Magasinett

Utskrift

Samtidas trollmenn

Skrive av Tora Hope .

MOSAIKK: Harry Potter-bøkene let oss lage våre eigne oppfatningar av røynda, utfordrar autoritetar og kritiserer ein kultur som fokuserer på det ytre.   Foto: Warner Bros

Trollmenn, hekser og magi speglar samtida vår. Fantasy står ikkje lenger utanfor det gode selskap.

­– ­Kor mange gonger har du lese Harry Potter- og Ringenes Herre-bøkene, litteraturvitar Lykke H. A. Guanio-Uluru?

­­– Det har eg ikkje tal på. Dei var faktisk ikkje blant mine favorittbøker. Det som fascinerte meg var heller den fantasy-bølgja som skylde over oss med Ringenes Herre- og Harry Potter-filmane. Interessa for trollmenn vart eit globalt fenomen. Når bøkene tok så fullstendig av måtte det jo vere noko som traff folk. Men kva var det eigentleg?

Det ville Guanio-Uluru finne ut av. Nyleg avslutta ho sitt doktogradsprosjekt om Harry Potter og Ringenes Herre ved Universitetet i Oslo.

Ein åndeleg mosaikk

Både kristne og muslimar har gått til åtak på Harry Potter-bøkene, med skuldingar om okkulte og satanistiske undertonar. Dei sameinte arabiske emirata har forbode Harry Potter og de vises stein i skulen.I USA har kristenfundamentalistar kravd det same. Potter vil leie millionar av born til helvete, har det blitt hevda.

Guanio-Uluru ser litt ljosare på saka.

– Mykje av forklaringa på at Harry Potter er så populær ligg i J.K. Rowling si evne til å opne for ulike lesingar. På den eine sida har vi bokbrenningar og påstandar om at bøkene går imot den sanne religion. På den andre sida har vi dei som meiner at boka kan nyttast til å undervise i kristendom. Ein stad i midten finn vi dei som meiner at boka er sekulær og ikkje har noko med religion å gjere.

Ifølgje litteraturvitaren rommar bøkene både kristne, okkulte og sekulære referansar.

– Denne blandinga av sekulære og åndelege referansar er frykteleg interessant, og speglar på ein måte vår samtid, meiner ho.

Korleis trollmenn, hekser og tryllestavar speglar samtida vert kanskje tydelegare om vi tek ein snartur innom 60-talets trollmenn.

Ungdomsopprør og alternative idear

60-talet representerer eit skifte i den vestlege verda. Tiåret var prega av ungdomsopprør, alternative idear og brot med tradisjonen. Religionen fekk ei svakare stilling, og vart i stor grad privatisert til individuelle val framføre ein allmenngyldig samfunnsstruktur. I tillegg var 60-talet Ringenes Herre-skapar J. R. R. Tolkien si samtid.

– Etiske resonnement i Ringenes Herre samsvarar med kristen moralteori. Det kristne verdigrunnlaget i bøkene er likevel ikkje eintydig. Tolkien trekkjer til dømes på element av norrøn mytologi. I tillegg har teksten referansar til animisme, som at naturen er sterkt til stades og har sjel, seier Guanio-Uluru.

Harry Potter-bøkene er meir som ein mosaikk av religiøse referansar.

– Føniksen er eit sentralt symbol i bøkene, som globalt har ulike tydingar. I India symboliserer den reinkarnasjon. I mellomalderen var føniksen eit kristent symbol på Jesus. At kjærleiken kan overvinne det vonde, som når Harry er viljug til å ofre livet for å slå Voldemort, er i tråd med kristen etikk. Trollmannen Humlesnurr derimot, manipulerer både Harry og professor Slur. Han held sanninga skjult for å kjempe mot Voldemort. Denne ideen om at målet heilagar middelet, er sekulær. Trollmannen sine handlingar står såleis i motsetnad til kristen etikk. Slik set Rowling saman mange bilete og symbol frå ulike delar av verda og lagar eit nytt uttrykk.

