Magasinett

Utskrift

Reising med meining

Skrive av Anita Svendheim .

Ida Salamonsen (19) har jobba frivillig for Antelope Park.

Å kombinere reiser med frivillig arbeid er i vinden som aldri før. For Ida Salamonsen (19) falt valet på eit løveprosjekt i Zimbabwe.

Den lange ventetida

Det var då Ida Salamonsen frå Nordreisa gjekk sitt siste år på den vidaregåande skulen at ho bestemde seg for at ho ville reise til Afrika for å arbeide som frivillig:

– Eg leste om løveparken Antelope Park på ein blogg og falt fullstendig for prosjektet. Eg har alltid vore glad i både reising og dyr så eg følte med ein gong at dette var noko for meg, fortel Salamonsen.

Saman med bestevenninna si sendte ho inn ein søknad til organisasjonen x-plore, fiksa forsikringspapir, vaksinering og flybillettar.

– Me bestemde oss for å reise i januar 2011 og drog ikkje ned før i november, så det blei ei lang ventetid med gode moglegheiter til å fundere over kva som møtte oss i Afrika, seier Salamonsen som kan fortelje at dei då ikkje visste kva dei kunne forvente av opphaldet.
– Eg hadde aldri vore i Afrika før, så eg hadde som nordmenn flest inntrykk av at det var ein svært fattig verdsdel med mykje tørke.

Møtet med Afrika

Den 7. november i fjor landa jentene i Gweru, ein liten by lokalisert mellom Zimbabwe sine to storbyar Harare og Bulawayo.

– I overfylt og skranglete minibuss blei me frakta over støvete vegar i over to timar, seier Salamonsen. På vegen fekk dei smaken av fattigdom, sebra, korrupt politi og det som blei omtala som den verste hetebølgja i Zimbabwe på over 70 år.

Antelope Park, anlegget dei budde på, var ein kontrast til det zimbabwiske livet med store grøne anlegg, variert dyreliv og fleire tusen frivillige i året.

– I starten var det heile veldig overveldande. Det var mykje informasjon, nye andlet og faste rutinar som ein skulle tilpasse seg, fortel Salamonsen som likevel følte seg velkommen frå første stund.

– Alle dei frivillige kjem dit med den same innstillinga om å bli kjend med nye menneske frå heile verda og me lev veldig tett på kvarandre, men det er heilt rart å tenkje på kor fort me blei som ein liten familie der nede.

Ein meiningsfylt kvardag

Dei siste åra har talet på løver i Afrika falt med over 80 prosent. I Antelope Park arbeider dei med å venne løver som er fødd i fangenskap til deira naturlege omgjevnadar. Målet er at borna deira ein dag skal leve opp til å bli ville løver.

– Dagen vår starta klokka halv sju om morgonen med ein tur med løveungane og varte fram til klokka seks om ettermiddagen, seier Salamonsen og kan fortelja om varierande arbeidsoppgåver:

– I tillegg til å bruke mykje tid med løvene og elefantane måtte me spa møkk, rydda løvebura, kutta opp kyr som skulle bli servert til dyra og inspiserte gjerda som var sett opp rundt parken.
På kveldane samla dei som arbeidde i parken og dei frivillige seg rundt bålet, gjerne akkompagnert med nokre afrikanske trommer.

– Dagane i Antelope Park var alt anna enn glamorøse, men i dag ser eg på den tida som den finaste så langt i mitt liv.

Tilbake til Afrika

– Det unike med å arbeida som frivillig er at du kjem mykje tettare på dyra enn det du ville gjort som ein vanleg turist. Du lærer dei å kjenne og du bidrar verkeleg til at dei får ein betre kvardag, seier Ida som kan fortelje om spesielt ein situasjon som gjorde sterkt inntrykk.

– Me blei alltid fortalt at løver sleiker menneske for å vise at dei set pris på dei og at dei vil passe på deg. Etter to månadar der nede lærte eg verkeleg dyra godt å kjenne, så når den eine løve kom bort og sleika meg var det veldig stort.

Salamonsen poengterer at til tross for den kostnaden det er å reise for å arbeide som frivillig får du det igjen i vennskap verda over og unike opplevingar.

– Under opphaldet lærte eg utruleg mykje om Afrika og situasjonen til løvene, men ikkje minst meg sjølve. I dag planleggar Ida sin neste tur ned til Antelope Park, denne gongen på eit nytt prosjekt der ho skal arbeide ute i lokalsamfunnet med barneheimsborn og skuleelevar.

– Eg trur aldri eg kjem til å bli ferdig med Afrika.