Magasinett

Utskrift

I klimaets kvitauge

Skrive av Mette Karlsvik .

Forlagsredaktør og fotograf Simone Stibbe tar bilde av Austgardsbreen; forevigar han mens han framleis finst.

Ein ny rapport konkluderar - igjen - at folk har skuld i klimaendringar. At Jostedalsbreen smeltar ned fortel den same historia. Snart:

 

– Breen vaks for første gong på ti år, seier breførar Steinar Bruheim. Leiaren i Jostedalen Breførarlag går først av ei gruppe på sju turistar. Dei går frå ein parkeringsplass så full av bilar at det skulle rygging og lirking til for å få plass. Nidgardsbreen, derimot, har rom rundt seg: Berre berg på sidene. Smeltevatnet framfor er lyseblått som Bruheims håp om at breen veks. Det var slik eitt år. Men det store bildet er full nedsmelting før 2100. Klimaendringane som ligg til grunn er menneskeskapte. Men det som skjer i dag verkar først på Nidgardsbreen om 20-30 år. Det er den tida som store og slakke brear brukar på å reagere til klimaendringar. Forskarane har forlengst gitt dødsdommen: 98% av Jostedalsbreen skal smelte, og bli ein del av verdshava. Det bidrar marginalt til høgare vasstand. Men dette vesle, lokale utbrotet er bilde på ein stor og alvorleg, global klimasjukdom:

Hjartet av jorda dunkar under isbroddane
Turistane krossar ein isegg. Nedanfor stegjarna er bresprekken. Glatte, hundre meter djupe gliper går ned til klodens pulsåre. Det klukkar og tikkar taktfast som ei klokke. Hjartet pumpar vatn rundt og rundt. Breelvene renn ut frå Jostedalen, til verdshava. I refleksjonen av smeltevatnet, ser vi heile den globale oppvarminga. Mens vatnet strømmar frå dalen, strømmar turistar til. Bruheim og Jostedalen Breførarlag har fullt belegg heile sommarhalvåret. Eit anna selskap, aktivitetssenteret Ice Troll blir stadig meir kreative i tilbodet til turistar. Wall Street Journal skreiv i 2010 om siste, heite turisttrend frå USA til Noreg, å få nærkontakt med brear - frå kajakk, hesteryggen, eller surfebrett. Riverboardarar tømmer nytt vatn i elva når dei flyg hit frå USA. Flytrafikk står for over ein tidel av utslepp av klimagassar. Alt i alt, står USA for ein fjerdedel av utslepp. Dei vil jo ikkje skrive under på Kyotoavtala. Men for å komme til fronten av Nidgardsbreen reiser dei langt:

Håpblått ligg mellom turistar og bredalen. Vatnet framfor Nidgardsbreen er den største samlinga smeltevatn i landet. Det blir marknadsført som mineralrikt, og dalen rundt som næringsrik grunnlag for ny vegetasjon å komme frå. Ein kallar smeltinga naturleg, snakkar om syklusar, og peiker på at breen smelta heilt ned for 7600 år sidan også. Då var middeltemperaturane som i dag, både vinter og sommar. Dei lokale konsekvensane var andre. Konsekvensar for breendringar er høgare avrenning, fleire og større elvar, regelmessig kalving. Det har vore relativt lite snakk om bresmelting i Noreg dei siste åra. Men kanskje blir det meir rabalder igjen, når også Nidgårdsbreen reagerar til dagens klimasituasjon. At han vil smelte med større fart igjen, det ser ein av dei brattare, kortare breane. Når vi går over ein av desse, høyrer vi fjorårets middeltemperatur under broddane:

