Magasinett

Utskrift

– Ein viktig nynorskressurs på nett

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Mann

Styreleiar i Magasinett, Vidar Høviskeland, var ein av dei som byrja arbeidet med nettmagasinet i 1996. Han er stolt over at nettmagasinet i dag står på stødige bein og framleis er unik i nettsamanheng.

– Ungdomsnettstaden Magasinett er sjølv blitt ungdom. Femten år er lenge i den digitale verda, og eg er litt stolt over at nettidsskriftet i dag står stødig på eigne bein, og framleis er ein læreressurs for mange - både lærarar og elevar, seier Vidar Høviskeland.

– Litt av grunnen til at nettidsskriftet har klart seg er at Magasinett har satsa på kvalitet frå dag ein. Kunstar og forfattar Gerhard Stoltz og eg tok til å arbeida med nettstaden våren 1996, som eit prosjekt i Noregs Mållag, og så godt som alle forfattarar me spurde om å vera med, takka ja til dette. Arkivet til Magasinett er gull verdt, med orginalskrivne tekstar frå fleire av dei dyktigaste forfattarane i landet. Dåverande dagleg leiiar i Noregs Mållag, Ale Faye, fortener ros og takk for at han let oss halda på med slikt i arbeidstida, held han fram.

Då nettidsskriftet starta opp var dette det einaste ungdomsretta tiltaket på internett - redigert på nynorsk og retta mot ungdom, kan styreleiaren fortelje.

– Sjølv om det har kome til nokre konkurrentar, er det ikkje mange tilsvarande nettstader i dag heller.

Han trur Magasinett speler ei viktig rolle på nettet også etter 15 år.

– Nynorskressursar på nettet er viktige i seg sjølv, men det at Magasinett heile tida har gitt brukarane noko å strekkja seg etter, trur eg har vore viktig. Det at nettstaden har opna Lærarrommet og arbeidd fram lærarrettleiingar, har gjort at norsklærarar og samfunnsfaglærarar  meir og meir har fått augo opp for oss. Eg ser for meg at lærarar blir endå viktigare som målgruppe i framtida, seier Høviskeland.

– Kor går vegen vidare for Magasinett?

– I desse dagar drøftar styret ein alternativ driftsmodell som kan sikra Magasinett fleire redaksjonelle og økonomiske ressursar. Det blir spennande å sjå kor vegen går vidare - eg ser alt fram til neste jubileum! Takk til alle som har vore med og levert stoff til Magasinett opp gjennom åra - og gratulerer med dagen, sluttar styreleiaren.