Magasinett

Utskrift

– Ikkje ver redd for døve!

Skrive av Kristine Askvik .

 

Ingelin Steen (18) og Martin Berhovde (21) er begge sterkt høyrselshemma. Dei oppmodar høyrande og ikkje-høyrande til å ta meir kontakt med kvarandre.

 

 

For nokre dagar sidan avla Ingelin Steen og Martin Berhovde sine siste eksamenar ved Nordahl Grieg vidaregåande skule i Bergen. No har dei heilt fri og er ferdig med høvesvis studiespesialisering og allmenn påbygg.

– Det er berre så fint å endeleg vere ferdig, nærmast strålar Ingelin. 

Når Ingelin og Martin snakkar saman bruker dei både stemmen og teiknspråk. Dei har augekontakt når dei skal forstå kva den andre seier. 

Eigentleg høyrer dei svært lite, men med hjelp frå høyreapparat klarer dei å høyre litt.

– Eg høyrer det som er frå 90 desibel. Då høyrer eg til dømes ikkje eit pressluftbor på ti meters avstand, fortel Martin.

 

Foreldra han oppdaga at han var nær døv då han var to år gammal. Ingelin var også to då det var oppdaga. Ho er adoptert frå Kina til Noreg og den svake høyrsla vart fyrst oppdaga då ho kom til Noreg.

– Heilt frå eg var heilt liten har eg vore i eit miljø både for døve og for høyrande. Eg tenkjer ikkje at det er noko spesielt med meg, anna enn at eg treng at ting blir lagt til rette på ein spesiell måte grunna høyrsla, fortel ho.

 

Martin har tidlegare gått på skule i klasse med berre døve og har han har jobba på arbeidsplass med berre høyrande.

– Eg likar å både vere i eit miljø med høyrande og i døve-miljøet. Eg tykkjer det er viktig at ein har god kontakt med kvarandre. Ofte kan det kanskje vere slik at ein ikkje tør å ta kontakt, men det er berre å hoppe ut i det, seier han.

 

Ingelin er einig:

– Dei ikkje-høyrande er redde for å verte misforstått og det er dei høyrande òg. Eg trur det er viktig å vere litt open om det og sosial, då er det lettare.

 

Nordahl Grieg vidaregåande skule er ein av fire såkalla knutepunktskular i Noreg for døve og sterkt tunghøyrde elevar. Skulen dekker Vestlandet, men har òg elevar frå andre delar av landet. Dette skuleåret har tretti døve og tunghøyrte elevar gått på skulen.

 

Dei tretti går i ulike klasser, alt etter kva fag og line dei ynskjer å gå på. I nokre basisfag er dei samla. Ute i klassene og gruppene vert det lagt til rette på ei rekkje ulike måtar. Kvar einskild elev får eit opplegg som passer dei, om det er å få FM-signal rett inn i høyreapparatet, at læraren snakkar i høgtalar, å få ting skriftleg i staden for å sjølv måtte ta notat til dømes. Mange lærarar kan òg teiknspråk og brukar dette saman med tale når dei kommuniserer.

 

Og kanskje det aller viktigaste, skulen vektlegg å ha tolk tilgjengeleg for elevane. 14 tolkar jobbar ved skulen.

– Eg er akkurat som alle andre, det er berre det at eg alltid har to damer bak meg, seier Martin og flirer. Og heilt riktig, rett ved sidan av han sit to av skulen sine tolkar. Dei overset direkte alt som vert sagt i rommet, slik at Ingelin og Martin får med seg alt sjølv om ikkje høyreapparatet skulle fange det opp.

 

Med sosiale media og mykje informasjonsutveksling som går føre seg på nett, har det vorte lettare for dei døve å kommunisere med høyrande.

– I klassen brukar vi til dømes Facebook når vi skal få beskjeder og liknande, seier Ingelin. Det er òg vanleg å bruke felles dokument å jobbe i, der fleire kan gå inn og redigere i same dokument.

 

Tradisjonelt meiner Ingelin og Martin at mange døve og tunghøyrde at valt å studere og jobbe innan helse - og sosialfag. No håpar tida er inne for å banke på nye dører.

– Eg har søkt BI og har vore på møte med dei om korleis dei kan legge til rette for meg. Det blir spanande å sjå om eg kjem inn. Dei hadde aldri hatt høyrselshemma søkjarar før, fortel Ingelin.

 

Ein slik beskjed fekk òg Martin då han kontakt Norges Handelshøyskole.

– Dei sa dei ikkje hadde vore borte i utfordringa før, men at dei gjerne ville vite kva dei kunne gjere for å leggje til rette for studentar som meg, seier Martin.

 

På skulen dei no har gått det siste året, er vanleg å sjå teiknspråk verte brukt i kantina, klasserommet eller i gangane. Alle elevane er òg blitt vant med å sjå tolkar i aksjon. Ingelin og Martin håper fleire døve og høyrande kan ta kontakt med kvarandre.

– Det er viktig å få fram at det er jo ikkje noko gale med oss. Vi er jo ikkje dumme, vi kan berre ikkje høyre så godt, seier Ingelin og ler.