Magasinett

Utskrift

The Big Guns Called Me Back Again

Skrive av Mette Karlsvik .

Dame

Det er nesten ein generasjon mellom PJ Harvey og Jenny Hval, men dei liknar kvarandre både i utsjånad, songtekstar, stemmeregister og profesjonalitet.

Stina tar ein kaffi, eg appelsinjus. Vi står ved bardisken på Internasjonalen og ventar på den tøffaste dama vi veit om. PJ er i byen. Stina er i byen, og ho seier til meg, gjennom dampen av kaffien sin:

– Du var tenåring i grønsjtida. Du gjekk med Dr. Martins og tommelhullgenser. Du hugsar PJ frå 1992. Eg er misunneleg.

– Men du hadde New Kids On The Block. Det er òg noko, seier eg, til Stina som er nesten ti år yngre enn meg. Men eitt lite tiår betyr så lite når ein har blitt så gamle som oss. Pensjonistar er pensjonistar uansett. Når Stina er i byen blir vi litt pensjonistaktige. Modne kvinner då, som diskuterer løysingsord i kryssord, et kokosbollar eller heimebakte muffins.

Det er ikkje så lett å vite kor gamal ein er. Kor gamal ein skal vere. Om kva ein er med kven, og i kva situasjon. I lag med ein kjærast kan eg ikkje vere for ung. Då blir han ein slags far, og det heile ulovleg. Eg kan ikkje vere for gamal heller. Då blir eg overgriparen. Det er vanskeleg å vere ein plass i mellom. Ein skal vere vaksen og ansvarleg. Men ein skal også ha barnet i seg. Hugse barnet, men ikkje la det styre, og handle. Ein plass midt mellom stor og liten. Der står PJ Harvey, til dømes.

På PJ-konsert

Stina og eg tar sitjeplassar på Sentrum Scene når PJ går på scena. Ho står rak som ein indianar, og er liksom ikkje ein dag eldre sidan sist eg såg henne. Det var på Barrowlands på søraustkanten av Glasgow. Ho var tynn som ei fjør, med svær stemme. I kveld, eit steinkast frå Internasjonalen, står ho på Sentrum Scene med fjør i håret. Ho er tynn og så lita, med like stor stemme.

Avisa Klassekampen spurde meg i vår: Kan kunst vere politisk? Eg svarte at det var vanskeleg å generalisere, og at «politisk kunst» er eit vanskeleg omgrep. Men eg hadde eit døme på kunst som var politisk - og samstundes god: Den siste plata til PJ Harvey.

I kveld ser eg med auga at det var sant som eg sa det i vår. PJ speler først og fremst nytt stoff på denne konserten. Nesten heile den siste plata si, som ikkje bare er politisk i tekstar. Ho fortel ikkje bare om postimperialistiske England. Det er noko i den litt skranglete og menneskelege måten det lyder. Og det er også noko med framføringa til PJ.

Den svarte kjolen. Det alvorlege andletet. Den mørke scena med ei kjegle av lys kring vokalisten. Den klåre stemma, enkel formidling. PJ slepp ikkje dette alvoret og denne prosjesjonaliteten i eitt sekund. Ikkje eingong når ho drikk vatn er det distraherande. Då går ho bare ut av kjegla for eit halvt minutt. Så er ho attende igjen, med like klår stemme som før. PJ veit kva ho kan og vil. Og ho gjer det.

PJ og Jenny Hval

Eg synest at ho liknar på Jenny Hval. Eller at Jenny liknar PJ. Det er nesten ein generasjon mellom dei. Men menneskelege trekk er tidlause. Dei spede kroppane, gitarane som er større enn kroppane, harpene. Den bleike huda, dei fyldige stemmene. Registeret som spenner frå høgt til lågt. Spenninga i stemma, vibrerande, fleksa, som med eksplosiv styrke. Dei ærlege tekstane. Kjærleikstema, erotikk og politikk, og smarte referansar.

Då Jenny fekk nemne førebilde i eit NRK-program i fjor, nemnde ho Kate Bush, Art of Noise, Patti Smith, osb. Eg hugsar ikkje at ho nemde PJ. Men ho lurar ikkje meg. Det er klåre slektskap mellom dei to små, enorme kvinnene. Jennys Barrie for «Billy Mackenzie» og PJs «Come on Billy». Høyr på dei.

PJ i vatnet på omslaget av «To Bring You My Love». Jenny vassande i innsjø på pressebilde, liggande i vatn i videoen til «Grizzly Man». Men hos Jenny er det heile tida litt finare, litt meir polert, med nokre fleire trekk av perfeksjonisme, og noko mindre indie, litt mindre rock. Det kan vere forholdet til teknologien, eller det kan vere tidene dei vaks opp i, periodane då dei var tenåringar. Jenny var faktisk fødd på åttitalet, så vidt det var. PJ på sekstitalet, såvidt det framleis var. Og dei er ulike av person, såklart. Men noko seier meg at dei deler profesjonaliteten, seriøsiteten, at dei er relativt edruelege til rockebransjen å vere.

PJ er ikkje så rocka som ho var i ungdommen. Ho har på seg fleire klede, er kledd som ei enke og ho står stilt i den vesle kjegla si av lys. Stemma vrengar seg ikkje lenger. Det høyres ikkje ut som om PJ har det vondt. Då eg høyrte og såg henne tidlegare, kunne eg tenkje at ho hadde det vondt. Som om ho sakna noko, og at saknet var umuleg å bere. No ber ho noko anna på dei tynne, men sterke akslane sine. Noko som er adskilleg større enn både ho og alle andre menneske.