Magasinett

Utskrift

Guro Stordrange frå Telemark vann 5000 kroner

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Jente

Vi har nå kåra tre vinnarar av skrivekonkurransen Tilbake til 2020. Guro Stordrange Frå Dalen i Telemark vann 5000 kroner, medan Julie Arnfred Bojesen frå Sauda i Rogaland vann 3000 kroner og Amalie Isaksen frå Alta i Finnmark 2000 kroner.

Det kom inn 34 bidrag i skrivekonkurransen som Framtida, Magasinett, Mot til å meina og Lølandstiftinga arrangerte saman.

Slik begynner Guro Stordrange vinnarbidraget sitt ”Kva framtid vil du ha”:

”Ja, så sit eg her på perrongen i Høydalsmo. Eg ventar på neste høgfartstog som skal ta meg til arbeidsplassen min i Skien. Den nyutbygde høgfartsbanen har gjeve mange moglegheiter. Eg kan bruke kollektivbussen som går på hydrogen frå heimplassen min Dalen til Høydalsmo. Frå Høydalsmo via Seljord og Bø gjeng høgfartstoget til Skien. Togturen tek berre 18 minutt, og eg kan pendle frå Dalen til Skien dagleg. Høgfartsbanen har ført mange unge tilbake til bygda. Det har blitt attraktivt å bu i utkanten, sidan ein er nærmare tenestar som sjukehus, frisør, tannlege og shoppingsenter enn ein nokon gong har vore tidlegare.”

Grunnen til at vi fire i juryen likte hennar bidrag så godt var optimismen som gjennomsyra heile teksten. Det hadde skjedd ei utvikling på og rundt heimplassen hennar, ei utvikling til det betre for både ho og regionen. I tillegg så er teksten godt skriven. Han blir driven framover av det skildrande og lette språket.

Telemarksjenta var ikkje åleine om å leggje inn gode tekstar i skrivekonkurransen. Slik begynner ”Enkelt spørsmål”, som er bidraget frå saudaujenta Julie Arnfred Bojesen.

”Eg vil ha ei heidundrande studenttid, greie eksamenar med glans utan å ha lese meir enn innhaldsregisteret i bøkene, få bra jobb med god løn, stifte familie med ei blanding av McGyver og George Clooney, bu i flott hus med sauna og boblebad, ha Alfa Romeo i garasjen, hytte på Saint Kitts and Nevis og i Kragerø, tre ungar som kan prate før dei er eitt år, lese før dei er fire og lage trerettersmiddag før dei er seks og i tillegg greie oppvasken.”

Bojesen sitt bidrag er det mest humoristiske av dei tre vinnarbidraga. Teksten er lettlesen, og dei skarpe kontrastane blir skildra på ein besnærande måte.

Frå Alta kjem bidraget som blir belønna med 2000 kroner. Her eit utdrag frå teksten "Kome heim" til Amalie Isaksen:

”Vi mimrar over dei orda, før vi diskuterer ombygginga av Nordlysbadet som har vært oppe i fjorten år nå. Dei skal utvide storsentret igjen, og enda eit hotell skal dei byggje nær bukta. Eg trudde aldri Alta skulane skulle bli fulle, så mange som dei er, men det er det ein las i avisa på torsdag. Politikarane… Kvifor satsar dei pengar på bedrifter når det er skuler og barnehagar vi trenger nå med denne gigantiske innflyttinga? Nei, vent, eg vil ikkje kalle det ein innflytting… det er heller ein tilbakeflytting. Kjentfolk kommer tilbake.”

Igjen ein optimistisk tekst om framtida. Isaksen har forma teksten elegant rundt ein samtale mellom seg sjølv og ei venninne.

Dei tre vinnarane blei kåra av ein jury under Mot til å meina-konferansen Snakk med oss – då gidde me kanskje stemma i Oslo 10. og 11. mars. Her kan du lese dei andre innsendte bidraga.