Magasinett

Utskrift

Rådgjevaren

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Politisk rådgjevar Anja Hjelseth og statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) framfor Gate of India, Dehli. Foto: Kommunal - og regionaldepartementet

Det hender Anja Kristin S. Hjelseth (28) må klype seg i armen når ho tenkjer på jobben ho har fått. I framtida drøymer ho om ta over heimegarden.

 

Ho har vore samfunnsengasjert så lenge ho kan hugse. Som 16-åring vart ho politisk engasjert i Senterungdommen, i dag er ho politisk rådgjevar for kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

– Då eg gjekk i 10. klasse hadde skulen me gjekk på ein streik fordi inneklimaet var så dårleg at deler av skulen måtte stenge. Det vekte for alvor det politiske engasjementet, og eg heldt min første appell. Resultatet var at kommunestyret løyvde dei naudsynte midlane for å halde heile skulen open.

– Det viste at påverknad nyttar. Ein kamerat starta kort tid etter Senterungdomen og meinte eg måtte vere med. Det var eit lett val å seie ja. Eg hadde allereie peika ut Senterpartiet som det beste partiet i ei skuleoppgåve, samstundes som eg nok er arveleg belasta. Det beste med Senterpartiet er trua på folkestyret, optimisme for utviklinga i heile landet og fordeling frå dei som har mest til dei som treng meir, seier ho engasjert.

Skal heim

Sjølv blir ho inspirert av folk, kort og godt. Eller av reiser og det å få lov til å oppleve nye ting. Noko det ikkje er mangel på i kvardagen som ung politisk rådgjevar. Ein jobb som byr på både lange arbeidsdagar, mykje reising og varierte arbeidsoppgåver.
– Det er spanande, travelt, og nokre gongar surrealistisk. Det hender eg må stoppe opp og klype meg sjølv i armen, eg er utruleg heldig som får ha ein slik jobb. Det at eg er ung har eg sjeldan opplevd som eit problem som politisk rådgjevar, eg meiner det heller er ein fordel at me har folk i ulike aldrar i politisk leiing.

– Kva drøymer du om?

– Denne spalta handlar om medvitne val, men eg må vedgå at eg til tider ikkje har vore veldig klar på kor eg skal vidare i livet. Men det eg veit sikkert er at når eg ikkje lenger har ein jobb som denne i Oslo skal eg heim til Helgja og Telemark. Men først skal eg bidra med mitt for at Senterpartiet vinn stortingsvalet 9. september.

– Kor eg er om 10 år? Då har eg iallfall overtatt garden heime. Meir er det vanskeleg å spå om. Elles har eg i fleire år sagt at eg kunne tenkje meg å verte rådmann ein gong i framtida. Det er ein kompleks og spanande jobb, som diverre får altfor mykje negativ merksemd.

Bør ha utstråling

Som mange andre håpar ho å gjere ein forskjell i verda.

– Men meir realistisk er vel at folk skal få det betre av dei politiske vedtaka våre, enten det er ein betre veg, ein ekstra lærar i klasserommet eller høve for grunneigarar til å nytte eigedomen sin.

Det politiske førebiletet er klart. Nei til EU-dronninga frå 1994, Anne Enger, har sett sine spor. 
– Apropos å klype seg i armen, då eg diskuterte delar av inntektssystemet for kommunane med henne på ein konferanse i Østfold, og me ikkje var samde var det litt surrealistisk. Men moro.

– Kva treng ein for å bli ein god politikar?

– Ein må lytte til folk, ikkje berre prate sjølv. I tillegg må en vere engasjert, god til å finne løysingar som er bra for mange, og gjerne spe på ein dose sjarm. Utstråling om du vil.

Neppe tilfeldige val

Meiningane er mange om kva politisk leiing i eit departement seier og gjer.

– I eit demokrati skulle det vel bare mangle, eg trur det er vanskeleg å finne løysingar som alle er  samde om. Men eg skal vedgå at det kan vere demotiverende når ein har jobba lenge med ei sak, og finne det ein meiner er den beste løysninga og så er ingen samde med deg. Det skjer heldigvis veldig sjeldan, me gjer betre førearbeid enn som så.
– Kva er det som påverkar dei vala me gjer?

– Mi erfaring er at det me kjenner best; lokalsamfunnet ein veks opp i, folka, utdanninga, der ein bur, gjer oss mest engasjerte og slik sett påverkar vala våre. Eg har i alle fall erkjent at mitt val av parti neppe var heilt tilfeldig når eg har ein far, bestefar og oldefar som alle har representert Senterpartiet i kommunestyret.

– Kva betyr forventingane som dei rundt oss har?

– Forventningane folk har til oss betyr ein del, men ofte er det vel så mykje forventningane ein har til seg sjølv som er styrande.

Enklare språk

– Korleis kan ein få fleire unge aktive i politikken?

Ho trur fleire unge ville engasjert seg politisk dersom fleire knytte politikken til noko positivt.

– Diverre blir det for mykje negativt fokus både mellom partia og frå media si side. Eit grep for å få med fleire ungdommar er å snakke eit enklare språk. Eg har allereie som 28-åring hengt meg opp i eit språk som ikkje er bra, ord som kostnadsnøklar, momskompensasjon eller revidert nasjonalbudsjett rekruttar ikkje ungdomar. Me må bruke eit betre språk.

– Er det eit samfunnsansvar å engasjere seg politisk?

– Det må vere opp til kvar einskild å engasjere seg mykje politisk, men eg meiner alle har eit ansvar for å røyste ved val. Det er den enklaste måten å delta i demokratiet på, og det gjev store føringar på kven som skal styre landet, fylka og kommunane i fire år framover. Alle som har ei meining om samfunnet bør røyste. Diverre ser me at mange vel å ikkje gjere det.