Magasinett

Utskrift

Jobbar for håp i Afrika

Skrive av Svein Olav Langåker .

Anita Svendheim hjelper foreldrelause born i Zimbabwe. FOTO: Privat

Mange drøymer om å hjelpa fattige barn i Afrika. Anita Svendheim (20) gjer noko med det. No har ho starta sin eigen hjelpeorganisasjon.

Tidlegare Magasinett-skribent Anita Svendheim har brukt store delar av sommaren ved ein barneheim i Zimbabwe i Afrika. Ho har, saman med vener, stifta ein organisasjon for å samla inn pengar til Midlands Childrens Hope Project.

Kva var det som fekk deg til å starta Midlands Children Hope Project?

– Ideen om å starte MCHP kom til meg då eg arbeidde som frivillig i Zimbabwe i 2011. Her besøkte eg ein barneheim med namn Midlands Children Hope Project, der 18 born i alderen 8-16 bur. Det var stor usikkerheit rundt kvardagen deira, og då spesielt skulegongen, då dei er heilt avhengige av frivillige sine donasjonar.

– Saman med Thomas Nordberg, som også arbeidde frivillig ved same barneheimen, såg me det unike potensialet for norske sponsorar til å gjera ein stor forskjell i borna sitt liv ved å sikre dei ein fullendt skulegong. Heimen har mange behov, men me valde å fokusera på dette då me har tru på at dei moglegheitene, kunnskapen og motivasjonen som blir gitt dei i klasserommet gir dei best mogleg føresetnadar for ei bra framtid.

Korleis er det å jobba med hjelpearbeid?

– Før eg starta arbeidet med organisasjonen visste eg nok ikkje heilt kva det var eg heiv meg inn i. Papirarbeid rundt registrering i Brønnøysundregistera, oppfølging av sponsorar og overvaking av midlar som blir brukt i Zimbabwe er mykje arbeid, men når ein ser kor lite som skal til for å forandra eit heilt liv til det betre her nede i Afrika er det ein liten pris å betala.

Kva er Midlands Children Hope Centre?

– Dei vanskelege tidene i Zimbabwe har ramma dei mest sårbare hardast og har gjort fleire og fleire born hamnar på gata. Midlands Children Hope Centre driv eit drop-in senter og ein barneheim der dei har som mål å få desse borna tilbake i samfunnet igjen. Dette er veldig vanskeleg arbeid då desse borna er blitt vane med ein gatekultur med heilt andre verdiar enn folk flest. Ofte kan det ta 4-5 år frå dei startar å arbeide med eit born til det blir tatt vekk frå gata for godt.

– Ved drop-in senteret serverer dei gateborna eit dagleg måltid, samt gir dei moglegheita til å slappe av, ta seg eit bad og vaske kleda sine. Her får dei også den oppfølginga og støtta dei treng for å komma seg tilbake i samfunnet. Dersom dei har ein familie vil ein prøve å ta dei tilbake til heimen.

– Barneheimen er for dei foreldrelause borna som har eit sterkt ynskje om å komma seg vekk frå gata. Her vil dei få den tryggleiken som faste rammer, ein seng å sove i, tre daglege måltid og skulegong gir dei.

– Midlands Children Hope Centre har seks tilsette, som alle arbeider fulltid gratis for at gateborna skal få ei betre framtid.

Korleis er det å jobba med hjelpearbeid i eit land med eit styresett som Zimbabwe?

– På mange måtar gjer det arbeidet vårt meir tungvindt då ein møter på utfordringar som at norske bankar ikkje overfører pengar til zimbabwiske bankar, men det er på ingen måte ein umoglegheit. Korrupsjonen har også ført til at fleire organisasjonar som til dømes UNICEF og vestlege land har kutta all bistand til landet, og gjer det enorme behovet ein ser i landet opp for dei ekstra krafttaka det krev.

– Korrupsjonen i landet påverkar også borna som ein arbeidar med i stor grad. Mange blir brukt i organisert kriminalitet av til dømes ulovlege gruvearbeidarar, der jentene blir eigd av eldre menn. Staten bruker også gateborna som ein type agentar då borna har kontroll på alt som skjer i gatene.

Kor mange i Noreg er de som er engasjerte i organisasjonen?

– Per i dag er me 3 personar som sit i styret til organisasjonen, i tillegg til at me har over 20 sponsorar som er spreidd over heile landet. Me samarbeider også med personar i New Zealand og Australia som ynskjer å setje opp liknande prosjekt.

Korleis jobbar de for å samla inn pengar?

– Hovudsakleg fokuserer me på sponsorar som støttar barneheimen med eit månadleg beløp, anten det er som vanleg sponsor eller studentsponsor. Desse donasjonane vil uavkorta gå til å dekke utgiftene barneheimen har rundt skulegongen til borna, då dette er ein enorm utgift for dei som ein følgje av at skulepengane i Zimbabwe har auka med 300 prosent dei siste åra.

– Me ynskjer også å sponse barneheimen på andre områder, som å sette opp prosjekter som kan gjera at dei ein dag vil vera økonomisk uavhengig av frivillige donasjonar. Til hausten kjem organisasjonen til å gje ut eit magasin der overskotet vil gå til å kjøpe barneheimen ein større eigedom slik at dei vil kunne ta imot fleire born, setje opp sin eigen grønsakshage og starte opp andre prosjekt som krev større plass.

Kva gjer du til hausten?

– Til hausten flyttar eg til Surrey, England, for å studere internasjonale relasjonar ved universitetet Royal Holloway.

Samstundes har ho planar om å jobba for hjelpeorganisasjonen sin.