Magasinett

Utskrift

Suksesskampanje mot digital mobbing

Skrive av Elin Moen Karlsen .

Konsert

I løpet av to og eitt halvt år har 70 000 ungdommar og 12 500 foreldre vore med på Bruk Hue, som er den største skulekampanjen mot digital mobbing i Noreg.

Kvar dag blir tusenvis av norske barn og unge mobba på telefon og på internett. Digital mobbing føregår som regel skjult for dei vaksne og problemet er stadig aukande. Haldningskampanjen Bruk Hue er eit samarbeidsprosjekt mellom Raude Kross, Telenor, Medietilsynet og Barnevakten.

250 skular har hatt besøk av Bruk Hue sidan starten i 2009. Ei undersøking, som er utført av Norstat på vegner av Telenor, viser at tre av fire meiner dei er betre rusta til å handtere digital mobbing etter at dei har deltatt på Bruk Hue.

– Vi veit også at tre av fire spør før dei legg ut bilete av andre på nett, og dobbelt så mange foreldre tar opp problematikken om digital mobbing med barna heime, etter at Bruk Hue har vore på besøk, skriv Telenor i ei pressemelding.

Døme på digital mobbing er det såkalla «facerape», som dukka opp i kjølvatnet av sosiale medium. «Facerape» er når nokon går inn på andre personar sine profilar på Facebook og endrar eller legg til bilete, kommentarar og så bortetter. Dette skjer dagleg blant norske elevar, men dei færraste unge veit nok ikkje at dette kan strafferettsleg forfølgjast med bøter og sorterer under ID-tjuveri.

 

Europa ser til Noreg

I slutten av november avslutta Bruk Hue sin femte sesong med minikonsert med Oslo-rapparane Emire og Lillebror på Holmlia skole.

– Når vi veit at tusenvis av unge i Noreg blir mobba på mobil og internett kvar dag, er det godt å vite at det hjelper å førebyggje. Vi stiller med glede opp for ei så viktig sak, seier Assad Arif, alias Lillebror, i ei pressemelding.

Fagfolk frå England og Spania deltok på Bruk Hue-arrangementet på Holmlia, for å sjå korleis skulekampanjen jobbar for å gjere barn og unge medvitne i bruken av digitale medium.

– Dette viser at arbeidet vårt fungerer. Viss vi kan vere ei leiarstjerne for liknande arbeid hos våre europeiske samarbeidspartnarar er det eit bevis på at vi jobbar med rette metodar, som også kan kome ungdom i andre land til gode, seier Stian Lindbøl, leiar for Medieltilsynet sitt Trygg Bruk-senter.

Fagfolka frå England og Spania er ein del av Trygg bruk-senteret sitt europeiske nettverk. Rundt 30 land i Europa er ein del av EU sitt «Safer Internet Plus Programme», og jobbar alle mot eit felles mål om å styrke og beskytte barn og unge på internett.  Alle landa har sitt eige «Safer Internet Centre». I Noreg er ansvaret plassert hos Medietilsynet.

– Det er oppmuntrande at ekspertar frå andre land ønskjer å lære av korleis vi arbeider mot digital mobbing i Noreg gjennom Bruk Hue-kampanjen. Denne typen merksemd opplever vi som ei stadfesting på at vi gjer noko som er riktig og er ein inspirasjon for det vidare arbeidet i 2012, seier Torild Lid Uribarri, direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Telenor Norge.