Magasinett

Utskrift

Skriv for dei som ikkje vil lese

Skrive av Marit Lajord .

Terje Torkildsen. Foto: Espen Gees

Det handlar om klisjear, kunstsyn og ein kamp mot seg sjølv. Forfattar og dobbel Uprisen-vinnar Terje Torkildsen skriv for ungdommar som ikkje vil lese.

 

– Det er viktig å få litteraturen fram til den som skal lese den. Og ungdommar som ikkje vil lese treng bokopnarar, ikkje mange, men dei treng nokon, forklarar forfattar Terje Torkildsen. Han er aktuell med årets Upris-føredrag under Litteraturfestivalen på Lillehammer, som også står på trykk i siste utgåve av Syn og Segn under overskrifta ”Sex, action, bannskap og ansvar”.

– Eg har sjølv ein bakgrunn, der det å lese ikkje var naturleg, seier Torkildsen. I teksten skildrar han ein heim utan mykje tradisjonell skjønnlitteratur, kompisar som ikkje las bøker, og han skriv at Der eg gjekk på ungdomsskulen, fekk me ikkje vitnemål, me fekk rulleblad. Torkildsen oppsøkte litteraturen sjølv. Han gjekk på biblioteket.

– Lesing har fått mykje å seie for livet mitt, og eg meiner det er veldig viktig å lese, forklarar Torkildsen. Derfor byrja han skrive for dei som ikkje vil lese. 

Dei som ikkje les
Torkildsen er sjølv utdanna norsklektor, og som forfattar reiser han mykje rundt på skulebesøk. Der møter han ungdommane som ikkje vil lese.

– Dei er ikkje spesielle ungdommar, for kanskje halvparten av ungdomsskuleelevane les ikkje utanom det dei må. Eg har vore i klasse, der eg har spurt kven som har lese ei bok den siste månaden, og 15 prosent har rukke opp handa, forklarar Torkildsen.

Merkar du sosiale skilnadar mellom dei som les, og dei som ikkje gjer det? 

– Som forsking har vist er skilnadane tydelege og eg merkar det på skulebesøka. Mellom ulike strok i byane, på utdanningsnivået åt foreldra, eller på sjølve kulturen i området.

Ansvaret
I år har Norsk Litteraturfestival på Lillehammer ansvar som tema. For Torkildsen handlar det om ansvaret for å få ungdom til å lese bøker. Å gje ungdommane desse bokopnarane, opne døra inn til resten av litteraturen.

Kven sit med ansvaret?
– For det fyrste har kvar einskild sjølv eit ansvar for å lese – for å setje seg inn i perspektiva til andre menneske. Men lærarar, bibliotek og forlag har betalt for dette, forklarar Torkildsen. Han peikar på stor variasjon kring biblioteka, om det i det heile er eit skulebibliotek og kor vidt bibliotekarane klarar finne fram til dei rette bøkene for dei som ikkje vil lese. Han peikar også på skulen, og i teksten skriv han at Dei fleste lærarane var meir opptekne av kva som stod i Se og Hør enn kva som stod i Syn og Segn, meinte eg.

– Tidligare vart ein gjerne norsklektor fordi ein var oppteken av språk og litteratur. No vert ein gjerne norsklektor fordi ein er glad i barn. Med det har ein fått noko, og mista noko. Men det har skjedd positive ting i skulen, som auka fokus på leselyst. 

Kunstnarrolla
For Torkildsen har også forfattaren eit ansvar, for å skrive for målgruppa. Noko han meiner kan stride mot den kunstnariske fridomen.

– Dette handlar om kunstsyn, om eit dogme om den romantiske kunstnarrolla, som vert lite diskutert, forklarar han. Og peikar på den kanoniserte litterære kvaliteten, som rettar seg mot ein elite av forfattarar og lesarar. I teksten skriv han om dei fyrste attendemeldingane frå forlaga om manuset til Marki Marco: Dei sakna djupare og meir utfyllande skildringar, særleg av kjenslene til hovudpersonen. Boka kom til slutt ut på Samlaget, og sikra Torkildsen Uprisen.

LES OGSÅ: Spennande, men ikkje heilt overbevisande

Er det for mykje fokus på kjensler?

– Også dette handlar om det romantiske kunstsynet. Skildringar er nedfelt i skulen og språket elles, som uttrykk for kva som er kvalitet. Dette er også noko av grunnen til at gutane gjer det dårlegare i skulen, dei skriv meir forteljande tekstar. Jentene er gode på skildringar, som er det skulen premierar.

Verdas beste
Manuset til Marki Marco vart fyrst lese av ungdomsskuleelevar i Stavanger, kapittel for kapittel og med attendemeldingar etter kvart. Før han starta tenkte han: Viss eg skal skriva verdas beste roman for ungdom på nynorsk, ei bok som fengjer dei som ikkje vil lesa, korleis skal den boka vera? Og kom fram til mykje action, banning, sex og spørsmål om liv og død. Nokre hypotesar stemte, andre ikkje.

– Det var ein kamp mot meg sjølv, for det kunne ikkje handle om meg. Eg merka det til dømes med å måtte droppe dei litterære skildringane, det måtte vera berre musklar - ein tekst utan skjelet.

Torkildsen tok attendemeldingane frå elevane på alvor, mellom anna ved bruken av humor.

– Humor er undervurdert i ungdomslitteraturen. Det er også i finkulturens fy-boks – noko som høyrer til i revyane, ikkje på teaterscenene.

Les også: Ei drivande god framtidshistorie

Klisjeane
I ungdomsbøkene sine er Torkildsen er oppteken av retorisk kvalitet, som eit motstykke til litterær kvalitet. 

– Å skrive litterært handlar om å unngå klisjear, og om originalitet. Skal ein skrive for dei som ikkje har lese før må ein tenkje motsett. 14. åringar forstår ikkje ekspriminalitet.

Torkildsen meiner mange ungdomsforfattarar vågar litt lite. Til dømes å stille spørsmål om liv og død. At dei er redde for at det skal bli før drygt.

– Klisjear handlar om kor mykje du har fått med deg frå før. Og alle likar dei store forteljingane – havet, døden og kjærleiken, avsluttar Terje Torkildsen.

FAKTA

UPrisen
- Litteraturpris der ungdom sjølv kårar årets beste ungdomsbok.

•  Juryen består av seks 9. klassar frå heile landet.

• Delt ut årleg sidan 2007, i eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival og Foreningen !les

• Terje Torkildsen vann prisen i 2009 for Marki Morco, og i 2012 for Dystopia III

• Vinnarar 2013: Marianne Kaurin med Nærmere høst, og Ellen Fjestad med Høyere enn himmelen