Magasinett

Utskrift

– Handlar ofte om forboden kjærleik

Skrive av Øystein Espe Bae .

Guri Melby er stortingskandidat for Venstre. Foto: Venstre

For Guri Melby (V) har romanar om individets manglande valfridom påverka hennar politiske liv mest.

Kva skjønnlitterær bok har du lese som har påverka det politiske standpunktet ditt eller verdiane dine i størst grad?

– Dei bøkene som har engasjert meg aller mest er bøker som handlar om korleis samfunnet set klare rammer for korleis vi kan leve liva våre, og kva val vi har fridom til å ta.

– Ofte handlar det om forboden kjærleik, og om menneske som ikkje får kvarandre på grunn av ting dei sjølv ikkje rår over. Før i tida handla det ofte om dei avgrensa høva kvinner hadde til å velje den mannen dei elska i staden for han som gav dei økonomisk tryggleik, slik som i Jane Austens mange romanar eller vår eiga Camilla Colletts Amtmandens døtre (1854-55).

Kva så med bøker frå seinare tid?

– Det er også fleire moderne romanar som handlar om den same tematikken, sjølv om det i dag er andre tilhøve som legg avgrensingar på vala til individa. Torgrim Eggens Hilal er eit godt døme på ein roman som tek opp utfordringane knytt til kjærleik på tvers av kultur og etnisitet.

På kva måte då?
– Boka handlar om DJen Thomas, som blir forelska i dottera til den pakistanske kjøpmannen i nabolaget, og han skildrar veldig godt dei utfordringane dei møter. Sjølv om boka snart er 20 år gammal, meiner eg enno ho er veldig aktuell. Ei anna bok som tematiserer om ikkje akkurat forboden kjærleik, så i alle fall kjærleik som er vanskeleg, er Tore Renbergs Mannen som elsket Yngve, som på ein engasjerande måte viser kor vanskeleg det kan vere å finne ut at ein er forelska i ein av same kjønn. 

– Kven vi forelskar oss i og ynskjer å vere saman med, burde vere eit personleg val, men i alle samfunn og til alle tider har normer, reglar og verdiar vore med på å avgrense vala til individa, og desse bøkene viser veldig godt kva slags konsekvensar desse avgrensingane kan få for den einskilde. 


Korleis har du som politisk person hatt høve til å påverke relevante politiske prosessar på det tematiske feltet som bøkene du nemner handlar om?

– Venstre er eit liberalt parti som tek utgangspunkt i at kvar einskild må få lov til å leve liva sine slik dei vil, så lenge det ikkje går utover nokon andre. Dessutan meiner vi at staten bør blande seg minst mogleg inn i det som handlar om høgst personlege val, som kven du skal leve saman med. Difor har vi lenge kjempa for homofile sine rettar, mellom anna retten til å inngå ekteskap og adoptere born slik andre ektepar kan gjere. Vi har òg kjempa for at det skal vere lettare for folk som kjem frå ulike land å vere saman, blant anna ved å gjere det mogleg for folk som er frå land utanfor EU å søke om visum for å vere saman med kjærasten sin i Noreg, og gjennom å sikre at fleire kan få familiegjenforeining.

– Elles jobbar vi generelt for eit meir liberalt samfunn der folk får større valfridom, der mangfald blir sett på som ein positiv verdi, og der du blir møtt med toleranse og aksept for vala dine sjølv om du ikkje gjer som alle andre.

For mange unge veljarar framstår kanskje det å lese ei skjønnlitterær bok som både irrelevant og lite spanande. Korleis skal unge bli inspirert til å lese?

– For å bli glad i å lese, er det viktig å få mange røynsler med god litteratur frå ein er born, og at ein får ei god leseopplæring på skulen som sikrar at ein har gode nok lesedugleikar til å lese dei bøkene ein har lyst til å lese. Gode og inspirerande lærarar som held seg oppdatert på ny litteratur for ungdom er avgjerande, og eg meiner at ein på skulen bør prioritere å finne bøker som høver for den einskilde framfor å bruke masse tid på å pløye gjennom alle klassikarane.

– Eit anna viktig tiltak er å gi unge god tilgjenge til litteratur gjennom gode bibliotek med flinke bibliotekarar som kan rettleie og gi gode råd, og som veit kva for bøker som fenger ungdom, avsluttar Melby.

Fakta:

Fullt namn: Guri Melby
Alder: 32
Parti: Venstre
Fødestad: Orkdal
Utdanningsbakgrunn: Mastergrad i nordisk frå NTNU
Visste du? Jobbar ved Høgskulen i Oslo og Akershus