Magasinett

Utskrift

Alt ein kan drøyme om

Skrive av Marit Lajord .

Trivst. Damene i Katzenjammer har stått på hundrevis av scene rundt om i verda.

Livet som rockestjerner er eit reknestykke å ta kvar einaste dag, men for damene  Katzenjammer er det framleis verdt det og alt dei kan drøyme om.

– Ein kan ikkje førestille seg dette tilværet utan å ha prøvd det sjølv. For det er alt ein kan drøyme om, samstundes kjenner vi alle baksidene av turnelivet på kroppen. Så det er eit reknestykke å ta kvar einaste dag og vil held på så lenge det er verdt det, seier Anne Marit Bergheim.

Saman med Solveig Heilo, Marianne Sveen og Turid Jørgensen, har ho levd av musikken sidan 2009. I desse åra har gjeve ut oppfølgjarplata ”A Kiss Before You Go”, turnert verda, rotert på hundrevis av scena og fått skryt for å lage ”Solskinn i oktober” i VG si platemelding. Vi møtte Katzenjammer på turne.

Energien

– Publikum er bensinen som gjer at vi kan setje inn det ekstra giret på scena. Kvar konsert har ein ny samansetning av publikum, så kvar gong vi går på scena er ei ny oppleving, seier Anne Marit Bergheim og Turid Jørgensen.

- Spel masse ute. Turid Jørgensen og Anne Marit Bergheim med råd til unge musikkspirer.

Katzenjammer føler seg heldige som får stå på små og store scene, noko som gjev vidt forskjellige opplevingar. Saman med konsertar der det kjem overraskande mange folk, peikar dei på dei små konsertane, som nokre av dei beste sceneopplevingane. Uansett er det energi det handlar om.

–  Å spele små intime konsertar med mykje energi er veldig bra. Det er mest som å vera på fest i lag med publikum.

Vitskap

– For oss er det å setje ei setliste framom ein konsert mest som ein vitskap. Med rotasjonen på scena er det viktig å få god flyt og å halde på dynamikken, forklarar Anne Marit.

Vekslinga mellom munnspel, trommer, gitar, trekkspel, piano, mandolin og balalaikabass, er noko av det som har vekst størst åtgaum for jentebandet. Saman med stilmiksen med element av bluegrass, rock, country, pop og karneval. Og så låtane – frå meldarfavorittane ”Lady Marlene” og ”Cherry Pie”, til ”A Bar In Amsterdam” som var med å gjere gruppa verkeleg kjent i 2008 og med på debutplata ”Le Pop”.

Mangslunge inspirasjon

– Eg tykkjer ”Hey Ho On The Devil’s Back” høver godt på regnvêrsdagar, for den er litt ruskete, fortel Turid.

Då vi møtte Katzenjammer i regnet, lurte vi og på korleis musikken vert til.

– Inspirasjon kan kome frå alt rundt oss – film, teikneseriar eller alle reisene vi er på, held Turid fram. ”Rock-Paper-Scissor” vart til i Nashville, Tennessee og er den einaste låta heile bandet har skrive i saman. Med på laget har dei og låtskrivar Mats Nybø.

Alt publikum er rett publikum

For damene i Katzenjammer har det å kunne leve av musikken vore del av sjølve draumen og dei har klart det. Men kva er dei beste råda til ungdom som vil satse på musikken?

– Å spele masse ute er viktigare enn timane i øvingsrommet. For alt treng ikkje vera ikkje vera perfekt før ein framfører, forklarar Turid Jørgensen.

– Har ein eit produkt ein kan stå for er det berre å framføre det når og kor som helst. For det er viktig å hugse at alt publikum er rett publikum, avsluttar damene i Katzenjammer.

Publikumsfavorittar. Katzenjammer på Bøgrend Autofest

Draumen. Damene i Katzenjammer har levd av musikken sidan 2009.