Magasinett

Utskrift

Magasinett jubilerer

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Fyrverkeri

I morgon fyller Magasinett 15 år! Vi nyttar høvet til å takke alle våre skribentar og spaltistar for innsatsen dei legg ned for nettmagasinet. I morgon kan du lese jubileumsintervju med spaltist Are Kalvø, styreleiar Vidar Høviskeland og Magasinett-skribentane Borghild Gramstad og Mette Karlsvik. Vi set også i gong ei skrivetevling.

Det heile starta opp hausten 1996. Sjølv om det i løpet av desse 15 åra har kome mange nye nettsider til, er Magasinett framleis unik. Vi er det einaste nettmagasinet på nynorsk for ungdom. Det vil vi halde fram med å vere. Har du tips til dyktige nynorsk-skribentar eller til saker vi kan skrive om, så send oss ein epost på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..