Magasinett

Utskrift

Truga på livet på grunn av ein mutasjon

Skrive av Marianne Magnussen .

Mutasjon gjer at ein vert ekstra unik, og kan skje hjå alle levande vesen. Somme tider medfører det høgare status, andre gonger grov diskriminering. Men menneskerettane til FN slår fast at alle folk er like mykje verd.

I alle delar av verda finst det menneske som er albino. På grunn av pigmentmangel har dei heilt lys hud, vanlegvis kvitt hår, og auge som ikkje toler sterkt lys. I Tanzania medfører ein slik mutasjon at ein står i fare for å bli drepen.

Intervjuobjektet ynskjer å vere anonym i denne artikkelen.

Overtru og heksedoktorar
David Mantu (47) er på ferie i Noreg. Her vitjar han norske vener i Oslo, samstundes som han oppdaterar dei på den alvorlege situasjonen til albinoane i heimlandet sitt, Tanzania. David fortel:

– Albinoar som bur på landsbygdene i tre av fylka våre må gøyme seg innandørs. Ikkje på grunn av sola, men av di mange ynskjer å ta livet deira.

– Kven er det som står dei etter livet?

– Det har i dei seinare åra utbreidd seg ei ny og forferdeleg overtru. Den går ut på at ein lukkast økonomisk når ein går med ein amulett som inneheld element frå kroppsdelar av ein albino! Dette er heksedoktorane sittpåfunn, og det er dei som lagar amulettane.

David snakkar fort og er svært opprørt i stemma.

– Får dei kundane sine til å drepe?

– Kundane får ofte andre til å gjere drapa, ved å love dei mykje pengar. Mordarane er som regel både svært fattige og utan utdanning. Dei er korkje klar over at overtrua ikkje stemmer eller at alle menneske har lik rett til å leve.

Ikkje berre å emigrere
– Korleis har folk i Noreg reagert når du har fortalt om denne situasjonen?

– Dei fleste har aldri høyrt om dette før, og ynskjer å hjelpe. Nokre meiner at albinoane kunne fått eit heilt normalt liv viss dei fekk bu i Noreg, og at dei bør få kome som flyktningar. Fleire familiar sa at dei sjølv kunne tenke seg å adoptere slike born.

– Trur du migrasjon til Europa ville løyst problema?

– Albinoane ville utan tvil fått det betre på mange vis. Med hjelpemiddel og mindre sol hadde dei fysiske plagene vorte lindra. Og først og fremst ville dei vorte trygge. Men det er ikkje lett å ta 200 000 menneske ut av eit land, og eg trur heller ikkje at hovudproblemet slik ville løyst seg.

– Kva meiner du?

– Viss dei dreg, ville nok ei ny minoritetsgruppe blitt offer på same måte. Albinoane er ikkje den fyrste gruppa som har opplevd dette. Eg trur løysinga er at dei på landsbygdene som ikkje har utdanning, får lære om menneskerettane og om meiningslaus overtru. I tillegg treng dei fattigaste å få rettleiing og praktisk hjelp til å skaffe seg noko å leve av.

Støtte, reise, skrive eller fortelje
– Kva vil du tilrå nordmenn som ynskjer å konkret gjere noko for albinoane?

– Vi har lokale hjelpeorganisasjonar som treng økonomisk støtte. Men endå betre enn å sende pengar er det å sjølv reise ned og vitje desse menneska. Eller å skrive brev. Mange bur åtskilt frå familien i bygg som er eigde av hjelpeorganisasjonane. Dei får klede, mat og husly der, men førebels for lite psykisk støtte. Det trengs fleire folk som syner omsorg, respekt og interesse.

David er blitt rolegare i stemma, og ser meir optimistisk ut.

– Ein annan ting folk kan gjere, er å fortelje vidare om saka. Dess fleire som fordømmer denne kriminaliteten, dess vanskelegare vil det bli å halde fram. Kunnskap og opplysing er svært viktig, både i Noreg og Tanzania.