Magasinett

Utskrift

Lærte å lese og skrive i sjette klasse

Skrive av Elin Moen Karlsen .

NYTTIG VERKTØY: Mai-Linn Holdt lærte seg gode studieteknikkar med lydbøker på ungdomsskulen. (Foto: Privat)

Mai-Linn Holdt (19) frå Nordstrand i Oslo hugsar bare friminutta frå dei første seks åra i skulen. Etter eitt år med privattimar i sjette klasse lærte ho å lese og skrive. Før det var læraren «snill» med ho og lét ho sitje og teikne i norsktimane.

– Eg kunne ikkje lese og skrive då eg gjekk i 6. klasse. Eg kunne kjenne igjen ord som mamma og pappa, men viss eg skulle skrive «jeg heter Mai-Linn» kunne eg hoppe over «jeg» eller skrive «heter» feil, fortel 19-åringen. Ho skreiv også bokstaven n feil veg.

Heime forsto dei tidleg at Mai-Linn hadde lese- og skrivevanskar.

– Mamma seier ho merka det allereie då eg gjekk i barnehagen, seier ho.

I sjette klasse fekk ho sine første hjelpemiddel av skulen.

– Eg fekk lydbøker i nokre fag, men lærte aldri å bruke dei, så dei blei liggande ubrukte. Eg fekk beskjed om at eg ikkje kunne få lydbøker i alle fag, fordi det var kostbart og ville gå ut over andre elevar, fortel Mai-Linn.

I sjette klasse begynte ho å ta timar hos ein privatlærar fire av skuletimane i veka. Foreldra betalte for privattimane.

– Mamma las om ein privatlærar som hjelpte dyslektikarar ved å bruke andre metodar enn dei brukte i skulen, seier 19-åringen.

 

Lærte å lese av privatlærar

Ho tok privattimar gjennom heile sjette klasse, og klarte dermed å lære seg å lese og skrive.

– Korleis kunne du gå på skulen i så mange år utan å kunne lese og skrive?

– I norsktimane var læraren «snill» med meg og lét meg sitje og teikne eller gjere det eg ville. Eg forstår jo nå i ettertid at ho eigentleg ikkje var så snill, og at ho burde ha tatt tak i det at eg ikkje kunne lese og skrive heller, fortel Mai-Linn.

– Læraren skreiv mykje på tavla og eg var flink til å herme. Eg kunne kome heim med tettskrivne ark med løkkeskrift, men eg forsto ingenting av det som sto på arka. Eg brukte også så mykje tid på å skrive av tavla at eg ikkje fekk med meg kva læraren sa.

 

Kvar tredje nordmann har lese- og skrivevanskar

Dysleksiforbundet fortel på sine nettsider at rundt fem prosent av Noregs befolkning har dysleksi i alvorleg grad. Dysleksi er samansett av orda «dys», som betyr vanskeleg, og «leksia», som betyr lesing. Langt fleire enn dei fem prosenta som har dysleksi i alvorleg grad har lese- og skrivevanskar i ei eller anna form.

Mange opplever både å bli frustrerte og å føle seg annleis enn sine jamnaldrande og meir einsame på grunn av lese- og skrivevanskane sine.

– Eg har aldri slite med dysleksien, har aldri blitt mobba. Eg blei fortald at eg hadde det og slik var det bare. Eg opplevde også at ved å vere open overfor venene mine om at eg hadde dysleksi, så fekk eg hjelp. Eg har heller aldri vore typen som har brydd meg om kva andre meiner om meg, seier Mai-Linn.

 

– Finn vinnarbanane dine

Ho var sterk i dei praktiske faga, og det hjelpte ho å kome gjennom den mange gonger vanskelege skulekvardagen.

– I gym var eg flink og fekk gode tilbakemeldingar. Eg spelte også fotball og dreiv med karate. Her fekk eg mykje ros, seier 19-åringen.

– Som leiar for Dysleksiforbundet si ungdomsgruppe er eg opptatt av å fortelje at dei som slit med dysleksi må skaffe seg «vinnarbanar», slik som gym, fotball og karate var mine «vinnarbanar». Her opplevde eg å prestere, meistre og få ros, held ho fram.

For to år sidan var Mai-Linn med å starte ungdomsgruppa i Dysleksiforbundet. Noreg er det første skandinaviske landet som har ei eiga ungdomsgruppe.

 

LIVSGLAD: Mai-Linn Holdt har aldri slite med at ho har dysleksi. Ho er bare glad for at dysleksien har gitt ho høve til å oppleve ting jamnaldrande ikkje har fått oppleve. (Foto: Privat)

Fritak i engelsk

På ungdomsskulen fekk dyslektikaren lydbøker i alle fag og lærte seg også å bruke desse aktivt. Ho gjekk på ein skule kor det var viktig å prestere og kor elevane snakka mykje om skule og skulearbeid i fritida.

– Eg fekk fritak i engelsk på ungdomsskulen. Nå etterpå trur eg det var fordi skulen ikkje ønskte at det høge snittet deira skulle gå ned. Å få fritak var også veldig dumt i høve til at eg måtte ha engelsk på vidaregåande, slår ho fast.

Då ho begynte på Sandaker videregående skole fekk ho ein ny skulekvardag.

– Eg lærte meg gode studieteknikkar og å jobbe hardt då eg gjekk på ungdomsskulen. Då eg kom til vidaregåande opplevde eg at dei andre elevane var bråkete og «dårlegare» elevar. Eg blei lagt merke til, fordi eg som før var ein av dei dårlegaste i klassen nå var best. Det gav meg sjølvtillit, fortel Mai-Linn.

Nå studerer ho innan sikkerheitsfaget og er lærling. Utfordringane som dyslektikar har ho ennå.

– Eg kan til dømes ikkje bare få ein lapp, som eg deretter skal lese opp frå for andre folk. Eg må pugge det som står på lappen, seier ho.

 

Stolt av å ha dysleksi

På mange måtar er Mai-Linn likevel glad for erfaringane dysleksien har gitt ho.

– Eg er eigentleg stolt av å ha dysleksi, fordi eg har opplevd så mykje som mange andre unge aldri får oppleve. Eg har mellom anna lært om styrearbeid som leiar av Dysleksi Ungdom, eg har halde foredrag om lydbøker og korleis dei skal brukast. Eg har til og med vore to gonger i Japan og halde foredrag. Eg har også fått vere med å starte opp ungdomsgruppa til Dysleksiforbundet, som det første landet i Skandinavia. Eg er også superbrukar innan IKT-verktøy dyslektikarar kan nytte seg av og har også kursa meg til «likemann». Det vil seie at eg kan hjelpe andre som har dysleksi, fortel Mai-Linn.

– Dysleksien har gjeve meg mulegheiter.

– Kvifor har du vald å engasjere deg i Dysleksiforbundet?

– Eg synest det er interessant å vere synleg, samstundes som eg ønskjer å hjelpe folk til å oppleve meistring. Eg vil gjelpe dei unge som har dysleksi til å kome seg gjennom barne- og ungdomsskulen og oppleve meistring i desse skuleåra. Eg vil vere med å vri det å ha dysleksi til noko positivt, sluttar den engasjerte 19-åringen.