Magasinett

Utskrift

Gamle og nye røyster i Magasinett

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Kvinner

Medievitar Borghild Gramstad har vore med som spaltist for Magasinett heilt sidan starten for 15 år sidan, medan forfattar Mette Karlsvik har vore med dei siste åra.

Borghild Gramstad sat som styremedlem i stiftinga Magasinett i byrjinga og då var det vanskeleg å seie nei då ho blei spurd om å vere skribent også.

– Eg skreiv for ulike publikasjonar på den tida, og eg likte at Magasinett var retta mot unge, då det verka spennande å vere med på, seier ho.

– Kva er Magasinett for deg?

– Ein nettpublikasjon retta mot unge, på det beste norske språket me har, er svaret.

– Det viktigaste med Magasinett må vera at det kan gi nye og varierte tekstar på nynorsk til skuleungdom som kanskje elles ikkje les mykje på det språket. Kanskje kan det også inspirere nokon til å skrive sjølv, legg ho til.

– Er det noko du liker spesielt godt på Magasinett? Kva då?

– Variasjonen er det eg likar best. Ulike skribentar kjem med sine meiningar og formuleringar og emne, det gjer at ein ikkje alltid veit kva ein får. Det er også kjekt å lesa tekstar frå folk eg ikkje har vore borti før, ein fin måte å finna nye røyster på, seier medievitaren.

Mette Karlsvik byrja som forfattar i 2002. I 2005 fekk ho Tarjei Vesaas´debutantpris og i år fekk ho Det Norske Samlagets Sigmund Skard-stipend. Nokre månadar etter at ho fekk debutantprisen byrja ho å skrive for Magasinett.

– Kva er Magasinett for deg?

– Magasinett er kvalitet. Eg stolar på Magasinett. Og det har å gjere med de som redigerer sida, samt Hilde Myklebust, Are Kalvø, Nils Henrik Smith, og så vidare. Det er ei av dei mest interessante nettsidene som finst i landet vårt. Og ho er undervurdert og underuttalt. Eg synest at innlegga på Magasinett held høgt nivå. Eg les dei på same måte som at eg les Morgenbladet eller Bokmagasinet, seier Karlsvik.

– Eg ser på Magasinett som viktig. Men meir viktig er dette: Eg trur ikkje bare at dette er den subjektive meininga mi. Eg trur at det er ei sanning. Magasinett har den unike blandinga av økonomiske og menneskelege ressursar. Dei går sjølvsagt hand i handske. Gode økonomiske ressursar som er brukt rett til å engasjere dei rette redaktørane og skribentane, held ho fram.

Mette Karlsvik likar godt dei faste spaltene på Magasinett.

– Eg likar at det er faste spalter som blir oppdaterte når dei skal bli oppdaterte. Eg er ein «sucker» for det som er føreseieleg, slår ho fast.

Borghild Gramstad meiner Magasinett skal halde fram som i dag, medan Mette Karlsvik meiner ein bør sjå litt på formgivinga på nettstaden for å gjere ho endå meir attraktiv.

– Korleis trur du Magasinett best kan nå ungdommane, spør vi medievitaren Gramstad.

– Det opplagte svaret er sjølvsagt å stadig publisere gode tekstar om interessante emne, men det vanskelege er jo å få dei ein vil nå til å lese desse tekstane. Eg har, her som elles i livet, stor tru på gode lærarar. Kan ein få lærarane interesserte, vil dei inspirere elevane sine, sluttar ho.