Magasinett

Utskrift

Tilbake til fortida

Skrive av Tora Hope .

I GAMLE DAGAR: Bibliotekar Pål M. Lykkja leitar gjennom ein gamal katalog, slik ein gjorde før søking vart ein digital aktivitet. Foto: Tora Hope

Kva gjorde eigentleg folk før Internett? Bli med til ein knusktørr kjellar, der historia kviler.

 

Dørene til Universitetsbiblioteket i Oslo glir til side av seg sjølve. Bak glasdørene står datamaskiner i pyntelege rekkjer, og bokhyller skjuler studentar med nasane nokre centimeter frå endå fleire lysande skjermflater. I biblioteket er det stille, sett bort frå iherdig klikking frå eit utal tastatur.

I år bruker Universitetsbiblioteket 83 prosent av budsjettet på digitale bøker, tidsskrifter og fagdatabasar. Med nokre tastetrykk kan ein finne uendelege mengder informasjon. Men den digitale kunnskapen står med føtene planta i historia. Under dei skjermopplyste andleta bak bokhyllene, kviler sytti kilometer med historie.

HYLLELANGS: Sytti kilometer med bøker ligg trygt i kjellaren av Universitetsbiblioteket.

I fingrane

– Frå professoren fekk studenten gjerne eit namn eller eit tema. Så gjekk ein til katalogane og bladde og leita.

Universitetsbibliotekar Pål Magnus Lykkja har drege nøkkelkortet og slege koden, opna ei dør, gått inn i ein heis, reist tre etasjar ned, og traska inn ei ny dør.

Vi står i gangane under Universitetsbiblioteket. Her er endå stillare enn i etasjane over. Ingen datamaskiner er i sikte. I staden dreg Lykkja ut små skuffar i ei lang rekkje hyller, som støttar seg mot veggane. Hovudkatalog 1. Fortida sin søkemotor.

– Her er tretti ulike sorteringssystem. Nokre katalogar er sortert alfabetisk etter forfattar, andre etter tema. Her til dømes – kvantekjemi.

Lykkja forsvinn ned i ei skuff. Fingrane dansar frå kort til kort i katalogen. Forfattar, årstal, tittel, ei kort skildring, og hylleplassering.

– Var det ikkje tungvint å finne fram, spør eg, som er vand til å skrive inn søkeord, trykke enter og få opp eit utal alternativ.

– Det var jo om og gjere å bli rask i fingrane, då. Få blainga inn i fingertuppane,  seier Lykkja, som tok embedseksamen då digitaliseringa så vidt hadde byrja.

Før stod hyllene med katalogar i den offentlege delen av biblioteket. No står dei på lukka avdeling.

FINGERNEM: – Det gjaldt å få vere rask med fingrane når ein leita i katalogane, seier Pål M. Lykkja, medan han leiter gjennom gamle Hovudkatalog 1.

Røskar i strukturar

Det gamle katalogsystemet var i bruk utover 90-talet, til det gradvis vart fasa over i Bibsys, som er biblioteka sin søkemotor.

– Her har vi ein systemkatalog frå 1500-talet. ”Amos Comenius, Johann. 1660”.

Lykkja les den sirlege løkkeskrifta i ei halvmeter brei bok, som ligg opa på bordet i eit lite rom i kjellaren. Skildringane er på latin. På veggane heng bilete av gamle biblioteksjefar. Kvitt skjegg, kragar. Nasar som peikar ei aning oppover. Munnar med ein streng snurp.

– Før var utdanning noko for dei få og privilegerte. Det var berre velståande folk som eigde bøker. No er det fullstendig snudd på hovudet. Har du tilgang til PC kan du bli nær kva du vil, seier Lykkja, medan han vender om ei knusktørr side, som er over fire hundreår gamal.

– Digitaliseringa røskar i ein hierarkisk struktur.

Ein må kunne spele på fiolinen

Digitaliseringa har gjort kunnskap tilgjengeleg for mange, men å finne fram er ein kunst. Mange av tilgangane, særleg til internasjonale tidsskrift, er rådyre. Både i Noreg, og ikkje minst i mindre velståande land, står svært mange utan tilgang til informasjonen.

