Magasinett

Utskrift

Designblikk

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Kim Holm (27) blir først og fremst inspirert av naturen. Nyleg vann han pris for musikkvideoen Release The Freq under Miami short Film Festival. 

MITT LIV – MINE VAL: Kim Holm er opprinneleg frå Kongsvinger og er til dagleg partner, regissør og motion designar i designstudioet Flames i Oslo. Han er utdanna ved Hyper Island med spesialisering i design. I 2010 fekk han oppgåva frå den britiske dubstep-duoen Matta med å gjere ein ny video for singelen  Release The Freq. Musikkvideoen fekk prisen for beste alternative musikkvideo-budsjett på UK Music Video Awards i 2011, og no altså pris under Miami short Film Festival.

– Korleis er det å bli heidra med internasjonale prisar? 

– Det er sjølvsagt veldig morrosamt å få annerkjenning internasjonalt. Eg er dårleg av natur til å setje pris på ting, eg har lettare for å tenkje på alt eg gjerne skulle vore bedre på. Men å få slike prisar hjelper veldig på sjølvtilliten når det er dårlege tider, eller eg sit fast i eit anna prosjekt, seier han.  

Fengslande med film 

Interessa for film som kommunikasjonsform starta ganske tidleg i ungdomsåra, aller først med ein fasinasjon for still-foto. 

– Eg ser eigentleg ikkje på meg sjølv som nokon filmskapar og har eigentleg ikkje interesse for film i seg sjølv, men det er ein måte å kommunisere på som er veldig fengslande og altoppslukande. Det er og eit verkemiddel for å gi publikum den opplevinga eg er ute etter. Kortfilmen blir for meg ofte ei mykje meir konsentrert filmoppleving, der framgangsmåtar og reglar som til dømes oppbygging og klipp ikkje alltid må fylgje normalen.  

– Eg likar ikkje å sjå ein film og setje meg inn i ei historie for så å føle at nokon prøver å selge historia billig gjennom opplagde scenar og handlingsmønster. Men eg har mange favorittar i langfilmformatet også. 

– Kva inspirerer deg? 

– Mest av alt naturen i seg sjølv, men også andre ting som musikk, lyd, design, materialer, arkitektur, rørsler, barn, venner, maskiner, fysikk, det å vere åleine, været, risiko, typografi og moderne kunst.  

Viktig kritikk

Den unge regissøren er fasinert av filmkonseptet og ideane som gir dei visuelle resultata, kva medium dei blir kommuniserte gjennom er mindre viktig. 

– Mest av alt ser eg på meg sjølv som ein designar. Grunnen til at film er så interessant er nok fordi det tar opp så stor del av merksemda til sjåaren, noko som gjer det lettare å få kommunisert den historia, stemninga og opplevinga eg vil formidle.

Den strengaste kritikaren meiner han er seg sjølv. At andre sit og bedømmer arbeidet hans har han eit godt forhold til. 

– Om nokon tar seg tid til å gå gjennom eit arbeide for å hjelpe utøvaren til å bli betre er jo det i utgangspunktet veldig fint. Eg har ikkje opplevd så mykje direkte kritikk av mine ting, men i jobbsamanheng er me som team avhengige av å kunne kritisere kvarandre for å fram dei beste løysingane og ideane. 

– Eg meiner det er viktig å gi kritikk på rett grunnlag og helst når ein har fått tillating til å kome med den, slik at den ikkje svekkar den kreative prosessen og får utøvaren til å kjenne seg motlaus, då er ingen spesielt flinke. 

Ulike vegval 

Kim Holm drøymer om å lage fleire kortfilmar og musikkvideoar. I tillegg vil han gjerne arbeide meir med barn og unge som målgruppe. Draumen er å lage ein generativ musikkvideo som blir forma og utvikla etter kva artisten sine tilhengarar gjer. 

– Kor er du om 10 år?

– Tja, antan i New York igjen eller i ei hytte i den norske fjellheimen. Fint å ha litt spenn i vegvala.

– Kven har du som førebilete?

– Eg har ulike førebilete i ulike samanhengar, men innan design må eg nok seie at Matt Pyke er eit av dei aller største førebileta.  

Sterke forventingar

– Kva treng ein for å bli ein god regissør?

– No har ikkje eg spisskompetanse eller ambisjonar innan det klassiske regissøryrket, men ein god regissør bør iallefall ha sett mykje film. Eg trur i tillegg eit ekstra godt blikk for design og komposisjon kjem godt med.  

Å velje seg ein yndlingsfilm er ikkje like enkelt.  

– Der er jeg veldig som jeg er med musikk — alt etter humøret. Jeg er fan av alt fra Ringenes Herre til Triplets of Belleville og Pulp Fiction. Det hadde vore ein draum å få med Steve Buscemi i ein musikkvideo. 

Også i filmverda har forventingane til dei som kjenner deg noko å seie.  

– Det er fort gjort at det betyr for mykje. Eg trur det er viktigare å klare å nullstille seg framfor viktige val i livet. Spørsmål som : Er dette noko eg verkeleg vil og Kva er det som verkeleg gjer meg glad er viktig å stille seg - kanskje også når du ikkje må. 

Les meir om kortfilmfestivalen i Miami her!

Gå til Kim Holm sine heimesider!