Magasinett

Utskrift

Frå Noreg til Brasil

Skrive av Kristine Askvik .

Astrid Susanne Skjold er på helgetur til storbyen Belo Horizonte saman med vertssystera Vírginia Marques og kjærasten til systera. – Eg kjem til å sakne Brasil. Det vil verte trist å reise herifrå om kort tid, seier Skjold.

32 norske ungdommar reiste ut i verda gjennom organisasjonen Rotary i år. Målet er å tredoble talet.

Sidan juli 2011 har Astrid Susanne Skjold frå Tønsberg budd i byen Carmodo Paranaíba i delstaten Minas Gerais i Brasil. Byen ligger kring seks timer køyring nord for Rio.

Laurdag føremiddag sit Astrid i ein park og slappar av saman med vertssystera si og kjærasten hennar. Kring dei ruver palmetrea opp mot sola som står høgt. Litt lenger inn i parken er ei gruppe i gang med å danse den tradisjonelle kampsporten capoeira.

Hundre invitasjonar

Når Astrid kjem heim til Noreg, har ho lyst til å ta med seg litt av den brasilianske veremåten.

– Folk er så opne her. Det er så lett å verte kjent med folk. Kvar helg får eg omtrent hundre invitasjonar til bursdagsselskap, bryllaup, grillfester og gardsbesøk. Alle ynskjer å syne fram det beste landet, byen og familien har å by på, fortel ho.

Astrid er ein av 32 utvekslingsstudentar som organisasjonen Rotary har sendt frå Noreg og ut i verda i skuleåret 2011-2012. Dei har forutan Brasil, reist til Argentina, Ecuador, USA, Canada, Taiwan, Japan, Australia og Frankrike.

Skape fred

Rotary er ein organisasjon som arbeider mellom anna for å skape forståing, fred og samarbeid gjennom verdsomspennande nettverk på tvers av yrke.

Les meir om Rotary her!

Rotary har over 12.000 medlemmer i Noreg. Ein kan ikkje melde seg inn i ein Rotaryklubb, men ein må bli invitert inn for å kunne delta. Ein treng ikkje ha ein link til ein klubb for å kunne reise på utveksling, men kan ta kontakt med næraste klubb og forhøyre seg om moglegheitene.

Rotary sitt årsutvekslingsprogram er for elevar i vidaregåande skule. Målet er å bygge relasjonar mellom unge i heile verda. Utvekslingsstudentane bur hjå vertsfamiliar i landet dei kjem til. Vertsfamiliane høyrer gjerne til ein Rotaryklubb.

Treng fleire familiar

Innan 2014 ynskjer Rotary i Noreg å tredoble talet på utvekslingsstudentar. Til no har ikkje Rotaryklubbane klart å auke talet så mykje.

– For å kunne sende ut ein utvekslingsstudent, må ein klubb òg ta imot ein utvekslingsstudent. Vi har utfordringar med å skaffe nok vertsfamiliar. Dette er noko klubbane jobbar aktivt med og det vil vi halde fram med, seier Bente Akre, leiar for ungdomsutvekslinga i Rotary i Noreg.

Rotary stiller følgjande krav til ungdommane som ynskjer å delta.

– Dei må vere nysgjerrige, opne, fleksible, utadvent og villig til å lære og tilpasse seg andre land, kulturar og språk. Ein bør vere minst middel flink på skulen, fortel Akre.

Ho seier at utvekslinga er fredsarbeid i praksis.

– Det er mellom anna på grunn av utvekslingsprogrammet at Rotary International har vorte nominert til Nobels fredspris, seier Akre.

Er du mellom 16 og 18 år og har lyst til å bu og studere eit år i utlandet? Sjekk korleis du går fram på Rotary sine nettsider.

Utanlandsk ”kjendis”

Carmodo Paranaíba har kring 30.000 innbyggjarar. Veldig mange av dei veit kven Astrid er. Brasilianarane rygger ikkje unna om det kjem fremmande, snarare tvert om.

– Folk er så imøtekommande. Eg merkar at eg vert sånn sjølv. Det er ikkje sånn at eg unngår å sette meg ved sidan av nokon på bussen lenger. Eg er nysgjerrig og tek gjerne kontakt med folk, seier Skjold.

Ho valte å reise til Brasil mellom anna fordi ho ynska å lære eit anna språk enn engelsk. Vertsforeldra snakkar ikkje engelsk, så læringskurva har vore god og bratt.

– I byrjinga var det mykje ansikt, hender og peiking, men det gjekk veldig fint, fortel 17-åringen og ler. Og dultar litt borti vertssøsteren Virgínia Marques (19).

– Du lurar på om Astrid er ei bra søster? Åja, vi har det veldig kjekt saman. Ho har vore veldig flink til å lære portugisisk og er hele tida veldig interessert i å lære, fortel Virgínia Marques.

Òg frå Rotary får ho skryt.

– Utvekslingsstudentar som Astrid er noko av det viktigaste vi har. Utvekslinga betyr svært mykje for Rotary. Gjennom å bygge nettverk på tvers av landegrenser, får ein meir forståing for kvarandre,  og får ein vener og kjente for resten av livet, seier Antônio Augusto Santos Nunes, guvernør for Rotarydistrikt 4760 i Brasil.

Skjold vil gjerne at fleire skal få vite om utvekslingsprogrammet til Rotary.

– Eg vil oppmode andre på det sterkaste om å ta eit år som utvekslingsstudent gjennom Rotary. Men det er viktig at ein er motivert og engasjert. Det er ikkje berre barnemat, det er tøffe tider også. Ein er langt heimafrå. Men har ein lyst og er interessert kan få ei heilt fantastisk oppleving, seier Skjold.