Magasinett

Utskrift

– Fuck it!

Skrive av Marit Lajord .

Eigne historiar: Thea Wangberg Sørum fortel om å miste far sin som 11-åring og Amir Murtaza fortel om mellom anna homofili i framsyninga Fuck My Life.
Død, spisevegring, rasisme, flukt, frykt og draumar. Ti oslo-ungdommar er klare for tredje runde med framsyninga Fuck My Life på Det Norske Teatret. Vi har møtt to av dei.

 

­– Stykket er nok meir moro enn tittelen tilseier, meir fuck it! For det handlar om at ein klarar seg uansett, så lenge ein ikkje gjer opp, seier Thea Wangberg Sørum. Saman med Amir Murtaza (pseudonym) og 8 andre ungdommar, framfører ho si historie på teaterscena.

Det er sex og statistikk, sterke historier, monologar og diskusjonar. Det handlar om det løynde livet til ungdomar i dag – om å sitje oppe på Facebook etter at foreldra har lagt seg, om alkohol, om homofili eller om å miste ein forelder.

I revers
– Dei melder jo oss! Å lese meldingane kjentest uverkeleg, forklarar Thea. Men før gode kritikkar, åtgaum og premieren i november i fjor, vart ungdommane plukka ut av regissør Per Olav Sørensen. Han hadde fanga opp ideen frå ei tilsvarande framsyning med ungdom frå Cork i Irland. Så reiste han rundt å møtte ungdommar frå vidaregåande skular i Oslo, høyrde deira historier gjennom fleire rundar – 500 ungdommar vart til ti.

– Eg hadde eigentleg tenkt å vera med som teknikkar og vera bak scenen, sidan eg går på media og kommunikasjon. Men så tenkte eg at her har eg jo ein sjanse, fekk avtala ein dato og kom med etter fyrste intervju, forklarar Amir.

– Då Per Olav var på skulen var eg skikkelig sjuk med influensa, men eg hadde så lyst til å vera med og hadde fått ei veninne til å skrive meg opp på ei liste. Likevel tok eg kontakt med han direkte på Facebook, og etter to rundar vart eg med, forklarar Thea.

Så vart ungdommane kjent med kvarandre i revers. Det var rett på med eigne historier.

– Frå døden til alt det andre, vi fekk gjensidig respekt for kvarandre med ein gong, forklarar Thea.

Død og digresjonar
For ein av Theas to monologar handlar om døden, om å miste eigen far som 11-åring.

– For meg er ikkje døden tabu. Mor mi har lært meg å vera open om alt.

Den andre monologen handlar om teater, med mellom anna sitat frå eit stykke. Amirs monolog er fylt av digresjonar – morosame og seriøse opplevingar, og den handlar om å vera homofil.

– Eg føler det må vera enten eller, men vil ha både òg.  Om å vera ekstremt liberal på den eine sida, om eit miljø på den andre. Eit kjærleg og varmt miljø, men samstundes dobbelt-moralsk og med baksnakking.

Kven som helst
I Fuck My Life representerar ungdommane seg sjølve. Dei presenterer det kvardagslege og det triste. Nake og ope – det ein ikkje talar om kvar dag. Dei ynskjer å påverke og å  hjelpe folk – til dømes med å kome ut av skåpet.

– Historiene kan ha skjedd med kven som helst. Publikum har kanskje ein knyttneve i magen når dei går ut. Og vi har fått veldig positive reaksjonar, til dømes frå folk kjem fram etter framsyninga, seier Thea.

– Noko av det flaue var då læraren tok med heile klassen og såg framsyninga, seier Amir.

Ein andre heim
Med prøve og talrike framsyningar har teateret vorte som ein andre heim.

– Eg har til og med sove bak scena, men ikkje heile natta altså, seier Amir. Thea går dramalinja og vil stå på scenen også i framtida.

– Eg vart dramafrelst i 2009, då eg såg Jungelboken her på teateret, og så går eg dramalinja på vidaregåande. Det er så gøy å stå på scena, og det er på dette teateret eg vil jobbe. Eller i alle fall prøve.

– Eg har eigentleg lyst til å lage film, men om eg får høyrer at eg er flink, så kan det vera eg vil stå på scena, forklarar Amir.

– Å verte meir open var noko av motivasjonen min for å verte med. Eg har i alle fall lært å sjå andre på ein meir reflektert måte, avsluttar han.

Bak scene 3: Å ta seg ein blund og å fikle med smart-telefonar er noko av livet bak scenen for ungdommane.