Magasinett

Utskrift

Island #9

Skrive av Mette Karlsvik .

Mann

Jasså, så du trudde at islandsvennen Mette Karlsvik har gitt opp Islandspropagandaserien sin? Då hadde du heilt rett. Men så vann den islandske forfattaren Gyrdir Eliasson Nordisk Råds Litteraturpris, og Karlsvik måtte løfte røret og ringe sine islandske forfattarvenner. Igjen.

Tysdag blei det klart at den islandske forfattaren Gyrdir Eliasson vann Nordisk Råds Litteraturpris for 2011. Hans bok Bland träden blei altså vurdert til den beste boka i Norden frå 2010. For å gratulere Gyrdir, har vi spurt islandske venner og kollegaer av han nokre spørsmål. Blant disse er tidlegare nordisk rådsvinnar Sjón, og Hallgrimur Helgasson som har vore nominert for romanane 101 Reykjavik og Rokkland.

Spørsmåla:

1. Kor står Gyrðir i islandsk litteratur?

2. Kvifor kjem det så mykje god litteratur frå Island?

3. Det heiter seg på folkemunne at "prisen går til Island". Kva tenkjer du om dette?

4. Sjón, Hallgrimur, de har vunne eller vore nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris sjølve. Kan de seie noko om kva prisen eller nominasjonen har betydd for dykk som forfattarar?

Svara:

Sjón (f. 1962) heiter eigentleg Sigurjón Birgir Sigurðsson, og debuterte skjønnlitterært i 1978 med diktsamlinga Synir (med apostrof over Y'en). Sidan då har han gitt ut fleire titals romanar, diktsamlinger, barnebøker, og vann Nordisk Råds Litteraturpris i 2005 for romanen Skuggabaldur. Han er for tida aktuell som ein av kjeldene for sakprosaboka Post Oske/ Dagar og netter i Reykjavik. Her er Sjóns svar:

1.  Gyrðir Elíasson er ein av dei beste poetane og prosaistane som har vist seg på den islandske, litterære scena dei siste, par tiåra. Dette er utan tvil. Heilt sidan starten av karrieren sin har Gyrðir fulgt eit kall. Han har skrive litterære arbeid av høg kvalitet. I form og stil hentar han påverknad frå verdslitteraturen. Tema hans er henta frå hans lokale kulturarv, frå folkeeventyr og -kunnskap, og korleis desse tinga går inn i det vakne livet, og i drømmar.

2. Det å skrive litteratur er den einaste kulturaktiviteten som har overlevd som ein ubroten tråd frå Snorri Sturlassons dagar og til det samtidige Island. Eg vil tru at det å skrive dikt og forteljingar på islandsk i 800 år har gjort oss ganske gode til det.

3. Nordisk Råds Litteratupris' historie viser at juryen ikkje kvoterer i følgje land eller politikk. For meg er det opplagt at Gyrðir Elíasson vann prisen heilt og fullt på grunnlag av litterære merittar og kvaliteten på samlinga av forteljingar.

4. Å få Nordisk Råds Litteraturpris er ei stor ære, og medfører at forfattaren blir respektert både heime og i utlandet. Prisen har blitt godt kjent i verda av internasjonal forleggeri. Det åpnar dører til litteraturfestivalar og forlagshus. Samtidig auker prisen fallhøgda for oss som får han. Vi må leve opp til æra, og forsøke å halde fram med å skrive bøker på nivå med dei andre på lista av prisvinnarar.

MannHallgrimur Helgason (f. 1959) vaks opp i 108 Reykjavik, men flytta tidleg ut for å gå skular i Paris, Berlin, USA. No er han attende i Reykjavik. Han jobbar i 108 Reykjavik, og bur i 105. 101 Reykjavik skreiv han så tidleg som i 1999.

1. Gyrðir er ei bålvakt. Stille, audmjuk og lojal til ein einaste ting: litteraturen. Han har halde elden brennande gjennom gode så vel som dårlege tider. Det å halde brannen gåande i gode timar er viktig det også.

2. Island har så mykje god litteratur fordi vi er eit fønki land med ein lang og mektig tradisjon. Tradisjonen blir haldt i gang av den heile tida foranderlege, nokre gongar idiotiske, nokre gongar geniale, men alltid inspirerande karakteren av det islandske folket.

3. Eg trur ikkje av juryen sjølv tenkjer på land. Vi liker å tenkje at litteratur er utan grenser.

Haukur S. Hilmarsson (f. 1981) er redaktøren i den leiande kulturavisa The Reykjavik Grapevine, og frontfiguren i rockebandet Reykjavik!

1. Gyrðir er sin eigen mann og er særeigen i forhold til islandsk litterær tradisjon. Så langt som eg eit har han aldri vore ein del av ein klikk eller ei gruppe. Stilen hans er ulik dei aller fleste andre forfattarar. Han verkar heilt nøgd med å vere i hjørnet, skrivande sine små stykke av prosa. Han verkar eineståande, tilbaketrekt og skriv sjeldan om "den virkelege verda".

2. Eg overlèt det til andre å kalle islandsk litteratur bra. Sjølv likar eg mykje av det. Eg tippar at det har å gjere med keisemd, med lange vintrar og korte somrar. Men yeah, du veit.

3. Eg veit ikkje korleis rådet tenkjer, men vil tru at målet deira er å kredittere gode forfattarar og god litteratur.

Andri Snær Magnason (f. 1971) debuterte skjønnlitterært som nittenåring med ei diktsamling. Sidan då har han gitt ut eit titals romanar, diktsamlingar, eit langessay og barnebøker. Han har vore generalsekretær for den islandske forfattarforeininga.

1. Gyrðir er stille og mystisk, nesten i eit skal, på eit vis. Han er ukjent utanfor litteraturmiljøet, har aldri vore ein Se og Hør-type, men er lågmælt, sjølv gjennom tida av krise. Han sel lite, men er likevel ein av dei viktigaste forfattarane av generasjonen sin. På den måten står han fint i lag med Einar Már og Sjón (som også vann Nordisk Råds Litteraturpris, journ. anm). Arbeidet hans har fine anslag av fantasi, forklore, men ikkje på ein påtrengande eller eksplisitt måte. Han har importert forfattarar som Brautigan til Island, og førre veka, då han var femti, gav han ut eit stort verk med omsett litteratur - ein antologi med arbeid frå heile verda. Han er eit typisk døme på korleis ein låg stemme kan vere så sterk og pågåande. "Poesien finn alltid ein måte inn".

2. Det der er propaganda.

3. Det er det året då Island skal til bokmessa i Frankfurt. Krise. Vi treng noko utanlandsk valuta. Vi treng nokre gode nyhende. Eg tykker det er eit godt val, det å gi prisen til Gyrðir. Han er ikkje bare ein som får suksess fordi han er på rett stad til rett tid. Han har vore stødig og stabil, har vore ein viktig islandsk i tretti år. Og han er altså bare femti.