Stigaholtbreen er eit fall av is i Krundalen. Breen har trukket seg så langt attende, så langt opp i dalen at vi må reise langt for å komme til byrjinga av han: Halvannan time gåtur skal til før vi kjem til fronten. Som den meir kjente Briksdalsbreen, gir dette utløpet eit oppdatert klimabilde. Breane går attende med relativt stor fart, til stor sorg for klatrarar, utforkøyrarar og hangglidarar. Her er falla stadig brattare, men også stadig kortare. Sprekkane fleire. Dei er uskuldsblå øvst, svart nedst. Grøssa gjennom gjengen i tauet er spontane, og skuldast høgda ned til smeltevatnet, dei sleipe sidene av stålis. Vi skulle nok heller grøsse av tala frå klimaforskarar og glasiologar. Frontposisjonen av Briksdalsbreen trakk seg 250 meter attende på åtte år frå 1997 til 2005. På liknande vis må attraksjonen "brevandring" forflytte seg. Tidlegare handla det om å erobre enorme tilfrosne ishav. No er hava skrumpa inn til elver. Det som var kvitt er grått av forureining og stein eller organisk slam. Overgongane er flytande frå is til berg, det er grått båe plassar. Når vi no går på tre brear i Jostedalen, er det ei utviklingsstudie, ei øving i samanlikning: Ifølgje FNs klimapanel er brear nøkkelindikator for regionale, men også globale klimaendringar. Frontposisjonane på Jostedalsbreen har vore målt av UiB sidan ca. 1900. Målinga skjer i den same retninga kvart år, frå faste merker som vardar og boltar. Sidan 1994 har målingane gjort årleg av NVE, og kjem som  rapportar kvart år. Dei kjem til same konklusjon som Cicero og ein NOU frå 2009: Mykje tydar på at Jostedalen skal smelte heilt ned - igjen. Då det skjedde sist, var klima likt i dag. Bare sommartemperaturen var 0, 7 ⋅C varmare enn i dag. Grunnen til den såvidt varmare sommaren, var at kloden var så vidt nærare jorda. Rapporten som blei presentert i går, konkluderar altså at den aktuelle klimasituasjonen er menneskeskapt. Klima- og forureiningsdirektoratet og Cicero viste då korleis verdshava absorberer 25 prosent av klimagassane, og gir surare verdshav. Lokalt, vil det endre avrenningsmønster, vasstemperatur og sedimenttransport frå brevassdraga, og gi konsekvensar for kraftproduksjon, ferskvassfiske og jordbruk. Og ikkje minst endre naturlandskapet:

– Austerdalsbreen er indrefileten av brear, seier Bruheim. Breen var det. No går eit banesår mellom toppane "Tor" og "Odin", og deler fileten i to. Bare ein slinter av is held delane i lag i botnen av skråninga. Og nordmenn har sjølv noko skuld i brenninga av fossile stoff, i utslepp av klimagassar: Sjølv om det er rimeleg å oppfatte Noreg som ein forhandlingstaktisk triumf, er landet på same tid eit utsnitt eller eit stykke av eit sjikt: eit skår som ikkje kjem seg laus fordi det sit i klisteret, skriv Gunstein Bakke i Aud og Maud – ein roman om trafikk. Forhandlingstriumfen var då advokat Jens Evensen gjorde mykje av horisontalsokkelen til norsk eigedom på sekstitalet. Var det ikkje for vellykka forhandlingar, ville nordmenn kanskje ha vore meir kreative i energispørsmål. At vi sitt i klisteret kan vere den relativt magre forskinga på andre energikjelder. Bakke skriv vidare i romanen om trafikk: Ein sving på Vestlandet. Ein tunell i Paris. Grensene er skjøre, vi må prøve å vakte dei. Men vi er jo alle eitt. Vi blir minte på det.

Om breen er Noreg og turistane i tauet eit bilde på måten vi forsøker å gjere ting i fellesskap, då blir sprekkane feila i systemet. Det er typisk norsk å pumpe jordas råolje opp frå havbotnen, og å brenne han av i horisontal fart rundt same klode. Eg og dei andre turistane har sjølv kjørt langt for å komme til brefronten. Vi sett djupe spor med stegjarna i isen, då vi manglar tillit til jarna, og trampar når vi går. Stegjarn ikkje er sterkare enn det svakaste leddet. Det svakaste leddet er mellomleddet, som bitt hæl - og tåledd saman. Det knekk i to i ein bratt skrent. Utan å forklare, drar Bruheim sekken opp, og hentar eit blankt mellomjarn. Med mellomjarn skøytar han saman framjarnet og bakjarnet. Brotet gjennom Austerdalsbreen kjem ikkje til å gro att.

Faktaboks
• 17. august la Miljøverndepartementet fram Klima - og forureiningsdirektoratet og Cicero klimaforskning sin siste rapport. Blant konklusjonane, er at den kalde vinteren i Europa, og heitebølgene i Aust-Afrika og Texas skuldast utslepp av klimagassar.

• Ein NOU frå 2009 konkluderar at Jostedalsbreen skal smelte med 98% innan 2100.

• NVE måler frontposisjon og massen av norske brear kvart år. Ti armar av Jostedalen blir målt. Ved den siste målinga, fann NVE ut at Nidgardsbreen smeltar mindre enn før, at Bødalsbreen vaks og at ein brearm var like stor i år som føråret. Men åtte av ti armar av Jostedalen trakk seg attende i år igjen.

• Jostedalsbreen marginalt til vasstanden. Sjølv brear på Island, i Canada, Alaska og Sør-Amerika har større avrenning enn breane våre. Men tilstanden i Noreg er eit bilde på den globale situasjonen. Tett befolka område som Bengalbukta blir hardt råka når isen på Grønland og Antarktis smeltar.