Magasinett

Utskrift

Blind, unik og normal

Skrive av Marianne Magnussen .

Blind jente

Det går an å leve eit ganske normalt liv som blind. Solveig-Marie Oma (18) går på vanleg skule. Ho bruker aktivt pc og mobil. Ho er flink i musikk, og vil studere vidare. Og ho ventar på den store kjærleiken.

- Får eg lov til å slå på lyset?

- Ja, sjølvsagt! Det er bra du spør. Nokre er så høflege at dei ikkje våger. Viss eg gløymer det, må dei sitje i mørkret.

Det er Solveig-Marie Oma frå Trondheim som svarar. Magasinett er heime hjå ein ungdom som er heilt blind, utan andre handikap. Det er ikkje mange unge som har det slik. Av jenter på atten år, er det berre to.

Musikk og kunst

- Kva utdanning tek du?

- Eg går på musikklina og spelar orgel og saksofon. Eg satsar på fem år med vidare utdanning. Det er organist eg vil bli.

I hylla står permar med notar. Kvit tynn papp med mange små prikkar som står ut av arka. Fingertuppane les ved å gli over prikkane.

- Alt må puggast. Difor tek det lengre tid å øve.

Jenta spelar frå stykket ho har i lekse. Ein ”toccata” av Egil Hovland. Det går veldig raskt, og har høgt nivå. Ho er ivrig og fokusert.

- Kva driv du med utanom skulen?

- Det blir mykje lesing. Mest med lydbøker. Men eg er kreativ sjølv også. Mellom anna lagar eg smykke og dikt. Dessutan er eg ofte på Internett.

BlindetastaturAttenåringen viser korleis ho bruker pc. Teksten på skjermen vert til blindeskrift på eit brett. I tillegg kan pc’en lese høgt.

Mindre fridom, mykje humor

- Kva er det verste med å vere blind?

- At eg ikkje er fri til å gå dit eg vil. Eller utforske nye stader.

Solveig-Marie slår fast at ho ikkje kan snakke på vegner av alle blinde. Folk som ikkje kan sjå, opplever dette på ulikt vis.

- Sosialt sett, kva er mest vrient for deg?

- Eg kan ikkje lese kroppsspråk. Difor merker eg ikkje alt like fort som andre. Til dømes når nokon keiar seg.

Ho legg til at mange forstår kva dei ikkje kan vente av ein blind. Somme vaksne er til og med for hjelpsame. Nokre snakkar til ho som om ho var ei lita jente.

- Det går heldigvis over når dei blir kjent med meg.

Trønderen røper at ho har mykje humor. Mange vågar ikkje fortelje ho vitsar om blinde. Men sjølv samlar ho på slike. Smilande gjev ho eit døme:

- Korleis veit ein blind fallskjerm-hoppar at han nærmar seg bakken? Når bandet til førarhunden vert slakt...

- Kva er din største draum?

- Faktisk ikkje å få synet, viss det var mogleg. Det finst så gode hjelpemiddel at eg kan leve nokså normalt som blind. Så eg vil heller møte den store kjærleiken.

Magasinett får lov å trykke diktet Fridom. Det er henta frå boka ”Jammer og Kanari” av Karen Marie Oma:

 

Fridom

 

Eg ynskjer meg berre

fridom 

 

Eg vil

springe

hoppe

klatre

danse

vere vill og galen

vere meg 

 

Det kan eg jo

men ikkje

åleine 

 

Eg vil springe

til verdas ende

og tilbake

utan

følgje 

 

Solveig-Marie, 16 år

ugle