Magasinett

Utskrift

Saman i kampen mot hiv

Skrive av Bergit Sønstebø Svendseid .

hiv1

To jenter med same mål, på kvar sin side av jorda. Anette og Kuena jobbar begge for ein aidsfri generasjon.

Maseru, Lesotho: I Lesotho er 23,6 prosent av innbyggjarane hiv-positive, i Noreg er berre 0,1 prosent smitta av viruset, men begge stader spelar ungdomar ei viktig rolle i kampen mot hiv og aids.

To av dei er Kuena Diaho (26) frå Lesotho og Anette Remme (25) frå Noreg. Dei møtte kvarandre på ein internasjonal aidskonferanse, og har sidan haldt kontakten. For sjølv om det er ei verd mellom Lesotho og Noreg, deler dei det same engasjementet.

Anette Remme starta engasjementet for hiv-saka under ein studietur til Zambia.Lesotho hardt råka
For Anette Remme starta engasjementet for hiv-saka under ein studietur til Zambia.

– Eg ville forandre verda rett og slett, og ynskja difor å bruke tid på frivillig arbeid attmed studia. Under turen til Zambia skjøna eg kor stort eit hinder hiv er for utvikling. Derfor valde eg å engasjere meg i hiv-saka gjennom SAIH.

Medan hiv og aids I Noreg i stor grad handlar om globale spørsmål, er viruset kvardagen i Lesotho. Det vesle landet, som ligg midt inne i Sør-Afrika, er nummer tre på lista over land med flest hiv-smitta per innbyggar. UNAIDS anslår at 290 000 av landets dryge to millionar innbyggjarar er smitta.

– Sjølv om eg ikkje er berar av viruset sjølv, er eg som alle andre her råka av det, seier Kuena om kvifor ho valde å engasjere seg i nettopp hiv og aids.

Snuoperasjonen
Kuena Diaho gjekk tilfeldig på eit møte i YWCA og fekk høyre at det var for få ungdommar som engasjerte seg i hiv og aids-arbeidet. Det tok ikkje lang tid før ho var med og arrangerte seminar og møter for ungdom som ville lære meir om hiv.

– Vi har brukt underhaldning, kunst, drama, alt for å få ut informasjon om viruset til ungdom, fortel Kuena.

Informasjonsarbeidet har gjeve resultat. Talet på nye hiv-smitta har gått ned dei siste åra, og det nasjonale aidsrådet i Lesotho fortel om mindre stigmatisering av hiv-positive og fleire unge som går og testar seg. Kuena trur arbeidet blant unge har vore viktig for å få ned hiv-raten.

(saka held fram under bildet)

Kuena driv mykje med opplysingsarbeid.

Kuena driv mykje med opplysingsarbeid.

Ei global sak
Frå frivillig arbeid med hiv i ungdomsorganisasjonar lokalt, har både Kuena og Anette enda opp med å jobbe med hiv/aids på internasjonalt plan. I eit år var Kuena praktikant på hovudkontoret til YWCA i Genève og jobba med hiv der. Anette er no ungdomsrepresentant i Det globale fondet for kamp mot aids, tuberkulose og malaria.

Kuena Diaho seier at unge kvinner må lære å stå opp for seg sjølv.I Noreg er hiv eit lite problem samanlikna med Lesotho, men informasjonsarbeid er likevel viktig, meiner Anette. I 2011 blei det registert 269 nye tilfeller av hiv i Noreg, noko som, ifølgje Folkehelseinstituttet, er ei svak auke frå året før.

– Unge her har lite kunnskap om hiv, og hiv-positive er nesten usynlege i det norske samfunnet. I Lesotho er hiv ein del av folks kvardag, men både der og i Noreg er det mykje stigma, seier Anette.

Unge kvinner trengst
Begge meiner ungdom – og jenter – er sentrale om ein skal nå målet om ein aidsfri generasjon.

– Vi oppmuntrar unge kvinner til å skaffe seg utdanning, slik at dei ikkje blir så avhengige av partnarane sine. Dei må lære å stå opp for seg sjølv, slik at dei tørr å krevje at partnaren brukar prevensjon og testar seg for hiv, seier Kuena.

– Ungdom må få høve til å ta eigne val for eigen kropp. Samstundes trenger kampen mot hiv oss fordi det er vi som har ideane og løysingane som trengst, avsluttar Anette.

Ungdomsnettverket mot hiv og aids har mellom anna fått møta kronprinsesse Mette-Marit.

Ungdomsnettverket mot hiv og aids har mellom anna fått møta kronprinsesse Mette-Marit.