag i mars, same dag som Kritikerprisen blir delt ut.

Dei nominerte til Ungdommens kritikerpris 2010 var:
Mikkel Bugge: Gå under jorda. Oktober
Helga Flatland: Bli hvis du kan, reis hvis du må. Aschehoug
Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned. Tiden
Jan Roar Leikvoll: Fiolinane. Samlaget
Thomas Lundbo: Synkere og svevere. Cappelen Damm
Nina Lykke: Orgien og andre fortellinger. Oktober
Tove Nilsen: Nede i himmelen. Oktober
Karine Nyborg: Ikke rart det kommer kråker. Aschehoug