Magasinett

Utskrift

Island # 12: Bøkene

Skrive av Mette Karlsvik .

Kystlina utanfor Eyrarbakki, sør for Selfoss.

Vakne Magasinettlesarar har fått med seg ein serie kjærleikserklæringar til Island, til geotermisk kraft og annan grøn nytting av naturressursar. Men mest av alt har Island vore eit land av kunstnarar og kunstinteresserte. Då Island erfarte eit økonomisk krakk i 2008, var det ein einaste industri som heldt koken som før: skrivinga og produksjonen av bøker. Ingen land har så stor tettleik av forfattarar som Island. Bli med til Sør-Landet, og Islands svar på Shakespeare & Co.

SELFOSS, SUDURLAND, september 2012: Før Soloppgang er ein kultfilm der handlinga er lagt til bokhandlaren Shakespeare & Company i Paris. Denne bokhandelen er kjent som eit kunstverk i seg sjølv; som ei blanding av eit galleri, ein møtestad, ein bokhandlar for bokelskarar å reise i pilegrim til. Det går òg historier om pilegrimar i beatpoesi. Dei reiser til San Francisco, til sjappa City Lights. Til Selfoss valfartar sjakkfolk. Dei kjem til kyrkja der Bobby Fischer skal vere gravlagd. På vegen til den kyrkja, ho ligg litt utanfor byen, er Bókkafé Sudurlands. Mens City Lights har forlagsmannen Lawrence Ferlinghetti på bakrommet, sitt det ein avismann og røyker i eit løynd kammer bak hyllene på Bókkafé Selfoss. Bjarni (ca. 50) starta og dreiv ei avis, ei slags Nationen for Island, som han selde. Pengane brukte han til å bygge opp bokkaféen. Der er det eg trur må vere den største samlinga av sjakkbøker. Kongen på brettet er boka Sjakkens Holmenkollen. Eit prakteksemplar er stilt ut med framsida ut. Og i avdelinga for omsett skjønnlitteratur regjerer ein annan konge: Jeg skal vise dere frykten, Nikolaj Frobenius´ bok om forfattaren Edgar Allan Poe og redaktøren Rufus Griswold, er ei av dei få meir smale, norske titlane som er omsett til islandsk. Jo Nesbø, Tom Egeland og Anne B. Ragde er òg omsett.

Men i dag, på Selfoss, er det Frobenius som står fremst: Bókkafé har ein heil stabel av dei. Selfoss er meir enn gravstaden til Bobby Fischer. Bonus, bokkafé og symjehall: Selfoss gir alt eg treng: Kva Shakespeare & Company er for Paris, kva City Lights er for San Fransisco, er denne bokkaféen for Selfoss. Smugrøyking på bakrommet lurar ingen. Det luktar røykjakke og skrivemaskin, gamle bøker, lær og god kaffi. - Fischer var først og fremst ein sjuk mann, seier Bjarni dagen etter. Bobby Fischer kjente seg forfølgt, og var kjent som ein eksentrikar og ein asosial person. Bjarni seier òg at Fischer hadde grunn til å vere paranoid; folk var ute etter sjakkpengane hans.

Her lærer eg at mor hans var jaga av FBI. Fischer var ein jaga mann då han levde. Heller ikkje no, når han har gått bort, får han fred. Han døydde som ein rik mann. Det var strid om arven etter han. Nokre jenter frå Filipinane hevda dei var hans biologiske døtrer. Ein måtte grave i kyrkjegarden for å hente DNA-spor av sjakkspelaren. Lokalfolk, som er andeleg medvitne, var sjokkerte, og opplevde handsaminga av den daude som utåleleg. Ein uroar minnet om den avdøydde på andre måtar også: Me and Bobby Fisher er ein film som nyleg blei laga om sjakkspelaren. Den er ein av minst fem om sjakkspelaren. I tillegg er det komme bøker og featureartiklar, ein vil så gjerne skjønne dette geniet og eksentrikaren, komme til djupet av løyndomen hans.

Dårleg kaffi på Bónus nokre minutt seinare. Men på supermarknaden er ei korg med billege DVD-ar, der eg finn Howl; filmatiseringa av Allan Ginsbergs kanoniserte dikt med same tittel. Der leiker, som ein seier på islandsk om skodespel, nokon leiker Lawrence Ferlinghetti i denne filmen: det er frå rettssaken mot Ginsberg og forlaget; Howl gjekk gjennom liknande prosessar som Sandemoses Lasso rundt Fru Luna. Men her handlar det ikkje bare om spørsmål rundt det usedelege, men også om narkotika, mulegvis, det er ikkje lett å seie, det er ein tolkingssak. I filmen er Ferlinghetti framstilt som ein bitter mann. Men etter å ha lese essayboka Den siste beatpoeten av Linda Klakken framstår ikkje Ferlinghetti bitter, ikkje anna enn stolt av det han har gitt ut.

Bobby Fischer på sjakkolympiaden i Leipzig i 1960. Foto: Karpouzi/Wikipedia/CC-lisens

Lysa blir sløkt i Selfoss by. Bygda Eyrarbakki er ei lita mil unna. Det er her eg bur for tida, i den islandske forfattarforeininga sin bustad Nordurbær. Her ute, ved havet, er det på nokre måtar mørkare, men først og fremst vindfullt. Det høyrest hyl og ul over landet: langstrakte lydar som sur vind, vind som gjer fleire enn seg sjølv vondt. Frobenius´ bok får ligge uopna i kveld. Boka er mørk, men ikkje for mørk. Men historiene om Fischer, ein mann som var uroa også etter døden, den er bare minutt unna, både i tid og stad.