Magasinett

Utskrift

– Nynorsk tvang meg til å utvikle språket

Skrive av Øystein Espe Bae .

Sunniva Relling Berg kjem med ny bok i 2013. Foto: Samlaget

I begynninga sleit Sunniva Relling Berg med skrivinga. Suksessformelen var enkel: Skrive nynorsk i staden for bokmål.

Med ungdomskrimboka Utfor markerte Sunniva Relling Berg seg i 2012 som eit nynorsk forfattarstjerneskot. I bokmeldinga si av UtforMagasinett, skriv Mette Karlsvik at Relling Berg skriv om «Udefinerte forhold, uføreseielege folk. Truverdige karakterar, psykiske tilfelle til å kjenne seg att i; maktsjuke, uro, alt for få punkt av tryggleik og ro.»

Utfor vart nominert til Brageprisen og Kulturdepartementets debutantpris, og Relling Berg vann jamvel Stiftelsen Kjetil Holms kulturpris på heile 300.000 kroner.

No bur ålesundaren i Bergen, der ho sjonglerer mellom ein bachelor i Digital Kultur, og det nye livet som forfattar. Ho har blitt inspirert av å finne ut at folk synest godt om det ho skriv:

 – Å bli nominert til to prisar og vinne Stiftelsen Kjell Holms kulturpris var uventa og svært, svært gledeleg. Det har òg vore fint å dra på skulebesøk og møte elevar, og særs hyggeleg er det å få tilbakemeldingar frå lesarar som seier at dei har likt boka, blitt rørt av ho og at boka har betydd noko for dei. Det inspirerer meg.

Har dei prispengane gjort deg til heiltids forfattar?

– Eg kjenner meg veldig audmjuk og takknemleg for merksemda boka har fått, og det inspirerer meg til å halde fram med skrivinga.

Har det ikkje kome nokon nedturar enno?

– Eigentleg ikkje, men så har eg heller ikkje gitt ut fleire bøker endå. Samstundes er skriving krevjande, og der går det mykje opp og ned.

– Du fekk jo svært god respons på debutboka di i media. Er det noko spesielt du har hengt deg opp i?

– Eg håpte at lesarar ville oppfatte at det låg meir i Utfor enn berre ei spanande historie. Difor blei eg ekstra glad då Dagbladet skreiv at boka var ”spennende nok til å lese i en jafs. Å legge den fra seg tar lenger tid”.

– Tidlegare har du sagt at det å byte skrivespråk til nynorsk gjorde skrivinga di betre og meir munnleg. Jan Roar Leikvoll og Carl Frode Tiller, som begge har bokmål som "hovudmål", uttrykker jo også at nynorsken gjer noko positivt med skrifta deira. Kva er det med nynorsken som gir denne verknaden, trur du?

– For min del var nynorsk eit skriftspråk som eg ikkje kunne så godt, samstundes som det ligg nært til sånn eg snakkar. Denne kontrasten tvang meg til å utvikle språket. I tillegg hadde eg lært meg opp til ein del faste formuleringar på bokmål som eg ikkje kunne bruke på nynorsk, og måtte difor fornye språket mitt.

– Du har sagt at nynorsk er meir «moderne»?

– Eg hadde lese ein god del eldre litteratur på bokmål, og hadde tatt til meg litt av den måten å formulere meg på. Difor var det godt for meg å bli tvinga til å bryte opp mitt eige språk, og måtte tenke nøyare over kvart ord. 

– Du snakkar om ein munnleg, moderne nynorsk. Har du nokon nynorske littære førebilete?

– Maria Parr skriv på eit godt og levande nynorsk. Ho skriv med flyt og rytme, har ein lun varme i orda sine, og klarer å balansere humor og alvor på ein god måte.

– Korleis var reaksjonane heime i Ålesund på at du skreiv på nynorsk? Det er vel ikkje kjent som ein nynorskbastion, den byen der?

– Det er ei god stund sidan eg har budd i Ålesund no. Det var etter at eg hadde flytta at eg skifta til nynorsk, så eg har eigentleg ikkje møtt så mange reaksjonar – bortsett frå at fleire av norsklærarane mine har syntest det er veldig bra.

– Kva engasjerer deg mest no for tida?

– Eg er engasjert i og opptatt av å jobbe mot menneskehandel, både i Noreg og elles i Verda. Eg synest til dømes A21-kampanjen er ein god kampanje som hjelper folk ut av dette.

– Eg er opptatt av menneske i alt eg skriv, korleis vi behandlar kvarandre og lever saman. 

– Kva skjer i Sunniva Relling Berg sitt liv i 2013?

– Etter jul vil eg ta fri frå studia i ein periode for å fokusere på skriving og skulebesøk. Eg gler meg veldig til dette.

– I 2013 kjem mi neste bok, på Samlaget. Den nye boka handlar om ei 17 år gammal jente som har bestemt seg for å utfordre dei uskrivne sosiale reglane vi har overalt rundt oss. Det har vore veldig spanande å jobbe med dette, for korleis reagerer folk når vi gjer noko dei ikkje ventar av oss?