Magasinett

Utskrift

Med Nepal til Preikestolen

Skrive av Marianne Magnussen .

Mann

I haust inviterte eg ein nepalar med til Preikestolen. Det var spanande å oppleve dette platået som eg har høyrt så mykje om. Men endå meir spanande å på same tid bli kjent med eit anna landskap, eit eg ikkje visste mykje om frå før. Nemleg Nepal.

- Du sa at vi skulle gå til et fjell. Det er jo berre ein ås!

Nepalaren Dhiran Sharma (24) flirar godt idet vi startar å gå oppover mot Preikestolen. Dette er ein tur med unge studentar frå Stavanger. Dhiran er den einaste som ikkje snakkar norsk. Eg inviterte fleire engelsk-talande, men berre han takka ja. Det er lett å sjå at han er van med ulendt terreng. Sjølv der det er glatt og bratt klarar han å gå veldig fort.

- Eg er vane med dårlegare stiar og er ofte på tur. Heime dreg eg kvar helg ut i fjella nær Kathmandu.

 

Ibsen og tobakk

- Har du høyrt om drama-stykket "Et dukkehjem", spør han brått.

- Sjølvsagt. Korleis det?

- Eg har vore med å setje det opp for studentar i Kathmandu. Stykket er veldig populært der, fordi mange kvinner kjenner seg igjen i Nora. Det vert venta at dei først og fremst skal sjå vakre ut. Mennene tek alle viktige val.

Dhiran er engasjert i stemma.

- Og kva skjer viss kvinnene etter kvart ynskjer meir likestilling?

- I vår kultur plar kvinnene likevel ikkje å skilje seg, slik Nora gjorde. Dei prøver heller å snakke med mennene sine. Som regel finn dei ei løysing båe kan leve med.

Dhiran tek seg ein sigarett. Han synest dei er svært dyre i Noreg.

- I Nepal er det ingen alders-grense på tobakk. Der røyker kven som helst.

- Er det mange born som brukar sterkare rusmiddel?

- I hovudstaden er det mange tusen gateborn. Alkohol og sniffing er vanleg blant desse.

Han høyrest trist ut, og vert stille ei stund.

- Eg drøymer om jobbe med å gjere hjelpe-organisasjonane våre meir effektive og ansvarlege.


Korleis bli kjent med nordmenn?

No er vi komne fram til Preikestolen. Utfor kanten kan vi sjå fleire hundre meter rett ned. Dhiran liker utsikta. Men han vil aller helst veksle nokre ord med dei andre studentane. Dei sit spreidd utover i små klynger.

- Korleis helsar ein på folk i Noreg?

Dhiran ser rådvill ut.

- Du bør ikkje etterlikne vår måte å bli kjent på. Nordmenn er ofte for sjenerte til å ta det fyrste steget.

- Då vil eg gjere slik som i Nepal. Eg fortel alle på ein gong kven eg er.

Han reiser seg opp.

Eg tek eit raskt blikk utover gruppa. Alle verkar opptekne av samtalene dei er i. Dei fleste snakkar berre med folk dei kjenner frå før.

- Det er kanskje lurt å tilpasse seg vår kultur likevel... Her er det mest vanleg å snakke med dei i nærleiken.

Dhiran set seg dermed ned att. Han prøver å få augekontakt med studenten han sit nærmast. Ho snakkar berre med andre nordmenn, og møter ikkje blikket hans. Han rekker henne den opne matboksen sin. Endeleg får han kontakt. Ho ser overraska ut, takkar nei og snur seg igjen med ein gong. Då gjev han opp, og rettar fokuset til naturen igjen.

- Vi er eigenleg sjenerte i Nepal også, seier han til meg når vi har starta på nedturen.

 

Likar Noreg, elskar Nepal

- Eg har jobba i Kathmandu! Dette fortel ei av dei andre jentene når vi har sett oss i bilen. Vi er på veg attende til Stavanger, og det er nett blitt mørkt.

Jenta tek til å seie setningar ho har lært på nepalsk. Eg skimtar så vidt at Dhiran tørkar eit par tårer. Han verkar svært glad i landet sitt.

- Kva synest du om Noreg, spør ho etter ei stund.

- Eg likar å studere her. Og samfunnet fungerer svært bra. De er flinke til å halde avtalar. De tek tak i problem før dei blir for store. Og de viser same respekt for alle yrke. Dette er ting vi treng å lære i min kultur.

- Kva er den største utfordringa til Nepal, undrar eg.

- Korrupsjon. Det har ført til mykje unødvendig fattigdom.

Dhiran ristar oppgitt på hovudet.

- Vi treng at dei unge tek del i politikken. Men dei aller fleste som er ferdige å studere, flyttar i staden til Vesten.

- Du har likevel tenkt deg heim igjen?

- Ja. Eg elskar Nepal, og vil vere med å utvikle landet mitt. Etter to år med utdanning i Noreg. Pluss eitt år med fjellvandring.

Ugle