Magasinett

Utskrift

Platekontrakt, men ikkje vidaregåande

Skrive av Kristine Askvik .

Skuledroppar Sondre Haug (23) meiner skulen bør leggjast opp meir praktisk og meir mangfaldig for at fleire skal fullføre.

 

Sjølv likte han aldri skulen, verken på barneskolen, i ungdomsåra eller på vidaregåande.  

– Folk har ei oppfatning av at dei som droppar ut frå skulen er slappe eller late. Slik treng det ikkje å vere, seier Sondre.

 

– Meir for jenter

Sjølv fann han seg ikkje til rette i måten skulekvardagen var bygd opp på.

– Eg trur måten ein skal lære på og syne fram det ein lærar, passar betre for dei som er ryddige personar. Ein slik kvardag passar oftare for jenter. Eg likar til dømes å snakke mykje og diskutere mykje, slik lærar eg. Med det var det ikkje rom for, seier Sondre.

Han likar best å lære ved å vere aktiv sjølv. No jobbar han med blant anna booking av avtalar saman med forfattar og ungdomsvitar Andreas Gravdal i Bergen.

 

– Byrjar for seint

Sondre trur det er mange årsaker til at han ikkje gjekk alle tre åra på vidaregåande skule. Han meiner ein allereie på barneskulen kan sjå kven som er i fare for å falle frå.

– Eg synst fokuset på å halde folk på skulen, byrjar for seint. Ein bør leggje til rette for meir ein meir allsidig skule, der alle kan få lære på sin måte.

Han trur skulen er i ferd med å bevege seg i rett retning, men meiner framleis at det er mykje som kan gjerast betre.

Og viss det er slik at nokon droppar ut frå skulen, meiner han det er viktig at dei ikkje vert sett ned på.

– Om ein droppar ut frå skulen, blir ein nesten automatisk sett på som ein som ikkje kan noko og som vil verte ein navar. Når heile omverda ser på ein på den måten, vert det slik at ein prøver å leve opp til det.

 

Alternativ draum

Medan andre har vore på skulen, har Sondre i staden realisert nokre av sine draumar.

– Då eg var liten ynskja eg å dra rundt på turné og gi ut plate. Det har eg no gjort. Det er ein draum som eg allereie har fått oppleve, sjølv om eg berre er 23. 

Musikk har vore svært viktig for Sondre. Han syng framleis punk.

 

Ein annan skule

Sondre byrja på yrkesfag ved Årstad vidaregåande skule to gonger. Fyrst gjekk han eit år på kokkelina. Så kom han tilbake nokre år etterpå.

Han trur han ville vore meir motivert for meir skule om han hadde fått fleire praktiske val allereie på barneskulen.

– Ein burde hatt interessebaserte valfag som matfag, sløyd og politikk. Og til dømes marknadsføring og sal. På den måten kan ein bake tradisjonelle fag som matte inn i praktiske fag. Då trur eg det ville vorte lettare for mange, seier Sondre.

Han er spent på kva for planar som vil verte lagt frem ti Stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring som kjem no før påske.

– Eg håpar skulen kan utvikle kvar einskild elev sine beste sider og at yrkesfag får ein mykje høgare status enn det det har i dag, seier Sondre.