Magasinett

Utskrift

– Derfor les me bøker

Skrive av Svein Olav Langåker .

Sjoerd Jongejeugd, Idunn Lindal Haug, Gudmund Økstra, Vebjørn Nerheim og Peterson Tijhuis. Foto: Anne Mo

10.klassingane ved Sand skule har undersøkt lesevanar blant ungdom, og er overraska over at gutar les nesten like mykje som jenter.

 

– Dei som er spurde er samde om at jenter les mest, men resultata viser at begge les ganske mykje. Me er overraska over resultatet, og det blei ein uventa kontrast, seier Anne Mo, lærar for 10.klassingane ved Sand skule.

Dei siste vekene har elevane undersøkt kor mykje andre ungdommar i Suldal les, og kvifor dei gjer det.

Ein av fire elevar svarar at dei les fordi dei har lyst, eller fordi dei ønskjer å halda seg oppdatert. 40 prosent les fordi dei må gjera det i skulesamanheng.

– Eg les fordi eg likar det, seier Idunn Lindal Haug.

Spesielt likar ho krim.

Spenning og krim er òg populært blant ungdommane som svara i spørjeundersøkinga. Men mest populært er humor – og då særleg blant gutane.

Gutane og jentene skil seg òg ut ved at berre jenter likar å lesa romantikk, medan berre gutane har faktabøker som sin favorittsjanger.

På nettet bruker jentene mest tid på å lesa bloggar, medan gutane les meir nyhende.

 

Meir digital lesing

Internett og media er den viktigaste kjelda til boktips, ifølgje ungdommane dei har spurt. Læraren er nest viktig, men både foreldre og vener gjev lesetips.

Les bokmeldingar her, og få tips til bøker å lesa!

Kva er den beste boka du har lese?

– Oi, det var litt vanskeleg. Eg trur det må vera Camilla Läckberg-bøkene Havfruen, Predikanten og Stenhuggeren, svarar Idunn.

Korleis trur du det vil stå til med boklesinga blant ungdom om 30 år?

– Eg trur det vil vera fleire digitale bøker. Ein vil lesa meir på lesebrett og slike ting, seier Idunn.

I undersøkinga hennar er innbundne bøker framleis mest populært blant ungdom. Nesten ein av fire elevar likar det best. Pocket og bladform er òg populært, med digitalt og lydbok på dei siste plassane.

 

Vil bruka tida på å sova

Leseprosjektet er ein del av det pedagogiske pilotprosjektet Kvitebjørnen.

– Det har vore lærerikt, og me har samstundes fått stadfesta noko av det me trudde frå før, seier Idunn Lindal Haug.

Når me spør elevane om det har noko å seia om bøkene er skrivne på nynorsk eller bokmål, er svaret nei. Ifølgje spørjeundersøkinga deira pleier kring ein av fire elevar å lesa engelske bøker også. Og nokre får leser bøker på spansk og andre språk.

Og om døgeret hadde hatt 25 timar, ville dei då ha lese meir?

– Nei, svarar elevane.

– Då ville me heller ha brukt tida til å sove.

 

Les meir om undersøkingane til Sand skule her!