Magasinett

Utskrift

Kva er det eigentleg med Elvis, Elvis?

Skrive av Atle Berge .

Inspirert av spalta «Det djupe alvoret» i Dag og Tid, kjem Magasinett framover til å stille dei mindre viktige spørsmåla om kva det er å vere menneske. Først ut: Stig Elvis Furset, Elvis-imitator.

 

– Elvis er alt. Det er ingen songarar som har meistra så mange sjangrar som Elvis. Han kunne synge napolitanske songar med like stor truverd som han song den djupaste sørstatssoul. Du skal ha veldig sær smak for ikkje å finne noko du likar hos Elvis. Der er noko for alle, samstundes som han setter sitt personlege preg på alt han gjorde. Du lurer ikkje på om det er andre som synger når Elvis synger. Og meir enn nokon anna artist er han Amerika. Han symboliserer alt som er godt med dette landet: den opne haldninga mot omverda, smeltedigelen og mangfaldet, dei sterke kjenslene, det storslagne, trua på at det umulige er mulig, og heilt til sist, demokratiet!

 

Demokratiet?!

Ja, Elvis har betydd meir for utviklinga av det vestlege demokratiet enn nokon annan kunstnar i vårt hundreår. Utan Elvis ville vi hatt eit heilt anna samfunn. Eit meir kjedeleg og konformt samfunn. Til forskjell frå blant anna Beatles, Dylan og James Brown, er ikkje Elvis annektert av dei venstreintellektuelle. Noko av det beste med Elvis er at han har så befriande lite appell blant desse humørlause SV-nudistane.

 

– Elvis! No kjenner eg på pulsen at du skal vere glad for at eg er ein blodfattig, hobbyintellektuell pasifist. Dette er ikkje kommentarfeltet til Dagbladet, men eit intervju om dei viktige tinga i livet. Nettopp derfor spør eg deg: Når begynte Det? Når møtte du Elvis, Elvis?

– Eg møtte Elvis i 1973. Eg var seks år gammal, og såg Aloha From Hawaii-showet på fjernsyn heime i rekkehusleilegheita vår på Husnes. Vi hadde naturlegvis berre svart/kvitt-fjernsyn. Og det var som om tilværet først fekk farge etter at eg såg Elvis den gongen. Sidan har vi heldt saman.

 

– Dei som har hatt gleda av å sjå deg framføre The King, veit at det er like mykje Karate Kid som Kjell-Elvis. Korleis kom du fram til denne uortodokse stilen?

– No hadde Elvis svarte belter i karate, berre så det er sagt. Og karate var ein naturleg del av sceneshowa hans på 70-talet. Men det stemmer sikkert at stilen min ser uortodoks ut. Det har sikkert vel så mykje med hårsveisen min å gjere som karate, trur du ikkje? (Definitivt!) Men kort sagt, så prøver eg å gjere Elvis slik som han ville gjort det viss han var meg, og ikkje som om eg er Elvis. For det finst berre ein Elvis.

 

– Karatesparka er ein måte å markere distanse?

– Distanse? Er det noko Elvis IKKJE handlar om så er det distanse. Elvis er NÆR. Men eg bruker karaten som ein liten avleiingsmanøver, det er sant, slik at folk ikkje skal oppdage at eg har ei sterkt avgrensa songstemme før showet er ferdig.

 

–  Du skal gifte deg i Las Vegas i sommar. Det er vel Elvis si skuld det óg, reknar eg med … På kva måte kjem han til å prege bryllaupet?

– Elvis kjem til å vere den tredje hovudpersonen, forutan meg og forloveden min, Mari, som også er Elvis-fan. Vi giftar oss i Graceland Wedding Chapel i Las Vegas av same grunn som andre giftar seg i kyrkja. Dei står framfor Gud og Jesus med ekteskapsløftet. Vi står framfor Elvis. Litt meir sexy, synest du ikkje?

 

– Eg veit ikkje. Eg kjem frå ein sånn nudistisk SV-heim.

Er du sur?

 

– Nei, berre litt humørlaus.

– Typisk.

 

– Men Elvis, før intervjuet havarerer: I tillegg til å dyrke Elvis, er du ein av landets mest dedikerte litteraturformidlarar, og «hardcore» Brannsupporter. Kva er det eigentleg kjærleiken din til det mange vil kalle ubetydelege fenomen – altså Elvis, ungdomslitteratur og Sportsklubben Brann – tilfører livet ditt som alle dei andre – utslitt av ungar og meiningslaust arbeid, dopa på Paradise Hotel og Urix – aldri opplever?

– Hehe. Eg likar at du setter likskapsteikn mellom Paradise Hotel og Urix på den måten. Det ville aldri ein kvasiintellektuell Morgenbladet-journalist gjort.

 

– No prøver du berre å smiske meg blid igjen. Svar på spørsmålet.

– Kva var spørsmålet?

 

– Kva Elvis, Brann og bøkene gir deg som mange andre aldri få oppleve?

– Elvis, Brann og ungdomslitteratur tilfører livet mitt ei erfaring som ikkje verkelegheita kan gripe. Kall det gjerne ei religiøs erfaring. Eller for å seie det med Pauli-ord: dei gjer det usynlege synleg. Så betydningsfullt er det ubetydelege.