LES OGSÅ: Forelda folkeopplysning

Det verkar som om Lykkja likar seg i kjellaren, på jakt etter gløymte skattar. Men det han eigentleg brenn for er å gjere informasjonsverda på nett betre. Open Access, tilgang blant fattige, demokratisering og opning av nettet. Til vanleg kursar han studentar i å finne fram i informasjonsjungelen.

– Ikkje alle er like medvitne på kva moglegheiter som finst. Ein kan ha ein stradivarius, men om ein ikkje kan spele på den er det lite vits. Sjølv om søkemotorane kan vere verdas beste verkty, må ein ha vett til å bruke dei.

Lykkja er likevel sikker på at det er eit generasjonsskilje i kunnskapssamfunnet.

– Eg trur nok at ungdom i dag er flinkare til å utnytte Internett og finne vitskapleg informasjon av høg kvalitet, enn dei føregåande generasjonane er. Ungdommar har ei røynsleverd som er tilpassa den verkelege verda. Dei som har dei fleste barne- og ungdomsrøynslene sine frå den analoge tidsalderen har nok større problem med å orientere seg i den digitale tidsalderen, seier han, og legg til:

– Farane med å vere framtidslaus er verre enn farane ved å vere historielaus.

(artikkelen held fram under bildet)

KATAKOMBENE: Ved hjelp av eit ror sveivar Lykkja dei svære bokhyllene til sides, så ein kan vandre mellom nye og eldgamle bøker.

Ei tidsreise

Vi lèt framtida ligge. Lykkja opnar ei ny dør, og vi står i eit stort, ope rom. Dei kvite lysa minnar om eit sjukehus. På kvar side står kilometervis med bøker. Nye bøker, gamle bøker, og eldgamle bøker.

Lykkja sveiver rundt eit ror som er festa på framsida av bokhylla, og bøker tilsvarande vekta av ein personbil sig roleg til side. Hyllene deler seg og vi kan gå inn i opninga og la fingertuppane stryke over bokinnbindingar av skinn frå 1400-talet.

– Er det nokre fordelar med det gamle systemet?

– Tja. Ei bok har jo fleire dimensjonar enn eit elektronisk dokument. Det å setje seg ned i ro og mak med ei bok gjev ei særskilt stemning.

Lykkja veg eit verk av 1743 i hendene, liksom for å demonstrere vekta.

– Å vere kring desse gamle bøkene blir som ei tidsreise. Ein held i same bok som folk på 1700- og 1800-talet har halde i før deg. Kanskje kan det vere sunt å bli minna på at ein lever i eit lite vindauge i historia, seier han.

GAMLE SKATTAR: – Å halde i ei bok som nokon andre har lese i for to eller tre hundre år sidan minnar oss om kor små vi er, meiner Lykkja.

Grenselaus informasjon

Og noko forsvinn kanskje når informasjon kan hentast med eit trykk.

– Når datamaskina gjer alt, framføre at ein sjølv må leite i katalogane og hyllene, så er det nok mange som ikkje forstår kva dei nettopp har funne fram til. Det vert kanskje vanskelegare å setje informasjonen i ein samanheng.

Og lenger skal det gå. Nokre spør seg kor langt. Kva om teknologi kan gjere vitskaplege oppdagingar som mennesket ikkje kan forstå?

Om ein er blant dei som sit med andletet opplyst av ein skjerm og rotar rundt i det som kan verke som eit grenseløyst hav av informasjon, kan ein kanskje finne trøyst i å tenkje på hyllekilometrane i kjellaren. Der finst nemleg ei grense for mengda, sjølv om også denne er enorm.

I Universitetsbiblioteket si samling kviler 3,5 millionar bøker. Framleis flyt berre 268.000 e-bøker i biblioteket sin nettversjon. Den gamle hovudkatalogen får nok ikkje sin heidersplass tilbake, men frå djupet av bibliotekkjellaren held den fram med å halde styr på gamle skattar.

SNIRKLETE: Handskrivne kataloglappar syner veg til dei gamle skattane.