Magasinett

Utskrift

Mekaniske jenter

Skrive av Anita Svendheim .

Jenter

På Flora vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har fem jenter tatt eit litt utradisjonelt utdanningsval. Ingen av dei angrar på valet sitt.

 

Omtrent 80 000 ungdommar over heile landet har i desse tider sine første veker på vidaregåande skule. Med ranselen på ryggen og nykvessa blyantar i pennalet går dei ein ny kvardag i møte, anten det er dagar med derivasjon og evolusjonsteoriar eller dagar med truck og lastebilar.

I kontrast til andre land i verda har dei norske ungdommane uendeleg med moglegheiter. Dei kan starta med blanke ark. Dei kan velja skulegong etter kva interesser dei har. Dei kan få visa kva dei er gode til uansett kva plassering dei har i skattelistene. Likevel er det lett å sjå eit tydeleg mønster i utdanningsvala deira.

Det er fleire jenter enn gutar som fullførar vidaregåande opplæring. Gutane vel oftast praktiske studieretningar, samstundes som dei held seg langt vekke frå helsefaget. Jentene, på si side, vel oftast studiespesialiserande linje, estetiske fag eller omsorgsarbeid. Kvifor er det slik? Me har snakka med nokre ungdommar som har tatt eit meir utradisjonelt val.

Enorm pågang

På Flora vidaregåande skule i Sogn og Fjordane har dei hatt ein enorm pågang på den mekaniske linja, som går under namnet TIP. May-Liss Giil, avdelingsleiar ved yrkesfag, kan fortelja at dei som går første året på den mekaniske linja har klart å fylle opp heile tre klassar i år.

– Dette er eit heilt spesielt tilfelle, seier Giil.

Nytt for året er at ein finn til saman heile fem jenter i desse tre klassane, og me har fått snakka med fire av dei. Malin Sørbø, Karina Vibakk Johnsen, Isabell Hauge og Synne Elise Endestad Brandøy skil seg ut frå mengda av gutar på verkstaden.

Det endelege valet

Alle jentene har tatt fleire vidaregåande studieretningar til ettertanke før dei til slutt valde TIP. Sørbø hadde alltid trudd at det var den studiespesialiserande linja ho ville ende opp med som eit resultat av at ho var skuleflink på ungdomsskulen og alltid hadde gode karakterar.

– Det heile endra seg i niande klasse, fortel ho. Eg merka at eg hadde lite motivasjon og ynskte å arbeide med eit mindre teoretisk retta fag.

I dag angrar ho ikkje eit sekund på at det endelege valet falt på den mekaniske linja.

For Johnsen var det ikkje like lett. Ho bestemde seg berre tre veker før fristen gjekk ut.

– Eigentleg skulle eg gå restaurant- og matfag, men ein dag verka det som om mekanisk var meir det rette for meg.

Tøft å vera jente i verkstaden

Jentene som har byta ut penn og papir med sveising vekker oppsikt på skulen, og fortel at dei får ein del kommentarar på valet sitt.

– Nokre av kompisane mine har kome opp til meg og sagt at det ikkje var dette dei såg føre seg at eg kom til å velje, seier Johnsen.

Til tross for ein og annan tullekommentar er dei samde om at dei for det meste berre har fått positive tilbakemeldingar på valet sitt. Mange synest det er tøft med jenter som tør å velje litt utradisjonelt.

– Familiane våre har også vore veldig støttande i valet me tar tatt. To av tantene mine arbeider som lærarar og dei oppmuntra meg til å velje den mekaniske linja, fortel Hauge.

Dei tre andre kan også fortelje om tidlegare familiemedlem som har oppmuntra jentene til å følgje i deira mekaniske fotspor.

Må tåle å bli skitten på hendene

Dei første vekene på den vidaregåande skulen har gått til mykje teori, i tilegg til litt sveising. Jentene hadde ikkje brukt mange timar i verkstaden før dei starta på skulen, men synest likevel ikkje at det er noko problem å henge med i timane.

– Me har gått på skulen i fire veker nå, og så langt har det gått kjempebra. Dei fleste gutane er også nybegynnarar så me skil oss ikkje slik ut, seier Sørbø.

Ho presiserer at det er svært positivt at dei har små klassar for å sikre eit godt miljø og at elevane får den oppfølginga dei treng. Jentene er samde om at det også hjelp i at dei er fleire jenter enn vanleg i år, då det kan vera litt slitsamt å vera omringa av så mange gutar heile tida.

– Mange vel vekk mekaniske linja i den oppfatning at det er mykje fysisk arbeid der ein må ta mange tunge tak, men slik er det i grunnen ikkje, kan Brandøy konstatere.

– Sjølvsagt må ein tåle å bli skitten på hendene, men elles er det ganske ”chill”.

Framtidsretta

– Eg trur kanskje ikkje dei tør å velje så annleis, svarar Hauge då me lurer på kva grunnen er til at så få jenter vel ei praktisk utdanning.

– Det har nok ein del med oppveksten å gjera også. Gutane hjelpte far sin i garasjen heilt frå dei er små, medan jenter ofte føler dei meistrar teoretiske fag betre, forklarar Sørbø.

På spørsmål om dei oppmodar andre jenter til å velje den mekaniske linja er dei ikkje i tvil om at dette er ei linje som eignar seg like godt for jenter som for gutar. Likevel er dei klare på at dette er ei linje du må velje dersom du har interesse for faget og veit kva du ynskjer å arbeida som i framtida, noko alle jentene har klare tankar om. Om nokre år ser to av jentene seg sjølv med gode jobbar offshore, medan Brandøy drøymer om å bli kaptein slik som faren.

– Eg har vore glad i sjøen heilt sidan eg var lita, og den mekaniske linja er den enklaste og beste måten å nå draumen min på.