Magasinett

Utskrift

– Eg likar vitsinga med språket

Skrive av Svein Olav Langåker .

Gaute Seljestad er Tolkiens-fan, og har sjølvsagt fått med seg Hobbiten på film og i bok. Foto:

Gaute Seljestad (20) las Hobbiten første gong som 11-åring. Han fortel om kva som fascinerer med Tolkien.

 

Me tek ein prat med Gaute Seljestad på tolkiens.net. Dette er eit forum for norske Tolkien-fans. Her kallar Gaute seg for Gimle. Det er gått nokre dagar etter premieren på den første Hobbiten-filmen, 22. ringarë etter gondorsk tidsrekning, 22. hrívë etter alvisk tidsrekning eller 12. desember som nordmenn flest kallar det.

Stod du lenge i kø for å skaffa billett til Hobbiten-filmen?

– Eg køa i Bergen, der det nesten ikkje var kø. Så nei, eg køa ikkje lenge, var nummer 42 i køen, og stod der i cirka ein time.

Kva er det du likar med Tolkien?

– Eg er veldig glad i måten Tolkien skreiv på, han har eit flott, biletleg og lettflytande skrivevis. Og han var flink med å legge inn variasjonar i språk, og å vitse med språket. Eit av mine favorittutdrag frå ei Tolkein bok er då Bilbo for fyrste gong møter Gandalf i Hobbiten, der det vert brukt svært mange ulike måtar av "Good morning" dette utdraget er og betre på engelsk enn norsk.

Kvifor trur du det er så mange som blir hekta på Tolkien?

– Eg trur at så mange vert hekta på Tolkien på grunn av måten han skriv og skildrar på. Han har eit veldig biletleg språk, med gode skildingar. I tillegg skriv han om evig aktuelle tema som samhald, samarbeid, venskap og kampen mellom det gode og det vonde.

Kva kan me i vår tid læra av Tolkien?

– I vår tid kan me læra litt av kvart frå Tolkien, spesielt om samhald, samarbeid og venskap. Men og at dei små kan gjere ein skilnad, og kan endre verda, dette er vel eigentleg hovudtemaet i både Hobbiten og Ringdrotten.

Gaute Seljestad, eller Gimle som han òg kallar seg. Foto: privatKva tid las du di første Tolkien-bok?

– Eg las mi fyste Tolkien-bok då eg var 11 år, då las eg fyrst Hobbiten, og så byrja eg på Ringenes Herre rett etterpå.

Kva bok likar du best? Og kva er best av Ringenes Herre-filmane og den første Hobbiten-filmen?

– Favorittboka mi er Hobbiten på nynorsk, men den er òg fantastisk på engelsk.
Eg må seia at Ringenes Herre-filmane er best, sjølv om lika eg og den fyrste Hobbiten-filmen svært godt.

Kva for Tolkien-karakter likar du best?

– Eg er svært glad i mange av Tolkien-karakterane. Og klarer ikkje å velje ein enkelt favoritt, difor vel eg to: Gimli og Samwise Gamgee. Gimli har eg alltid lika godt då han har eit fantastisk lynne, og mange gode kommentarar. Samwise fordi han er trufast, og har ei fantastisk ståpåvilje.

– Frå den nye Hobbiten-filmen lika eg Dwalin svært godt då han virkar som ein som ikkje lar noko stå i vegen for måla sine. Eg likar dei fleste tolkingane av karakterane, men synest at me kanskje såg litt lite til personlegheita til dei forskjellige. Håpar dette vert meir vist i dei komande filmane.