Magasinett

Utskrift

Skjermtid vert firedobla frå 11 til 16 år

Skrive av Kristine Askvik .

 

HEKTA: Ingrid Lokøy Misje (frå venstre) møter venninne Ida Lokøy (13) og Frøya Nordvoll (13) i garderoben før turntreninga på Ågotnes. Ein siste sjekk på mobilen før den blir lagt igjen i garderoben under trening. Foto: Silje Katrine Robinson

Frå barn er 11 til dei vert 16 år, aukar tida framfor skjerm mykje. 16 år gamle gutar har mest skjermtid med nær ti timar på helgedagar.

– Vi har sett ei kraftig auke i bruk av tid framfor skjerm sidan 2001 og fram til no, og jentene har i denne perioden nesten tatt igjen gutane. Auka har samanheng med at tilhøve på utstyr og har auka, og sosiale medium har vorte etablert, seier Oddrun Samdal, professor i helsefremjande arbeid ved HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen.

Tal ho har rekna ut for Bergens Tidende syner at 16 år gamle gutar er dei som har mest skjermtid av dei spurte. Dei brukar i snitt 9 timar og 44 minutt framfor ein skjerm på ein helgedag. Helgetala er nær firedobla samanlikna med 11 år gamle guter. 11 år gamle guter brukar i snitt to timar og 40 minutt framfor skjerm i helgane. I vekedagane ser ein 16 år gamal gut i snitt sju og ein halv time på ein skjerm.

16 år gamle jenter ligg i snitt på sju timar og 44 minutt på ein helgedag og seks timar på ein kvardag  13 år gamle gutar har i vekedagar i underkant av seks timar skjermtid, og i underkant av åtte timar i helgane. 13 år gamle jenter har i underkant av fem timar skjermtid i vekedagane og seks og ein halv time i helgane.

Datamaterialet er henta frå HEVAS-undersøkinga ("Helsevaner blant skuleelevar. Ein WHO-undersøking i fleire land") som vart publisert i haust.

Data og mobil samtidig

 Vi må ta høgde for at det er ein del simultanaktivitet her. Basert på observasjonar av barn og unge, og ut frå det dei sjølv fortel, så skjer det ofte aktiviteter parallelt, seier Samdal.

Og legg til:

– Mykje av PC-bruken har læringsverdi. Det er ikkje bortkasta tid. Barna utviklar ein digital kompetanse som er viktig for å handle saman med andre.

Samtidig er Samdal uroa over kor skjermtida tas frå.

– Det er uorganisert fysisk aktivitet, og kanskje og noko på samvær med vener, som går ned på grunn av skjermtid. Vi ser ingen endringar i organisert aktivitet. Det har helde seg stabilt over tid.

Medietilsynet meiner det i dag er et for stort fokus på tidsbruk framfor skjerm.

– Tid påverkar dagleglivet, det kjem ein aldri forbi. Men vi etterlyser meir fokus på innhald og opplevingar. Vi ser døme frå problemspeling at det ikkje nødvendigvis er talet timar ein speler som avgjer om det er problematisk. Ein bør og sjå på kva slags kjensler barn sit igjen med etter å ha vore framfor skjermen, seier fyrstekonsulent Khalid Ezat Azam i Medietilsynet.

Meir personleg

Ein ny trend er at datamaskinen ikkje lenger er felles. Frå norske barn er kring 11 år er det ikkje vanleg å dele datamaskin med foreldre eller søsken, syner tal frå EU Kids Online.

– Datamaskinar vert veldig personleg. Vi deler dei ikkje så mykje med kvarandre lenger. Vi opnar ikkje opp for at andre skal følgje med på kva vi driv med og legg ikkje opp til at nokon kan kikke på når vi held på med noko på maskinen, seier fyrsteamanuensis Elisabeth Staksrud ved Universitetet i Oslo.

Ho meiner det er ein illusjon at foreldre hadde betre oversikt over borna sin skjermbruk i felles-datamaskinen si tid, og trur foreldre kan få eit minst like godt innblikk i borna sine liv framfor skjermen no.

For at foreldre og born skal kunne ha ein god dialog når det gjeld skjermtid, oppmodar ho foreldre til å vere nysgjerrige og engasjerte.

– Ein kan ta initiativ til å gjere felles aktivitetar framfor skjermen, til dømes å spele eit spel saman. Då får foreldre kunnskap og det kan vere lettare å få til ein dialog. Borna skjønner og at foreldra deira forstår litt meir og ikkje er ”heilt digitalt nedsnødd”, seier Staksrud.