Magasinett

Utskrift

Nesten heilt åleine

Skrive av Kristine Askvik .

jeger-ingrid-helene

11 år gammal vart Ingrid Helene Songve Kristiansen heilt hekta på jakt. Norges Jeger - og Fiskerforbund kjempar for å få med fleire som ho.

Hundane bjeffar frå inngjerdinga si like ved huset til Kristiansen og familien på Voss. Høgt oppe i lia har dei god utsikt over fjella på den andre sida. Nede i dalen ligg det litt morgontåke. Haustregnet er i lufta. Hundane knivast om kven som får vere med. Harehunden Ask vinn i dag.
– Dei har så mykje energi, sjølv om dei spring omkring i skogen ein heil dag vert dei ikkje slitne, fortel Kristiansen.

Jakt i staden for bursdag
Og det gjer ho nesten ikkje sjølv heller. Ho hugsar godt den fyrste gongen ho vart verkeleg hekta på jakt. Ho var kring 11 år og var med far sin på reinsdyrjakt på fjellet Lønahorgi i heimkommunen. Det var ikkje ein helt vanleg dag.
– Vetlebroren min hadde bursdag og eg hugsar at dei heime venta og venta på at me skulle kome heim, men så vart vi borte i 12 timar og då me kom heim hadde alle gjestene gått, seier Kristiansen. Ho fortel at ho fekk litt dårleg samvit ovafor broren, og gråt litt over da. Men opplevinga på fjellet ga meirsmak.
– Det var både slitsamt og spennande. Vi leita etter reinsdyr heile dagen og eg trur vi skaut to dyr. Dyra måtte fraktas ned, det var langt. Og dyra måtte delast. Det er heilt klart mitt største jaktminne, seier 18-åringen.

No i haust har ho teke jaktprøven. Ho har valt å ta skotprøven fyrst neste år, slik at ho får eit år med skottrening fyrst. Neste haust kan ho skyte både småvilt og storvilt.

Vanskeleg jente-jobb
Norges Jeger - og fiskerforbund (NJFF) arbeider spesielt med å rekruttere jenter og ungdom. De vil ha fleire slike som Ingrid Helene, men dei har erfart at det er vanskelig å få jentene med.

- Tradisjonelt har jakt og fiske vore for menn, det er tungt å snu dette og noko som må innarbeidast over ein lengre periode, seier Irene Dyngeland, leiar for kvinneutvalet i Hordaland Jakt – og Fiskerforbund.

Ho peikar på at det er spesielt vanskelig å få med tenåringar. Gjennom å gi barn positive erfaringar med jakt og fiske, håpar ho dette kan påverke dei når dei vert større.

– Det er viktig å lære ungdom å forvalte naturen på ein god måte. Det kan dei lære i jeger - og fiskarforeininga, seier Dyngeland.

Berre 15 prosent jenter
NJFF har totalt 118 000 medlemmar. 13 000 av desse er kvinner. Forbundet har 22 000 medlemmer under 25 år, berre 15 prosent av desse er jenter.

– Vi har i ei årrekkje satsa på å auke talet på kvinnelege medlemmar og vi har satt mye ressursar på dette arbeidet, seier kommunikasjonskonsulent Håvard Skjerstad Andersen i Norges Jeger- og Fiskerforbund (NJFF). Andersen seier dei ser at tilbod retta spesielt mot jenter og kvinner, er populært og skaper suksess. Dei ynskjer at endå fleire lokallag vil tilby slike aktivitetar. Han meiner forbundet er på rett veg:
– Vi ser at saman med den generelle samfunnsutviklinga går det no i riktig retning. Det vi ser er at våre kvinnelige medlemmer er veldig aktive i organisasjonen, og i tillitsverva er kjønnsfordelinga mykje jamnare.

Oppmodar andre om å bli med
– Eg tenkjer at viss nokon syslar med tanken om at det kunne vere kjekt å prøve, så burde ein melde seg opp til jegerprøven. Det er verkeleg verdt det, seier Kristiansen.
Ho legg til at mange, både gutar og jenter, er opptekne av trening.
– Å gå på jakt er både god trening og skapar gode opplevingar. I staden for å gå på treningssenter, kan ein gå i skogen, foreslår Kristiansen.
På sikt håper ho å få i stand eit eige jaktlag med berre jenter, til no har ho vore den einaste jenta.
– Vi jentene kunne vist at vi greier det like bra som menn.

Skyt sin eigen mat
I tillegg til at jakt både er trening og naturopplevingar, er det òg matauke.
Sjølv likar ho at maten ho et kjem frå sjølvskotne dyr.
– All kjøttdeigen vi har kjem til dømes frå dyr som pappa har skote. Det smakar mykje betre og det vert òg billigare.
Som jeger har Kristiansen ei klår og einskild målsetting:
– Eg vil verte ein god jeger.
– Kva er ein god jeger?
– Ein skal ikkje skadeskyte dyr, vere generelt human mot dyra, oppleve naturen. Eg gler meg til å vere skikkelig ute i naturen.

SPENT: Neste haust skal Ingrid Helene Songve Kristiansen jakte for fyrste gong åleine. – Eg grugler meg. Eg lurar jo på om eg vil treffe dyret som er i fart.