Magasinett

Utskrift

Alvorsprat om spøk

Skrive av Marianne Magnussen .

Gutar

Tørr humor er ein viktig del av livet for trønderane Magnus Husøy (27) og Andreas Husøy (20). Dei ser på ordspel som ei intellektuell tevling, der det er om og gjere å stadig overgå motparten. Søskenbarna har klare formeiningar om korleis kvaliteten av denne forma for vitsekunst skal vurderast, og har gjeve Magasinett eit retteleg seriøst intervju om saka.

– Kva kallar du ein sunnmøring som ikkje likar eple, spør Andreas Husøy.

– Eplenektar, tippar Andreas Husøy, før han held fram:

– Kva kallar du ein fiskar som har satt fiskekroken fast i øyret?

– Slukøret? Eller kanskje sluk-ørret, kjem det frå andre sida av bordet.

Magnus har besøk av søskenbarnet Andreas frå Klæbu, og dei sit heime i stova hans i Trondheim og et middag og produserer ordspel på laupande band. Magasinett får lov å ta eit bilete. Sidan saka handlar om tørr humor, vil dei gjerne ha med hårtørkaren.

 

Tørrprat

– Kva kjenneteiknar tørre vitsar?

– Ein må vere flink til å assosiere og kjenne til ulike synonym, meiner Magnus, som jobbar som lærar på vidaregåande skule.

– Tørr humor vert ofte kalla intellektuell humor. Ein må kunne trekke liner mellom ulike tema, ha brei kunnskap og godt ordforråd, seier miljøarbeidaren Andreas.

Kan kven som helst ha ein slik type humor?

– Gena kan legge til rette for at ein forstår kompliserte vitsar, men ein blir sjølvsagt påverka av miljøet, og ikkje minst humoren som er i den næraste slekta, hevdar den yngste representanten frå familien Husøy.

– Alle kan bli ordspelarar, men ikkje gode ordspelarar, forklarar det eldre søskenbarnet, og held fram:

– Det er som volleyball, berre dei flinkaste klarer å spele lenge.

Magnus meiner dessutan at tørr humor appellerer mest til menn:

– Damene innbiller seg at dei er for intelligente til å leike med ord, men dei forstår eigenleg ikkje vitsane.

Andreas er ikkje heilt einig i akkurat dette:

– Eg trur dei synest det er artig sjølv om dei ikkje flirer høgt. Dei vil berre ikkje gje oss vatn på mølla...

 

Pausar må til

Går det ei grense for kor mykje tørr humor ein skal bruke?

– Det kan bli for mykje, medgjev miljøterapeuten, og utdjupar:

– Alle treng variasjon mellom spøk og alvor, elles blir det ikkje like morosamt med vitsar.

Læraren nikkar einig, og kjem med eit døme:

– Når ein held ein tale, kan nokre ordspel løyse opp stemninga. Men når ein merkar slitne uttrykk i salen, har folk mista interessa.

– Er det slik at hjernane dykkar automatisk finn på tørre vitsar?

– Ikkje kontinuerlig. Det er nesten som trening, ein må kvile innimellom for å kunne prestere, seier Andreas.

– Dessutan treng ein nye sanseinntrykk for å få nytt råmateriale. Elles blir det til at ein nyttar ”oppbrukte” ordspel, og det er slett ikkje like artig, meiner Magnus.

 

Dei beste ordspela

– Går det an å  skilje mellom gode og dårlege ordspel?

– Ja. Dei skal vere nyskapande, slår den unge mannen frå Klæbu fast.

– Og så er det ekstra gjævt når ein kombinerer fleire ordspel i same setning, slik at det vert ein kavalkade, seier humoristen frå Trondheim.

– Dei må vere tilpassa publikum, slik at minst éin person forstår dei, legg Andreas til.

Magnus nikkar:

– Viss det er eit par folk som ikkje skjønar poenget, har ein grunn til å føle seg overlegen. Men dersom ingen tek det, blir det flaut i staden.

– Kan de også gje nokre retningsliner for korleis tørre vitsar skal framførast?

– Det må skje på rett tidspunkt, understreker Andreas, og utdjupar at det som regel passar best omtrent ti minutt etter at situasjonen det vert assosiert til har skjedd.

Magnus tilføyer at ordspel ikkje gjer seg like godt på trykk:

– Dei må vere munnlege og spontane, og bør ikkje stå i avisa.

Og dei må seiast på rett måte, utan å trekke på smilebandet, avsluttar Andreas Husøy.