Magasinett

Utskrift

Ha ein knakande god Halloween!

Skrive av Svein Olav Langåker .

I høve Halloween får du ein skummelt god smakebit frå Johann Grimstvedt sin serie "Dei andre".

"Dei andre" kapra andreplassen i Dagbladet sin teikneseriekonkurranse i fjor. Stripene har stått på trykk i papir- og nettutgåva av Dagbladet i lengre tid etter at konkurransen blei avslutta.

Sjå Halloween-stripa og dei andre teikneseriane våre her!

Før sommaren snakka me med serieskaparen Johann Grimstvedt om Überpress si samling av zombieteikneseriar, der mellom andre "Dei andre" var med.

Heilt frå han var bitteliten har han laga teikneseriar. Stifta saman A4-ark og teikna superheltar, dinosaurar og billøp.

– Eg veit ikkje kvifor, men eg har jamt vore fascinert av teikneseriar og illustrerte bøkar. Eg gjekk gjennom alt som var av slikt på biblioteket då eg var mindre, seier Johann Grimstvedt i dette intervjuet.

Johann Grimstvedt og Are Edvardsen med Über Zombie. Foto: Øystein Espe Bae