Magasinett

Utskrift

Gjere storbyen til ein varmare stad

Skrive av Mette Karlsvik .

Den norske Rom-Ambassade og korleis arkitekturen påverkar oss.

Den postmoderne verda er full av opne rom. Jon Fosses dramatikk har pausar. I engelsk har ein færre samansette ord, og fleire oppdelte ord. Med luft mellom. Sjølv Oslo har nokre opne rom. Ein skulle tru at trenden var å halde tomromma tomme, for å gi byen litt luft. Trenden har likevel vore å gjere meir by ut av byen, og på den måten hindre at byen veks ut i marka. Markagrensa i Oslo blir respektert.

 

Dei siste, par åra har vi, i denne spalta, reist rundt i verda, til varme og sosiale kaos av nepalsk India, til lune kaffihus i Reykjavik, til austlandet av Island, og til Yokoland. Det har handla om å leite opp gode grunnar til å elske jordkloden og menneska der. I denne episoden av "Vi leiter etter varme og kjærleik", reiser vi til Tullinløkka i Oslo. "Løkka" er vanlegvis eit stykke ope asfalt mellom bokhandelen Tronsmo, Kulturhistorisk museum, og Slottsparken. Nokre veker før og etter påske var området gitt til det norske rom-folket, via Fellesskapsprosjektet for å Fortette Byen. Dei bygde eit konstruksjon der; ein dynamisk og bevegeleg sak på hjul. Ein kino, konsertscene, ei varmestove, ei peisestove, ein grillrestaurant, eller eit utstillingsrom for bilde og kunst.

 

Gjennom to veker var "Den norske Rom-Ambassade" eit rom for det norske Rom-folket; eit vandrefolk opphavleg frå India. Nokre fekk tomter på Økern, fekk bygge seg bustadar i eit industriområde av Oslo på søttitalet. Nokre er heimlause. Nokre vel å vere heimlause, andre er det ufrivillig. Omgrepa "romfolk", "romanifolk", "sigøynarar” og "tatarar" blir brukt inkonsekvent og på ein måte som gjer det vanskelig å skrive om det. Ifølgje Store norske leksikon, er romfolk det ein på folkemunne kallar sigøynarar. Ifølgje dette leksikonet, har ikkje romfolk noko heimland eller nokon felles religion.

Romanifolket, skriv SNL, kjem frå India. Som romfolket, er dei vandrarar. Ifølgje forskingsformidlarane Forskning.no, er "romfolket" dei av vandrarane som kjem frå India. Kjeldene er ueinige med kvarandre om nokre definisjonar. Men det verker å vere semje om dette: Folket manglar eit skriftspråk. Talespråket til romfolket blir kalla romani eller romanies. Språket har ulike dialektar, alt ettersom kor i Europa det blir snakka. Men det som var mest interessant for arkitektane i "Fellesskapsprosjektet for å fortette byen", var sjølve plassen der dei oppheld seg. Felleskapsprosjektet å fortette byen” er laga av Joar Nango (biletkunstnar/arkitekt), Eystein Talleraas (arkitekt) og Håvard Arnhoff (arkitekt).

Vi fekk snakke med Talleraas om prosjektet nokre dagar etter at ambassaden var dekonstruert og pakka saman.

 

– Kva er Fellesskapsprosjektet for å Fortette Byen?

– FFB er eit prosjekt som undersøker forholdet som vi har til det offentlege rom. Gjennom å setje problemstillingar på agendaen, bringe fram idear og sjølv utføre bygginga av våre temporære installasjonar og vidareutviklinga av ideane våre, står vi som arkitektar i ein veldig interessant posisjon. Ved at vi sit i førarsetet og kan utforske alle sidene av prosjekta på vår måte, utviklar dei seg til noko som vi har eit slags eigarskap til, men som samtidig veks litt ut av vår kontroll. Eigentleg på ein veldig fin måte. Dette har vel å gjere med at vi har med det offentlege rom og menneske og gjere, og det er vanskelege ting å sjå føre seg på førehand.

