Magasinett

Utskrift

Snakk så eg forstår!

Skrive av Anita Svendheim .

Klasserom i Peru

Med nynorsk undervisningsmateriell og stort engasjement skal norske elevar hjelpe quechuaindianarar i Peru.

Tenk deg at du set deg ned bak pulten første skuledag og læraren din startar å snakke spansk, slik at du ikkje skjønar nokon ting. Dette er realiteten for mange quechuaindianarar i Peru. Nå har organisasjonen Hei Verden! gått ut med solidaritetsaksjonen «Snakk så eg forstår, lærar!» for å betre skulesituasjonen deira. Gjennom kunnskap, haldning og handling skal norske grunnskuleelevar gjere ein innsats for quechuaindianarane.

 

Språk og sjølvfølelse

Mange av quechuaindianarane sluttar på skulen som ein følgje av at dei ikkje skjønar kva læraren seier.

– Det gjer mykje med ein person sin sjølvfølelse å oppleve at eins eige språk ikkje er godt nok for skulen, meiner dagleg leiar i Hei Verden!, Kari Vestbø.

Vestbø fortel av hovudårsakene til at undervisninga ikkje går på quechua er mangel på utdanna lærarar og foreldre sine haldningar. Mange av foreldra er av den oppfatning at borna må læra seg spansk for å kome seg opp og fram i eit samfunn der dette språket blir brukt i alle maktposisjonar.

– Det dei ikkje forstår er at ein lærer eit framandspråk mykje betre dersom undervisninga går på eige språk, slik som engelskundervisninga i Noreg, fortel Vestbø.

 

Nynorsk parallell

Spesielt for denne aksjonen er at alt undervisningsmateriell er publisert på nynorsk, som ein kontrast til dei fleste solidariske kampanjane i den norske skulen som kjem ut på bokmål.

Dame– Me har merka ein stor etterspurnad etter undervisningsmateriell for alle dei 80 000 elevane som nyttar seg av nynorsk som hovudmål, fortel Vestbø.

Nynorskkampanjen var eit bevist val frå Hei Verden! si side. Ho meiner at det er enklare for nynorskbrukarane å forstå viktigheita av at deira eige språk blir tatt på alvor:

– Dei fleste nynorskbrukarane har kjent på følelsen av at deira skriftspråk ikkje er så viktig, og det er enklare for dei å sette seg inn i situasjonen. Dei veit korleis det påverkar sjølvfølelsen.

 

Positive tilbakemeldingar

– Når me reiser rundt på skulane får me utruleg mange positive tilbakemeldingar, seier Vestbø og kan fortelja om engasjerte elevar.

– Det er lett å sjå at elevane verkeleg forstår viktigheita av at quechuaindianarane får undervisning på sitt eige språk.

På spørsmål om ein kan vente seg fleire solidaritetskampanjar med nynorsk undervisningsmateriell frå Hei Verden! kjem svaret raskt:

– Denne kampanjen har vist seg å bli ein stor suksess, og me er allereie i gang med å lage nynorsk undervisningsmateriell for både Sambia og Laos.

 

Ynskjer din skule å vera med på å hjelpe quechuaindianarane? Her (http://www.heiverden.no/newsread/nynorskkampanje_dokument.aspx?nodeid=5284) kan ein lese meir om kampanjen.