Magasinett

Utskrift

Regnbogehylla Bergen

Skrive av Mette Karlsvik .

Carina Elisabeth Beddari er skribent og litteraturvitar. Dette er bokhylla hennar.

Med å portrettere bokhyller i Bergen portretterer eg bergensarar.

 

Eg går rett frå flybussen til biblioteket i Bergen ein onsdags ettermiddag denne første veka i mars. Der står ein bildelering-bil parkert og ventar på meg. I baksetet ligg bøker som eg har bedt Mari Jore om å finne fram for meg: NAFs vegbok, Pedro Carmona-Alvarez Rust, Eikemos fulle bibliografi, Arild Rossabøs David Skater, Linda Eides Norske Attraksjonar, og så vidare Vegboka for at eg skal finne fram i ein by og eit omegn som er framand for meg kva vegar bilkøyring angår. Dei andre er nokre av bøkene eg skal snakke med folk om. Eg trur på dette tidspunktet at eg skal snakke med Pedro om Rust, med Eikemo om hennar bøker, og så vidare. Men det går snart heilt i snurr. Eikemo snakkar om Rust, Rossabø om Eide snakkar i eitt om Marit Eikemo. Og om NAFs vegbok, sjølvsagt.

 

Ein konklusjon er at det er lett å få folk til å snakke om kva dei les. Eg må ikkje trykke på mange knappane før pratemaskinene er i gong. Det handlar ikkje bare om kreddlitteraturen som dei har lese; viktige verk som ein kan pynte seg med. Det handlar om verk dei kan setje framfor andletet, vise slik er eg. Det handlar også mykje om affeksjon. Når eg spør om bøker som har berørt dei, blir dei verkeleg rørde. Eg spør om den første boka dei hugsar, og dei hugsar brått, veldig klårt.

Å snakke med folk om bøker er ein nydeleg måte å portrettere dei. Kanskje får ein ikkje det heile bildet. Men ein får eit viktig bilde. Når eg seier at eg ikkje portretterar bokhyllene, men Bergen, så seier det noko om kor viktig bergensarar som har klart det er for byen. Difor snakkar eg med slike som Brann-helten Christian Kalvenes. Han er eit artig døme kva bokportrettet gjeld. Han snakkar i det vide og det breie om kva han les. Men det gir ikkje eit bilde av kven han er. Korleis han snakkar om bøkene avslørar han. Først snakkar han, pliktskyldigst, om dei tinga han heile tida les, om Dan Brown og litt om Roald Dahl og ting frå mora sin bokkasse i barndommen. Eg forsøkte med spørsmål om fotballitteratur: romanar eller sakprosa frå fotballbanen, eller bøker som tematiserar det. Eller fotball som litteratur: Om fotballkampens dramaturgi, om vinnarar og taparar, heltar og antiheltar, og om motstand, hjelparar, element i ei god forteljing. Christian Kalvenes var ganske bleik og uberørt i andletet, nestan blasert og kjeda, uinteressert og uinteressant då vi snakka om fotball. Men så byrja han å snakke om Lars Monsens bøker om å vere på eventyr; om Alaska, kveitefiske og kongelaks. Då fekk stemma ein lysare klang, ein annan fart, og han la endåtil beinet over stollenet. Fotballhelten hadde funnet sin eigen helt og ein draum han framleis ikkje har nådd.

Ein annan konklusjon eg har, stadfestar ei hypotese: Eg var førebudd på det: "alle" (med unntak av FrP-politikaren) har Joyce ståande i samlinga. "Alle"

James Joyces barneborn er proteksjonistisk ovanfor bestefarens litterære livsverk. Eller, sagt på ein annan måte: Han lagar bøll kvar gong nokon er borti morfarens bøker. Uvisst korleis, får Joyce junior snusen i det når ein amatørteatertrupp i Edinburgh forsøker å dramatisere deler av Joyces Ulysess. Dei fekk eit så stort krav om honorar "til etterlatne" at dei ikkje fekk sette opp stykket. Eg veit ikkje kva rockebandet Franz Ferdinand måtte ut med for å bruke Ulysses som tittel på ein av låtane sine. Men ståande, blei tittelen. Kate Bush fekk óg problem då ho ville skrive inn deler av historia i sine tekstar. Det blei til ein tekst om Ulysses; om korleis det kjendes å synge Joyce. I Dag og Tid denne veka uttalar Jenny Hval til Øyvind Vågnes: Tanken om å gå til det kroppslege/ sanselege er praktisk - teksten vert jo sungen, og songen er eit kroppsleg uttrykk, seier Hval. På liknande vis er det noko intuitivt og nestan kroppsleg over måten Kalvenes går til litteraturen. Han går etter den han kan bruke til å planlegge sine eigne eventyr. Kalvenes har allereie planlagt sin Alaskatur i detalj; frå kor mykje det kostar å leige bil, til korleis han skal få tak på sjøfly for å komme seg lenger inn i landet.

