Magasinett

Utskrift

Ut i verda – heim til Vinje

Skrive av Marit Lajord .

Heime. Me møtte Odd Nordstoga heime i Vinje.

Om sumaren, songane og det å ikkje skulle verte ein New Yorkar – me møtte Odd Nordstoga på heimebane.

– Eg har på ein måte oppnådd alt eg har drøymt om, seier Odd Nordstoga. Til no har han bak seg, der tre har toppa VG-lista, hatt hundrevis av speleoppdrag, laga lydspor til tv-serien Vaffelhjarte og hausta høge terningkast.

Me møtte Odd Nordstoga der draumen starta. Forbi skogkledde åsar og kommuneskiltet med ein geitebukk, på ein nedlagt bensinstasjon berre nokre kilometer frå garden han vaks opp.

Altomfattande

– Heimstaden pregar ein på ein grunnleggjande og altomfattande måte, sjølv om det kan vera vanskeleg å setje fingeren på akkurat korleis. Eg vil til dømes aldri kunne verte ein New Yorkar, men også i Oslo som er min by, vil eg alltid vera ein innflyttar – den kjensla trur eg er særleg sterk når ein har etablert seg.

Sjølv om Odd Nordstoga meiner vegen kan vera lenger om ein til dømes vil verte skodespelar eller andre spesielle ting, peikar han på all kunnskapen ein har når ein kjem frå bygda.

– Eg kan både køyre traktor og handtere ei motorsag, ein får mykje gratis.

Han tykkjer òg bygder kan vera flotte fellesskap, med alle ulike folk som er del av det. Samstundes ser han på heimbygda med andre auge enn då han var yngre.

– Då eg vaks opp verka fjella enorme og Vinjevatn uendeleg stort, no verkar alt lite i forhold til då, utan at det er på nokon dårleg måte. Det var enormt å treffe folk frå Rauland eller Bø, så har ferda gått vidare ut i verda og ting er annleis.

Storebror og Lillebror

For Vinje har vore meir enn oppvekst, det er ei inspirasjonskjelde og rommar eit heimepublikum i ekstase. Det siste fekk me med oss kvelden me møtte artisten, frå konserten med den tidligare gruppa Blåmann Blåmann, og konstant allsong frå Hallo Hallo til Oppå Himmelen med Odd Nordstoga og bandet.

– Det er artig å spele på heimebane, særleg med Blåmann Blåmann. At Storebror og Lillebror er ein større hit enn You Raise Me Up er spesielt.

Han peikar på låta Fuggel i Karmen frå debutplata Something Odd som ein annan favoritt hjå vinbyggjarane, sjølv om den ikkje var på settlista denne gongen.

På scenen. Odd Nordstoga med gitaren.

Heimlengt

– Når ein skaper musikk bruker ein dei erfaringane ein har, så klart mange av songane mine er prega av Vinje, både direkte og meir indirekte, seier Odd. Og peikar på at fleire songane hans handlar om heimlengt, som Heim Te Mor frå plata Heim Te Mor og Den siste generasjonen som lengtar heim frå plata Nordstoga.

– Kaldt Vatn var meint som ein hyllast til Vinje og fjella her, det speglar seg i refrenget, held han fram.

eg veit ein stad der snoen ligg kvit og isen har reist, og fisken den bit/Eg veit ein stad der sjeli blir kvit og rein av alt det som glefsar og bit.

Men songane handlar om meir enn heimlengt, i plata Bestevenn er ein barndom ein raud tråd – i Pilegrim er det vandringa.

– Den fyrste plata er den som har spegla det å vera ungdom, med låtar som Noko anna. For då var eg i alle fall nesten ungdom, seier Odd om Something Odd, han gav ut som 25-åring.

Sumaren

Dagen me møtte Odd var ein av dei varmaste denne sumaren, med korte shortsar og solbrente naser, slik det høver på festival.

– Ein kajakktur på Sørlandet, med berre havet omkring og Danmark neste – det er ein av dei perfekte augneblinkane denne sumaren.

Elles er sumaren Vinje og Sørlandet og speleoppdrag. Sjølv med mange festivaloppdrag vert det som regel lite festivalkjensle for artisten, med Bøgrend Autofest som eit solid unntak.

– For meg er festivalar stort sett bak scena, lydprøve og så vidare til neste oppdrag.

Slutten av settet

Allsong på konsertar, åtgaum, eit liv som musikar og godt platesal. Odd Nordstoga føler han har oppnådd mykje, men det er framleis ting å drøyme om.

– Eg har enno ikkje fylt spektrum åleine, med det er eg ikkje sikker på om er nokon draum heller. Eg ynskjer meg  kanskje mei av standinga eg har her i heimtraktene i større delar av landet, samstundes vil eg halde fram og skrive nye songar.

Og kanskje kan me glede oss til nye hits i same gate som Femten songar på ein gong og Lause ting…

På dei to siste platene har eg utdjupa det rolege og melankolske. Framover kan eg tenkje meg å gå attende til songane me spela på slutten av settet og lage noko i den gata, avsluttar Odd Nordstoga.

Blåmann Blåmann. Odd Nordstoga si tidligare folkemusikkgruppe, her med Silje Hegg, Asgaut H. Bakken og Solo Cissohoko.