Magasinett

Utskrift

Har fått nye idear

Skrive av Elin Moen Karlsen .

To jenter

Tina Berg Randen (16) og Brit Holø (16) frå ungdomsrådet i Skjåk kommune er metta på inntrykk etter å ha vore med på valkonferansen Snakk med oss – då gidde me kanskje stemma i Oslo.

- Det har vore veldig lærerikt og vi har fått mykje informasjon. Det har vore mange meiningar og mykje kunnskap, seier Tina Berg Randen.

- Eg har fått mange inntrykk og idear som eg kan bruke i det vidare arbeidet i ungdomsrådet, seier Brit Holø, som er leiar av Skjåk Ungdomsråd.

Under den to dagar lange konferansen på Bondeheimen i Oslo har dei mellom anna fått høyre klovn og politikar Per Inge Torkelsen, Merima Maja Brkic, som er rådgjevar for Storbritannia sin statsminister David Cameron, Trond-Viggo Torgersen, Vetle Wang Solheim, som er leiar for Nasjonalt Ungdomspanel, Liv Signe Navarsete og stortingspolitikar Geir Pollestad.

Mot til å meina er ei gruppe som jobbar for å auke valdeltakinga blant ungdommar. Dette er den andre store konferansen gruppa arrangerer.

Når dei kjem heim til Skjåk skal Berg Randen og Holø fortelje politikarane om konferansen.

- Vi skal lage ein presentasjon for kommunestyret, fortel Berg Randen.

Dei kjem til å leggje vekt på det statsvitar Svein Tore Marthinsen fortalde om at kommunane må bruke nettet som ein informasjonskanal for å nå dei unge.

- Facebook er viktig for å nå oss ungdommar, slår Holø fast. Ho kjem frå ein kommune som er aktiv på nettopp dette sosiale mediet.

Dei er begge takksame for at Skjåk kommune sendte dei på konferanse.

- Det viser at kommunen vil at vi skal engasjere oss, seier ungdomsråd-leiaren.

- Det var første gong eg var med på noko slikt og eg anbefaler andre ungdommar å også prøve det, seier Berg Randen.

- Vi blei meir motiverte for jobben i ungdomsrådet, legg Holø til til slutt.