Magasinett

Utskrift

Vann med bilete av broren

Skrive av Svein Olav Langåker .

FOTO: Yousef Shamari

Yousef Shamari er vinnaren av fotokonkurransen vår i sommar.

 

I sommar har Magasinett arrangert fotokonkurranse saman med Framtida.no. Til saman kom det inn 65 bilete i fotokonkurransen. Etter nøye vurdering av redaksjonane til Magasinett og Framtida.no kom ein fram til ein vinnar.

 

Det var tett i teten, men biletet til Yousef Shamari merka seg ut. Biletet viser veslebror til Yousef, Younes, medan han blæs løvetannfrø.

Biletet er i svart-kvitt, noko som gjev eit anna og djupare inntrykk. Det er sommar, men me får òg inntrykk av lengt og noko alvor. Det kjem òg fram i biletteksten, der det står at Younes har ønskt seg noko. Dette biletet er kunst, skriv juryen i grunngjevinga si. Yousef Shamari har òg sendt inn fleire andre gode bilete.

Førstepremien er på 3000 kroner.

 

Generelt var nivået høgt i fototevlinga. Juryen har vald å gje heiderleg omtale til fem fotografar i tillegg til vinnaren. Desse får bøker i premie.

Victoria Larsen har sendt inn fleire gode foto tatt med makrolinse. Mange flotte detaljar frå sommaren – godt komponerte

Vebjørn Eide har sendt inn fleire flotte bilete, som både er teknisk gode og med gode komposisjonar. Best likte me biletet av Lukkeleg jente, som var blant dei beste bileta i konkurransen.

Thea Marie Kvam har sendt inn bileta som gjev ei sterk kjensle av sommar. Med litt duse fargar med typiske sommaraktivitetar minner bileta om sommaren ein aldri gløymer.

Tove Kristiansen har sendt inn fleire bilete – fleire av dei fangar lyser på ein veldig flott måte. Spesielt likte me biletet av ein sjark rett før sola går ned.

Jeanette Celine Mangaard har sendt inn eit herleg sommarbilde av spreke ungdommar på Solastranda. Bilete viser verkeleg sommarglede.

Sjå alle bidraga her!