Kor viktig er den konsekvensen av arkitekturprosjektet at det blir til sosiale situasjonar?

– For oss handlar arkitektur om sosiale situasjonar. Det offentlege rom er eit sosialt rom, og vi søker gjennom temporær arkitektur å utfordre og undersøke dette sosiale rommet.

Utanfrå kan det verke som om prosjektet er å fylle tomrom. Kommentar?

– Det gjer det kanskje på fleire måtar. Prosjekta våre tilfører mangfald. Mange av dagens offentlege rom blir jo litt tomme og gjennomdesigna. På ein annen måte vil eg seie at FFB fyller eit tomrom i arkitekturfeltet i Noreg. Gjennom at vi som arkitektar ikkje er betalt av ein klient, har vi høve til å utforske tema frå ein arkitektonisk ståstad og setje dei på dagsorden gjennom bygde installasjonar. Det er eit tankekors at det ikkje blir lagt til rette for meir av denne typen arkitektverksemd som ikkje er profittbasert. Det ble til dømes i år ikkje delt ut eit einaste fullt arbeidsstipend i kategorien "arkitektur" frå kulturrådet.

Viss prosjektet er å fylle tomrom: Handlar det om å gjere storbyen til ein mindre einsam plass?

– Det er jo ein viktig del av prosjektet å lage arenaer der folk møter andre folk. Deltaking er eit viktig tema for oss. Det er viktig at våre offentlege rom er nettopp slike møteplassar der folk deltar. Prosjekta våre har alltid blanda inn dette sosiale aspektet på ein eller annan måte. Vi likar å undersøke kva ramma rundt desse møta kan vere for å tøye omgrepet "offentleg rom", og kva desse tåler som felles eidge rom i byen.

Eg snakka i går med ein noko desillusjonert sjukepleiar. Ho var oppgitt over eit mislukka, norsk velferdsprosjekt. Ho mente at samfunnet vårt er og blir kaldt, og at det beste for pensjonistar er å flytte til slummen i Brasil, der ein i det minste har fellesskap. Har du noko meining om dette? Er det interessant å sjå FFB i ein utvida politisk og samfunnsmessig samanheng?

– Det er jo veldig interessant kvifor det norske samfunn blir opplevd som kaldt, og at så mange seier det. Tyder det på at vi ikkje finner arenaer kor "varme" menneske kan møtast og utrette ting? Dette har kanskje igjen med eigen deltaking å gjere. Det er ganske lett å "ete seg til døde på den tause foraktens billege føde" for å sitere laust frå Arnulf Øverland, eller Tobben og Ero da. Det handlar jo eigentleg om oss sjølv og våre haldningar og vår nysgjerrigheit. Det er viktig å erkjenne at vi sjølv også er med på å forme samfunnet. For min del handlar FFB også om å utfordre meg sjølv på korleis eg møter andre menneske i det offentlege rom. Eg kvier meg ofte for å spørje dresskledde menn om de vil hjelpe til å ta i eit tak, men som regel trur eg faktisk dei blir litt glade for å bli spurt, og dei hjelper gjerne til. Litt avhengig av vêret. Viss prosjektet er å "fortette byen”: Kva får ein, og kva mister ein med ein sånn tilnærming til byplanlegging? Eg er for fortetting av byen, men eg er veldig opptatt av at fortettinga skal tilføre mangfald, noko som får menneske til å treffast på ein ny måte, noko som kanskje aldri blir helt ferdig...

Kva er det med romsk arkitektur og livsstil som interesserer deg? på kva måte relaterer livsstilen deira til det du har sett av arkitekturtradisjon?

– Vi i FFB er veldig inspirerte av nomadisk arkitektur. Den intelligente og opptrente evna til kreativ improvisasjon. Det å ta i bruk ting på staden for å lage tak over hovudet og dei nødvendige funksjonar ein treng. Vi har jobba mykje på denne måten før også, og det var veldig spennande å samarbeide med romfolk rundt løysingar på ambassaden som vi enda opp med å byggje. Dei reiser framleis mykje og denne evna sit djupt.