Denne åndelege søkinga er eit trekk ved vår samtid, som litteraturvitaren meiner kan forklare delar av bøkene sin popularitet.

Moderne trollmenn

Ein annan skilnad mellom dei to bokseriane ligg hjå trollmennene Gandalf og Humlesnurr.

– Visdomen til Ringenes Herre-trollmannen Gandalf vert aldri utfordra. Humlesnurr går derimot frå å vere den klassiske, vise mannen til å bli eit feilbarleg menneske. Denne autoritetskritikken er eit tydeleg skilje mellom dei to seriane, seier Guanio-Uluru.

Det tyder ikkje at Tolkien er tannlaus.

– Nei. I Ringenes Herre spelar slag og kampar ei stor rolle. Hovudpersonen Frodo ender likevel opp som pasifist og nektar å slåst. Karakteren si endring er ein kommentar til verdiane i resten av teksten, meiner litteraturvitaren.

Litteraturvitar Lykke H. A. Guanio-Uluru meiner Tolkien og Rowling si meisterlege blanding av symbolikk og etikk er bøkene si styrke.

Hamskiftaren

Harry Potter-bøkene speglar altså samtida ved å la lesaren plukke dei referansane ho ynskjer, og setje saman si eiga verdsoppfatning. I tillegg har Rowling ein viktig bodskap til lesaren.

Gudfaren til Harry er ein animagus. Han kan forvandle seg til ein hund. Rotta til Ronny viser seg å vere mannen som sveik foreldra til Harry. Harry, Ronny og Hermine kan sjølv forvandle seg til noko anna ved å drikke polyksir.

– I Ringenes Herre er dei vonde orkane stygge, medan dei gode alvane er vakre. I Harry Potterer ikkje karakterane sine moralske verdiar synlege på utsida. Vi kan ikkje vite kven folk er innerst inne. Professor Slur ser ut som ein sleiping, men arbeider heile tida for å beskytte Harry.

Hamskiftinga er ein medviten beskjed frå forfattaren, meiner Guanio-Uluru.

– Rowling er sterkt imot intoleranse. Å ikkje dømme andre er ein kjerneverdi for henne, kanskje fordi ho sjølv har opplevd å bli sett i bås, då ho var åleinemor og mottok sosialstønad. Denne bodskapen er sterk i teksten, og er ei åtvaring mot ein kultur som fokuserer på det ytre.

Treet som moralens vaktar

I Ringenes Herre er treet eit sterkt symbol i kampen mot det vonde. Trea marsjerer mot det vonde, som moralske vaktarar. I tillegg er tilknytinga mellom alvane, som har ei høg stjerne hjå Tolkien, og trea sterk. Og ikkje nok med det – i Silmarillion, mytologien for Midgard, er trea ljoskjelda i verda.

– Tolkien har ein tydeleg forkjærleik for tre. Treet er eit sentralt symbol i teksten, med mange ulike meiningar. Også forteljarstrukturen i Ringenes Herre startar som ein stamme med Ringens brorskap, og forgreinar seg til ulike forteljingar når brorskapet vert splitta. Tresymbolet finn vi altså igjen i sjølve måten historia vert fortalt på.

Guanio-Uluru meiner dei sterke symbola er ein viktig grunn til at seriane har blitt så populære.

– Måten symbol og innhald samsvarer så godt er noko av det som gjer at bøkene treffer så mange.

Inn i det gode selskap

Fantasy har tidlegare vore nokså uglesett i akademiske krinsar. Sjangeren oppstod som ein reaksjon på rasjonalismen på 1800-talet, og har sterke innslag av folkekultur og mytar.

– Det har vore eit skilje mellom finkultur og populærkultur, og mykje av akademia si stemoderlege behandling av sjangeren kjem nok av at fantasy er populærkultur. Men fantasy tvingar seg fram. Når desse bøkene blir så populære må også forskarar ta dei på alvor, seier litteraturvitaren.

FORGREINING: Ringenes Herre-bøkene trekk på ulike åndelege impulsar, men har eit kristent verdigrunnlag. Foto: Filmweb