Magasinett

Utskrift

Bur de i lavvo med parabol og internett?

Skrive av Marit Lajord .

Sara Christine Eira framfor gamma, som er del av den tradisjonelle vinterbuplassen i Sápmi Park.

Sara Christine Eira (21) frå Karasjok meiner mange nordmenn kan for lite kunnskap om det samiske. No har ho sumarjobb med formidling av samisk kultur, språk og historie. 

 

– Eg søkte jobb her fordi eg har mykje å bidra med, og eit godt grunnlag for å formidle samisk kultur og historie. Eg er sjølv samisk, og samisk er morsmålet mitt, seier Sara Christina Eira. For andre år på rad har ho sumarjobb med Sápmi Park i Karasjok, der ho mellom anna syner film, driv formidling på tradisjonelle samiske buplassar og driv turistinformasjon.  

– Noko av det eg likar best, er høve til å jobbe med menneske. Så får eg gå med kofte kvar dag, og det er mange turistar som vil fotografere meg i den, seier Sara Christine. Men ho nyttar ikkje si vanlege kofte, med blå botn og av ull, med finare silketørkle og sylv i beltet, som er den ho pyntar seg med.

– Dette er meir ei kose-kofte.

Med eit pluss
Noko Sara Christine ynskjer å formidle, er at samane lever som alle andre.

– Vi bur ikkje i lavvo, brukar ikkje kofte kvar dag og går ikkje på eigne skular. Spesielt det med skulesystem er mange utanlandske turistar opptekne av.

Ho tykkjer også mange nordmenn har for lite kunnskap om det samiske, sjølv om ho understrekar at det ikkje gjeld alle. Ho føler utanlandske turistar i nokon grad er meir audmjuke.

– Eg studerer i Tromsø, når eg fortel at eg er samisk får eg spørsmål om korleis vi har det og om vi bur i lavvoar med parabol og internett. Men sanninga er jo at vi lever som alle andre med litt pluss, som språket vårt.

Sjølv har Sara Christine ikkje opplevd negative reaksjonar på å vera samisk, men mange andre ho kjenner har fått slengt stygge kommentarar.

– Nokre tullar lett med det, men det tek eg meg ikkje nær av, seier ho.

– Mange turistar spør om kofta eg har på meg, seier Sara Christine.Spør om veret
– Turistane vil gjerne lære meir om samane, fortel Sara Christine. Og dei har mange spørsmål – om kofta, språket og alfabetet, og om veret.

– Dei spør masse om veret, spesielt om kor kaldt det vert her om vinteren.

Sara Christine studerer til vanleg i Tromsø, og tykkjer det er godt å kome heim til sumarjobben i Karasjok.

– Sjølv om eg jobbar mykje, er det noko anna enn å studere og eg har fri når eg er ferdig for dagen. Etter å ha budd ute i snart to år merkar eg kor glad eg er i Karasjok. Væremåten er meir avslappa, og så er det lettare å kome seg ut i naturen. Så eg ynskjer å kome attende når eg vert eldre, avsluttar Sara Christine Eira.

Faktaboks – Karasjok

- Kommune i Indre Finnmark.

- Noregs nest største kommune målt i areal.

- Om lag 90% av 2700 innbyggjarane talar samisk, og kommunen er tospråkleg.

- Omtala som samanes ”hovudstad” i Noreg,  med levande samisk kultur og institusjonar som Sametinget.

- Sápmi senter er ein samisk temapark i Karasjok, som formidlar samisk kultur på ulike måtar.