Magasinett

Utskrift

Are Kalvø har vore med sidan starten

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Mann

Heilt sidan starten for 15 år sidan har satirikar Are Kalvø skrive vekentlege tekstar for Magasinett.

Noregs 57. mest morosame mann lar sjølvsagt ikkje høvet gå frå seg til å vere både morosam og satitrisk når vi intervjuer han i samband med Magasinett sitt 15-årsjubileum.

På spørsmålet om kvifor han sa ja til å vere spaltist for Magasinett, får vi dette svaret:

– Eg seier som regel ja til hyggelige spørsmål frå hyggelige folk.

– Trur du eit nettmagasin som Magasinett er viktig?

– Eg trur i grunnen det er veldig lite som er skikkeleg viktig. Og eg har heller ikkje vore opptatt av å vere viktig. Dessutan liker eg nesten aldri folk som seier dei gjer noko viktig. Alt må ikkje vere viktig. Noko må også vere berre fint. Eller nyttig. Eller artig. Eller underhaldande. Eller overrraskande. Eller annleis. Eller pussig. Eller tøft.

Are Kalvø er fødd på Stranda i Møre og Romsdal for snart 42 år sidan. Han har budd i Oslo sidan 1990. Av utdanning har komikaren Cand. Mag.-grad med mellomfag i sosiologi, grunnfag i kunsthistorie og statsvitskap. Kalvø har arbeidd fulltid med humor og satire sidan 1994.

– Kvifor skriv du på nynorsk?

– Eg har ikkje lært noko anna, er det enkle svaret.

Når han skal seie noko om kva han likar best på Magasinett, er det sjølvsagte svaret:

– Spalta mi er i særklasse best.

– Kva synest du ikkje er bra med Magasinett?

– Sjølve namnet "magasinett" er vel ærlig talt eigentleg eit halvgodt ordspel, men namnet er såpass innarbeidd no at det går godt an å gløyme.

– Magasinett er nå 15 år. Kor bør vegen gå vidare?

– Oppover, framover, mot verdsherredømme!

Humoristen var nominert til beste stand-up-artist under NRK si Komipris-utdeling tidlegare i haust, men nådde ikkje heilt opp. Han har tidlegare mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Stå opp-prisen 2010, NÆ-prisen 2006 og Kringkastingsprisen 2005.

Så lenge det er politikarar, journalistar og statskanalar kjem Are Kalvø til å skrive satirisk. Han har i alle fall ikkje tenkt å gi seg heilt endå.

– Kor lenge vil du halde fram med å vere spaltist for Magasinett?

– Heilt til eg ikkje har noko å skrive om, eller til nokon ser meg inn i auga og seier at det kanskje er på tide å gi seg.