Magasinett

Utskrift

På besøk hos Gunnar Gunnarsson

Skrive av Mette Karlsvik .

Ved skriduklaustur. Fljotsdalen.

Rett frå Skriduklaustur kjem denne minireportasjen om artist residency i garden som Islands kanskje største forfattar bygde på eit år, frå 1938-39.

 

Dei første vekene av februar er Mette Karlsvik artist in resident på Skriduklaustur/ Gunnar Gunnarssons institutt i Fljotsdalur, Aust-Island. For å komme dit sendte ho ein søknad med nokre essays som ho har skrive om forfattaren Gunnar Gunnarsson.

 

Artist residency er omsett til kunstig bu. Den beste art-resident er ho som sett seg inn i historia og kulturen, og som går heilt inn i plassen kor ho er. Plassen er garden til Gunnar Gunnarsson (1889 - 1975). Historia hans er uklår. Det er ei lys historie, om ein stor og viktig forfattarskap. Det er ei skuggeside, med rykte som eg ikkje skal vidareformidle før eg veit meir om mannen. Difor går eg inn i dette residensopphaldet med opne auger, frå baksida av Skriduklaustur. Bakvegen leier opp til kunstnar-residensen, og begynner med eit vindfang med skyljerom, skåp og stativ. Eg henger av meg kleda mine, sett frå meg skoa mine, og går vidare forbi resepsjonen med tusen postkort og bøker til sals, går inn i huset, inn i det med hud, hår, mage og rygg, tynntarm, tjukktarm og lungeblærer. Eit oskebeger står i vindaugskarmen i stova der eg skal bu.

Frå dalen der eg bur.

Det står ei pute mot veggen. Sjølvsagt sett eg meg då der, og smattar på ei pipe. I røyken som legg seg rundt meg, er det eit stort, modent tolmod. Eg blir raus av røyken, og romsleg av dette fellesrommet. Eg koker havregryn frå kjøkkenskapet, kler på meg forkleet som heng på kroken. Eg tar ein hatt som nokon la att i huset, går på vegen nokon la innover Fljotsdalen. Lufta ligg kald over viddene. Den tar eg og. Og eg solar andletet mitt i sola, som kjem rett inn dalen. Dalen har retning søraust, og har sikt heilt til Snæfell, det høgaste fjellet i regionen. Sola står rett på fjellet, og rett ned dalen som eg kjem opp. Han er lys heilt til seks. Når det blir skugge, merker eg at forkleet er laga av bomull. Bare ull dug oppe på vidda i februar. Men heldigvis har eg noko på hovudet. Hovudet er det punktet av kroppen kor ein mistar mest kroppsvarme. Med gode hovudplagg kan ein komme langt i verda. Nesten til Snæfell. Men gode hovudplagg er fleirtal. Eg har bare eitt, og det er endåtil meir til pynt, mindre praktisk.

Mens eg snur tenkjer eg med glede attende til tida då ein hadde swix øyrevarmarar under ei trong lue i strikka ull. Over den tette lua hadde vi eit tredje hovudplagg, gjerne ei syntetisk bønelue som var tøff å sjå til, men som ikkje var av vidare nytte. Ja, dette tenkjer eg på for å få kilometra til å gå, attende frå botnen av Flojtsdalen og nordvestover igjen, ut mot kysten, mot der det er nokre hus, som Skriduklaustur. Steinhuset er synleg på ein kilometers avstand. Det er teikna av ein tysk arkitekt i 1938. Det er frå ei heilt anna tid, og frå ein annan plass. Det er i kvit mur, med store, svarte steinar, og er eit hus av kontrastar både i fargar og form. Med høge søyler, runde bogar, spisse takgavlar, og ein veranda som går rundt det heile, står huset ut i landskapet, og skil seg frå dei smålåtne, låge torvhusa og gardane som ligg rundt. Som på besøk, er dette residenssenteret. Her kjem form og funksjon saman i eit bygg. Innanfor, bak eit vindfang, opp ei trapp, ved ein pult under eit vindauge, forsøker ein artist in residence å få form og innhald til å finne saman.

Liste over nokre residency-senter som ein kan søke til:

Island:

Simres har senter i Reykjavik sentrum, og i Korpulfstadir, eit meieri ein liten time utanfor byen

Nes Residency nord på Island

Listhús utenfor Akureyri, også det i nord

Skriduklaustur nord-aust på Island

 

Tilfeldige andre senter:

Tabór Cultural Exchange Station (To-tre timar med tog aust for Praha)

USF Verftet, Bergen

BAR Internasjonal i Kirkenes

Kanuti Gildi SAAL på Estland

HIAP i Finland

Ventspils, Latvia

Nokre krev at ein har eit forhold til den lokalgeografiske eller – arkitektoniske historia eller kulturen. Dei fleste krev at ein har eit særskilt prosjekt som ein kjem dit for å jobbe med.