Men dei aller fleste som eg snakkar med på denne turneen er altså forfattarar. Forfattarar er kjend for å vere gode lesarar. Særleg gjeld det dei som er utdanna frå Skrivekunstakademiet i Hordaland, kor ein har leseførebilde som beleste Øyvind Rimbereid og Tone Hødnebø, og den tidlegare akademileiaren Tormod Haugland. Men, som ein har fått sett fokus på gjennom kronikkar frå Tomas Espedal: Det finst ein stor kontigent av lesarar i Noreg, ivrige kunstbrukarar som kjøper eller låner bøker, som les og møter opp på litterære arrangement.  Heldigvis. Og ikkje bare det. Gjennom møte med bergenske bokhyller, skal ein også få sjå at nokre av dei mest travle i byen, den tidlegare ordføraren, direktøren for Kunstmuseene, og NRK-kjendis Linda Eide har velassorterte bokhyller. Unge Arild Rossabø har allereie eit stort bibliotek. 89 år gamle Elisabeth Armand selde bøker for fleire hundre tusen kroner då ho måtte flytte bustad for ti år sidan. Men ho har framleis med seg ei tung boksamling. Som framleis veks.

Eg tilbringer dagane i lag med desse bergenske bøkene, hordahyllene. Nettene også, på eit vis. Eg leiger bustaden til Carina Elisabeth Beddari, ein skribent og litteraturvitar med ei bokhylle etter johannesque prinsipp: Som den gamle retorikkprofessoren, sorterar ho sine (eklektiske) bøker optisk. Etter farge. Mens Georg hadde ei hylle for kvar farge, har Beddari alle fargane i ei hylle. Ei regnboge av bøker.

Ei av bøkene hannar handler om forfattarar soma snakkar med forfattarar: Alec Michod one question at a time with Richard Powers, Cornelia Nixon in the den with Marilynne Robinson, Nell Freudenberger in the kitchen with Grace Paley, Ben Marcus on a calculator with George Saunders, Dave Eggers live and onstage with Tobias Wolff, osv. Ein kana snakke om literature some snakkar med literature: Hvals tester som snakkar med Kate Bushes tester som snakkar med Ulysses. Ein kan snakke om boksamlingar soma snakkar med boksamlingar: Min medbrakte literature snakkar, i den teksten, med ting som eg finn i Beddaris bokhylle: Det er her eg finn Dag og Tids artikkel om Hval. Her finn eg også Cortazars Save Twilight, som eg les i den grytidlege marsmorgonen, mens eg høyrer på Young Galaxy. Galaksane sing: We won't believe that love is free. Cause everything worth fighting for doesn't come for free. Cortazar skriv: and let the pleasure we invent together/ be one more sign of freedom. Dei motseier ikkje kvarandre, men bygger line på line, some ein duet.

Det finst ikkje grenser for kva type bøker ein kan lage om bøker. Kva kultur ein får ut av kulturpersonlegdomar. Ein kan la kaos råde og forsøke å dra inn alt i eitt, som ein antologiens Proust eller intervjuets Knausgård. Ein kan også gjere som Johannessen eller Beddari, og velje seg ein organiserande agent. Eg har valt stikkorda Bergen og bokhylle. Med å portrettere bokhyller i Bergen portretterer eg bergensarar. Nokre av dei forfattarar. Nokre av dei viktige av andre grunnar. I nokre tilfelle er det ektefellen deira eg portretterer, fordi det er dei som har samla eller sortert bokhylla. Men ser ein boka som heilskap, er ho kanskje eit portrett av Bergen. Bokhylla Regnbogebyen.