Magasinett

Utskrift

Framtidas ambulansesjåførar

Skrive av Toyni Tobekk .

Om eit par år er det kanskje Ida og Eva Randi som køyrer deg til sjukehuset når du har brekt beinet eller skal føde. Foto: Toyni Tobekk

Dei har valt seg ei framtid der død, drama og tragedie kan vere ein del av kvardagen.

 

 

Dei to 17-åringane Eva Randi Krusedokken og Ida Nilsen Kirketeig går på ambulansefag VG2 ved Sauda vidaregåande. Båe to har vore med og hatt praksis som tredjemann i ambulanse og har fått erfare at kvardagen kan innehalde litt av kvart.

Øver på jobben

– Vi var jo til dømes med på trafikkulukker. Då fekk eg vere med på undersøking av pasientane, setje på EKG, ta målingar og reinske sår,  fortel Ida. Det var ikkje så skummelt som det kan høyrast ut, så lenge ho visste ho hadde erfarne folk med seg som kunne bakke ho opp, forklarar ho.

– Elles var det mykje transportar det gjekk i, seier Eva Randi.

– Eldre folk som skal skyssast frå gamleheimen til sjukehuset for å ta prøvar og slike ting.
Ambulansane er heller ikkje i konstant utrykking, og då kan ambulansepersonalet nytte tida til øve på praktiske situasjonar som hjarte- og lungeredning eller undervise andre i førstehjelp, forklarar dei.

Snakkar om det

Kva er det så som lokkar mest med dette faget?

– Eg  likar å jobbe med folk, og eg vil ha ein jobb kor eg kan vere til nytte, seier Eva Randi.

– Dette er dessutan ein jobb kor ingen dag er lik,  meiner Ida.

– Men det kan jo bli mykje drama i ein slik jobb også, viss ein hamnar i store ulukker, til dømes?
– Det skal vi vere førebudde på. Etter ei utrykking vil vi gå gjennom det som er skjedd og snakke om det. Både på skulen og i ambulansepraksis får vi øve på realistiske situasjonar og snakke om reaksjonane vi får, seier Eva Randi.

Kamp om plassane
Når skulen er ferdig til våren, har dei forhåpentleg greidd å skaffe seg læreplass for dei neste to åra. Det er per i dag 7 lærlingplassar ledige  i Stavanger og 7 plassar som Helse Fonna rår over. Dette året er det 14 elevar i klassen til Eva Randi og Ida, så teoretisk burde det gå. Men nokon garanti for å få plass har dei ikkje. Ofte er det berre halvparten så mange læreplassar som det er studentar i ambulansefaget, og det kan vere kamp om plassane.

Om dei to blir ambulansefagarbeidarar er enno ikkje heilt bestemt. Sjølv om Eva Randi prøver å skaffe seg læreplass, ser ho kanskje for å søke påbygg for å kome inn på sjukepleie i staden. Og skulle jentene få lyst til å bli ambulansesjåførar, så må dei i tillegg til utdanninga skaffe seg utrykkingsførarkort.

På messe
Den dagen vi treff dei, er dei på yrkesmesse der næringslivet og utdanningsinstitusjonane i regionen er komne for å vise framtidas arbeidstakarar kva dei har av tilbod. Ida og Eva Randi har hatt seg ein runde, og er litt skuffa over at ikkje helseføretaka er representerte på yrkesmessa. Som mulege framtidige arbeidsgjevarar ambulansefag-elevane burde dei vist igjen i landskapet, meiner jentene.

– Det kunne i alle fall vore nokre lærlingar her som kunne fortalt oss kva vi har i vente, slår dei to fast.


Jentedominans

I klassen til Ida og Eva Randi er dei 12 jenter og 2 gutar. Det er ein trend ein har sett dei siste åra, at jentene er i fleirtal i ambulanse utdanningsfaget. Ida og Eva Randi trur det har samanheng med krava til ambulansefaget. Både at ein må ha høgt snitt for å kome inn og at ein må ha vg1 helse og sosial første året, ei linje som tradisjonelt trekk jenter og ikkje gutar.

– Burde det vore fleire gutar?

– Eg trur kanskje det kjem fleire gutar inn i faget etter kvart. Hjå oss var det tre som starta i haust, men ein gav seg. Det er jo synd. Men det går no greitt òg, smiler dei.