Magasinett

Utskrift

Grunnlovsfaren

Skrive av Svein Olav Langåker .

Foto: Geir Henning Hopland

Ein av verdas største nynorsk-humoristar kjem med eit heilt nytt forslag til Noregs grunnlov i bok og tv-program.

 

Kvar måndagskveld dei neste vekene kan tvsjåarar sjå Are Kalvø og ein haug med andre nordmenn i programmet Riksforsamlinga. Kalvø har sett seg føre å lage ei ny grunnlov, og dreg rundt for å høyra kva folket meiner i dag.

Og som det ikkje er nok – i ein bokhandel nær deg kjem han med boka Ny grunnlov.

– Kvifor treng Noreg ei ny Grunnlov?

– Noreg treng det sikkert ikkje. Vi klarer oss heilt greitt med den gamle. Men ingen av oss som lever no har vore med på å lage denne grunnlova, og det er litt synd. For eg trur vi som lever i dag har mykje bra for oss. Dessutan var det veldig mange som ikkje fekk vere med sist. 1814-grunnlova blei laga utelukkande av menn frå Sør-Noreg, seier Are Kalvø.

I tv-programmet får me blant anna høyre kva ei nordnorsk, jødisk kvinne meiner.

 

Nakne kjendisar

– Kva blir forskjellen på boka og tv-programmet?

– Begge fortel historia om korleis eg laga ei ny grunnlov, men i boka er det plass til ein god del grundige analysar. Eller usaklige utglidingar, om du vil. Og i tv-serien er det rom for mykje viduell humor som gjer seg dårlig i bokform. Eg vil seie dei to utfyller kvarandre perfekt.

I tv-programmet får du blant anna sjå Karen Marie Ellefsen frå NRK-sporten kaste kleda for den nye grunnlova. For som Are Kalvø seier, det hjelper å få kjendisar til å stille opp for saka.

 

Nynorsk konge?

– Kva er favoritt-paragrafen din i dagens Grunnlov?

– Altså den gamle? Den mest oppsiktsvekkande er kanskje den der det står at kongen er heilag og ikkje kan lastast eller anklagast. Elles er det mange av paragrafane som er ganske ubegripelige for oss som ikkje snakkar flytande gammal dansk.

– Kva er favoritt-paragrafen din i grunnlova di?

– Alle.

– Mållova set krav til minst 25 prosent nynorsk i statsorgan. Sidan 1905 har Noreg hatt tre kongar som har nytta dansk eller bokmål. For å klara å oppfylla krava i Mållova, er det no på tide med ein nynorsk konge når me ein gong får vår fjerde konge eller dronning?

– Slapp av. Det norske monarkiet blir reformert til det betre om eg får viljen min. Meir kan eg ikkje seie. Resten vil bli klart i tredje program i serien.

 

Opera og tv

Kunsten å vere neger er ein av dei mest selde nynorske bøkene dei siste 25 åra. Bibelen 2 gjorde det heller ikkje så mykje dårlegare enn 1-aren. Are Kalvø har til og med gjeve ut tre Greatest hits-bøker dei siste åra.

– Det er seks år sidan du gav ut boka di “Våre venner kinesarane”. Kvifor går det lenger og lenger tid mellom bøkene dine?

– Det er fordi eg driv med så mykje anna enn å skrive bøker. Lage tv-serie, for eksempel. Og skrive opera. Det tek tid å skrive opera.

– Kunne du tenkt deg å bli konge?

– Ikkje så lenge, men det hadde vore artig å prøve i ei veke eller to.